«Bannskap og griseprat på NRK»
Far og fotballtrenar Ståle Hatlelid har klaga banning i NRK inn for Kringkastingsrådet.
- På den eine sida er det gale å vise kors. På den andre sida florerer bannskap og griseprat, seier den oppgitte faren frå Hornindal i Nordfjord.
Etter å ha høyrt at NRK Sørlandets nyhendeopplesar Siv Kristin Sællmann ikkje fekk bruke krossmykke, sette han seg ned og skreiv brev til NRK.
Sjølv hadde han sett underhaldningsprogrammet «Ikke gjør dette hjemme» der programleiarane Rune Nilson og Per Olav Alvestad boltrar seg i elleville forsøk som å teste kva som skjer når ein slepp ut gass i eit rom med levande lys. Han reagerte på banninga i programmet.
«Kva i NRK sine retningslinjer eller lovverk tilseier at ein programleiar (og for så vidt også deltakarar) kan nytte bannskap ukritisk, mens ein programleiar med eit lite kors i halsgropa ikkje kan bruke denne type smykke?» spør Hatlelid i brevet til Kringkastingsrådet.
Dårleg signal
- Hadde du reagert på banninga viss det ikkje vart kjent at ein nyhendeopplesar ikkje fekk bruke kross?
- Eg har reagert i lenger tid, men ikkje sendt inn før. Eg forstår ikkje at det ikkje skal vere råd for folk flest å få fram bodskapen utan å ty til bannskap, seier Hatlelid.
- Er det ikkje skilnad på ein journalist som skal formidle nyhende upartisk og eit underhaldningsprogram med høg adrenalin?
- Eg aner ikkje kva førehandsinformasjon deltakarar i ulike program får frå NRK i forhold til ordbruk. Det blir forflata. Eg slår ofte av fjernsynet. Eg gidder ikkje å høyre på det. Det er eit dårleg signal til born. Det verkar som om bannskap er ein del av oppdraginga.
- Vi er medvitne
Hatlelid er fotballtrenar for gutar på 13 og 14 år. Både på trening og kamp legg dei vekt på språket ikkje skal støyte med- og motspelarar. «Det er då tragisk å sjå at NRK i program etter program serverer ein språkbruk som går i stikk motsett retning», skriv Hatlelid i klagen.
Programsjef Ida Kvissel i NRK seier til ABC Nyheter at banning er eit tilbakevendande tema dei er medvitne på, men at det ikkje står noko banning i NRKs språkreglar. Ho omtalar «Ikke gjør dette hjemme» som «ekstrem-tv».
- Pulsen og adrenalinet er rett og slett litt høgt, seier Kvissel.
Vil uttale seg
Hatlelid er ikkje åleine om å klage på språkbruken. Kringkastingsrådet skal måndag handsame til saman tre klager på bannskap i NRK.
Kringkastingsrådet vil truleg uttale seg om klagene på språkbruk i møtet på måndag, opplyser rådssekretær Erik Berg-Hansen i juridisk avdeling i NRK til Dagen.
- Det blir truleg ein grundigare debatt på nyåret. Då skal også NRKs språkstyre ta opp banning. Vi tek banning på største alvor, men ser at tida blir knapp i møtet på måndag, seier han.
Torsdag føremiddag hadde det kome inn 85 klager på kross-saka til Kringkastingsrådet. Saka vil ta mykje av tida i møtet måndag.
DAGEN