Bar på ein draum utan einsemd
– Det har vore krevjande å ta alle avgjerder åleine, seier Annbjørg Barane.
Ho har fylt 81 år og likar ikkje å bli snakka til som ei gamal dame.
– Diktaren Dagny Tande Lied skreiv at «et hjørne av mitt hjerte er ennå tyve år». Eg kjenner meg ikkje akkurat som ein 20-åring, men eg føler meg ikkje gamal mentalt. Her er det nok usemje mellom kjensle og kjensgjerning. Og eg registrerer kva andre meiner.
Eige hus
Barane tek imot meg i det vesle, raude huset på Brattholmen utanfor Bergen. Ho var 51 år gammal då ho omsider kunne flytte inn i sitt eige. Ho minnest at det var vanskeleg å sove den første natta - av berre glede. Endeleg hadde ho ein plass der ho høyrde heime.
På veggen i stova og gangen heng broderi og bilete av den nære slekta; søsken, tantebarn og grandtantebarn. Barane stifta aldri eigen familie.
– Det var eit sakn som har vorte lindra med åra, seier ho.
På salongbordet ligg eit bilete av henne som 20-åring. Jenta på biletet har pynta seg med perleband og kjole. Ho er ny på håret, har glimt i auga og eit strålande smil.
– Eg var i Bergen på gjennomreise og hadde pynta meg. Eg gjekk på lærarskulen på Stord den gongen, minnest ho.
– Kan du hugse kva du drøymde om?
– Ja, sei det. Draumen var å bli lærar. Då eg gjekk på Framnes ungdomsskule, var det fleire av lærarane der som anbefalte meg å søkje lærarskulen. Dei trudde det kunne vere vegen for meg. Ingen av dei hadde tittelen «rådgjevar», men dei var det likevel. Dei bekrefta noko eg sjølv hadde ei aning om.
Singel
Som dei fleste andre i den alderen ønskte ho seg familie og vener.
– Gjekk det slik du drøymde?
– Både ja og nei. Eg fekk utdanning og arbeid. Eg vart sjølvhjelpen og har klart meg nokonlunde bra i livet, men eg fekk aldri eigen familie. Draumen eg bar på den gongen inneheldt ikkje noko om einsemd, legg ho til.
Barane har hatt eit stort nettverk, men har likevel kjent på einsemda. Ikkje minst har det vore krevjande å ta alle avgjerder åleine og ha ansvar for seg sjølv i alle livets situasjonar.
– Til tider har eg ikkje hatt nokon å vere med, men det kan ein jo oppleve sjølv om ein har familie. Desto viktigare har det vore for meg å ha kontakt med søsken, tantebarn og grandtantebarn. Det er godt å ha nokon å vere glad i og som er glad i meg.
– Korleis er det å vere singel i godt vaksen alder?
– Det blir færre å forhalde seg til, for familiemedlemmer og vener døyr. Eg har mista far, mor, bror og svoger. Heldigvis har eg framleis ei søster som bur like ved. Eg er meir tilfreds i dag og har falle til ro i det å vere ugift. Kanskje skuldast det at eg møter folk på eigen alder som har opplevd å miste ektefellen og er i same situasjon som eg.
«No må du finne deg nokon»
Draumen om å finne nokon å dele livet med har ho lagt bak seg, men han var der til langt opp i vaksen alder. Det var utfordrande på fleire måtar.
– Ikkje minst presset og forventningane frå andre. «No må du finne deg nokon,» kunne folk finne på å seie. Eller: «Når blir det din tur?» Det var mykje utidig mas, og det kunne vere eit sakn å ikkje vera den næraste for nokon, seier ho.
Ofte når ho høyrer familiefolk presentere seg, får ho inntrykk av at dei har identiteten sin i ektefelle, barn og barnebarn.
– Slik er det ikkje for meg. Eg må ha identiteten min i meg sjølv. Eg er berre meg.
Første kvinne
Då Barane gjekk av med pensjon, hadde ho lagt bak seg 45 år som lærar. Først i den offentlege skulen, deretter 17 år på Kongshaug Folkehøgskule. Der var ho endåtil og rektor i fire år.
Seinare vart ho lærar på Bildøy bibelskule. Ho var den første kvinna i Indremisjonsforbundet som var fast tilsett på full tid som bibellærar.
Sjølv hadde ho aldri gått på bibelskule, men ho hadde grunnfag i kristendom. Mykje tid gjekk med til å førebu timane i Det nye testamente, sjelesorg og etikk. I alle desse åra gledde ho seg over å ha fellesskap med unge menneske.
– Har du framleis kontakt med gamle elevar?
– Eg møter dei stadig, nesten kor eg drar. Eg har trass alt jobba på internatskule i 34 år og har vore i kontakt med rundt 3.500 elevar.
Sosiale medier
Nokre av dei har ho kontakt med via Facebook. Den eldre forkynnaren har funne ein ny talarstol på sosiale medier. Nesten kvar veke legg ho ut ein kort refleksjon der ho kanskje løftar fram eit ord frå Bibelen. Ofte får ho tilbakemeldingar frå folk som seier at det fekk bety noko for dei.
– Det er givande. Eg har gjort det til bortimot ein vane å leggje ut litt i byrjinga av veka. Det kan vere noko eg har tenkt eller opplevd. Ofte er det knytt opp til eit bilete.
Barane er oppteken av sosiale medier og meiner ho brukar for mykje tid på det.
– Facebook er nok det som tek mest tid. Det er kjekt å følgje med på kva andre legg ut. Eg lurer på kva eg visste om andre før eg fekk Facebook, seier ho.
Vekking i lufta
Trua på Jesus har vore eit fundament i gode og vonde dagar. Med unntak av konfirmasjonsalderen, har ho rekna seg som kristen heile livet.
– Eg var veldig usikker på den tida, men på ei møteveke fekk eg ta imot Jesus.
Ho hugsar at folk strøymde til møta. Det låg vekking i lufta. Då talaren var ferdig og skulle dra, stod ho i døra og sa «takk for no». Då ho såg Annbjørg, ville ho vite om ho var ein kristen.
– Eg veit ikkje, svara ho.
– Vil du bli det no?
– Ja.
Det var det heile. Så snakka dei saman og bad i lag. Det skjedde i februar i 1953. Sidan har ho kalla seg kristen.
– Kor viktig har trua vore for livet ditt?
– Ho har vore retningsgivande. Den første tida, i tidleg ungdom, var nok trua meir lovisk og streng, men etter kvart har eg fått ei meir evangelisk tru der eg får kvile i det Jesus har gjort for meg. Trua har blitt mindre krav og meir ei gåve. Til trua høyrer det også eit bøneliv. Heller ikkje det er så krampaktig lenger. Vi snakkar saman, Jesus og eg. Eg får nevne både meg sjølv og andre for han.
Mindre krampaktig
– På kva måte har det blitt mindre krampaktig?
– Før opplevdest det som eit krav: du må be! Og så må du bekjenne. Sjølv var eg usikker på om eg hadde bekjent alt for Gud. I dag tenkjer eg at eg stadig får leva i tilgjevinga. Synda er sona. Eg er frelst, frikjent, rein og skuldfri. Eg står i nåden og har fred med Gud, oppsummerer ho.
Når ho ser seg tilbake, tenkjer ho at livet først og fremst har vore rikt og godt.
– Eg har hatt stor glede av å møte mange flotte og interessante menneske, både unge og eldre. Menneske er til for kvarandre. Vi er ei gåve til kvarandre, og kanskje også ei oppgåve.
Sjølv har ho vener i ulike aldrar og opplever det som betydningsfullt. Kven som viser seg å vere dei verkelege venene, finn ein ut når livet røyner på, har ho erfart.
– Alle har ein bakke å gå og ei bør å bere. Derfor er det viktig at vi respekterer kvarandre utan å dømme, for det er så mykje vi ikkje veit om kvarandre.
– Gjer godt å få le
– Kva er du takknemleg for?
– For livet og for at eg har det så godt. Eg takkar for at eg får vere eit Guds barn og for at eg har blitt bevart i trua. Eg takkar for bra helse, trass i alder, sjukdom og skade undervegs. Eg takkar for kvar dag eg får stå opp og stelle meg sjølv og for at eg kan kome meg ut og vere med i det pulserande livet. Eg takkar for at det enno går an å lære noko nytt, samtidig som eg har eit lager av livserfaring. Eg takkar for dei eg får dele trua med og for folk med godt humør og sunn humor, for det gjer så godt å få le.
– Er det noko du angrar på?
– Ja, eg angrar på at eg ikkje lærte meg engelsk på skikkeleg vis. I min ungdom forstod vi ikkje at vi kunne få så mykje bruk for det vidare i livet. Eg burde ha tatt meir tak i det etter kvart.
– Eg angrar og på at eg har vore for sjølvoppteken og har hatt for lite omtanke og praktisk omsorg for andre. I tillegg angrar eg på at eg har lagt meg opp i saker og ting som eg ikkje hadde noko med.
– Ikkje tid for langtidsplanlegging
– Har du slutta med det?
– Nei, eg gjer det framleis. Når det skjer, må eg seie til meg sjølv : La dei styre seg sjølve.
– Kva vil du gjere med resten av livet ditt?
– Eg tenkjer at eg må ta dagane som dei kjem. I min alder er det ikkje tid for langtidsplanlegging. God helse har mykje å seie. Eg vil gjerne kome meg ut både i naturen og mellom andre folk.
– Om det er mogleg, vil eg gjerne få vere ein oppmuntrar. Om Jonatan i Bibelen står det at «han hjelpte David til å hente nytt mot hos Gud». Det er ei fin oppgåve.
Barane kjenner alderen på kroppen. Ting tek lengre tid, og ho treng meir kvile enn før. Mest av alt ønskjer ho å berre vere.
– Eg treng å førebu meg på oppbrot. Eg lever med håp og får lov å tru at eg har det evige livet med det beste i vente, seier ho.