Barnebokforfattarar: – Vi ønskjer å ta vitskapen tilbake til Gud
– Det har vore viktig å formidle til barna at dei ikkje har ei «dum» tru, seier forfattarane.
Nyleg gav Anette Løken Jahr (44) og Ola Kåre Risa (41) ut barneboka Hva er da et menneske? på Hermon Forlag.
Det er oppfølgjaren til boka Kari S. Kvantes Digre bang og andre spor av Gud, skriven av Løken Jahr.
Ho har også gjeve ut fleire andre bøker, medan Risa debuterer som barnebokforfattar.
Målet med nyutgjevinga er at barn skal kjenne seg stolte over trua.
Kva er då eit menneske?
Boka tar for seg korleis «den fantastiske menneskekroppen» er skapt.
Forfattarane ønskjer å vise at for Gud, som skapte universet, er mennesket «prikken over i-en».
Under aliasa Kari S. Kvante og Kåre Kvark, to svært kunnskapsrike karakterar, lærer dei difor barna alle slags fakta om kroppen.
Dei lærer til dømes at blodårene til fire personar når til månen dersom du strekker dei ut.
Verdsmeister i å hugse
Risa har lenge vore interessert i minneteknikkar.
I 2013 tok han verdsrekord i ein minnekonkurranse i England.
– Eg vart den første i verda til å hugse over tusen binære tal på fem minuttar.
– Det vil seie tilfeldige talrekker med nullar og einarar som vi må hugse rekkefølga til, seier han.
I nyutgjevinga kjem spesialkunnskapen til nytte.
Boka tar nemleg for seg ulike eksperiment med utgangspunkt i kroppen. Mellom anna ulike minneteknikkar når dei skriv om hjernen.
Apologetikk for barn
Det har vore viktig å formidle at trua er fornuftig, forklarar forfattarane.
– Med boka tar vi vitskapen tilbake til Gud.
– Det har vore viktig å formidle til barna at dei ikkje har ei «dum» tru, seier forfattarane.
Løken Jahr opplever det å skrive til barn som gøy, men seier det også er eit alvor over det.
– Eg er opptatt av at barn skal vere trygge i trua og klare å argumentere for den i skulegarden, seier ho.
Undring
For forfattarane har det vore viktig å leggje til rette for undring over Guds skapnad.
– Vi sit ikkje rundt leirbålet og undrar oss lenger, men ser mest ned i ein skjerm og ikkje opp.
– Opnar vi for undring, opnar vi også for Gud, seier Løken Jahr.
Sakna litteratur
Jon Romuld Håversen er prosjektleiar for Skepsisveka, eit apologetisk arrangement som Laget NKSS årleg arrangerer på ulike studiestader rundt om i landet.
Han seier det er mangel på apologetisk litteratur for barn og har opplevd det som etterspurt.
Lagsarbeidaren meiner trusopplæringa til dei små får følgjer for resten av livet.
– Å tidleg gje signal om at det er ok å vere nysgjerrig, stille spørsmål og undre seg er enormt viktig, seier han.
Han trur boka til Løken Jahr og Risa vil vise barn at ein kan følgje Jesus med heile seg, også med fornufta.