Barnehagane og foreldreretten

Publisert Sist oppdatert

Det har dei siste åra vore sterkt fokus på og tverrpolitisk semje om full barnehageutbygging. Til lengre ut til venstre ein kjem, til viktigare har det vore å få alle borna til å gå i barnehage og med det til å kutta ut alle ordningar som kunne vera alternativ til barnehagen. Difor vil ein ha bort kontantstøtta. Det ligg samstundes eit trykk i retning av at alle barnehagane skal vera innhaldsmessig like. Denne tenkinga er problematisk i høve til foreldreretten, og nokre gonger på direkte kollisjonskurs med denne.

Det er foreldra som har ansvaret for borna si oppseding. Det gjeld for all opplæring, kunnskap og påverknad borna får - særleg i barnehage og skule. Då er den verdiorienteringa som ligg til grunn for læringa og danninga viktig. Denne må vera i samsvar med det foreldra ønskjer for borna sine.
Med tanke på barnehagane har dette til no stort sett vore uproblematisk, men dei føringane som for tida kjem frå den raudgrøne regjeringa, vil føra til store problem for alle som er seg medvitne kva religiøst eller livssynsmessig fundament som skal liggja til grunn for barneoppsedinga. Det kan særleg verta ei utfordring for kristne foreldre, samstundes som mange kristne for seint kan koma til å oppdaga problemet.
Til no har vår kristne kulturarv i så stor grad vore retningsgjevande både for foreldra sine ønskje og samfunnet sine tilbod at det har utgjort ein fellesnemnar i oppsedinga. Slik er det ikkje lenger. Det kristne innhaldet i barnehage og skule er sterkt nedtont til fordel for ei sekulær tenking, og foreldra sine ønskje spriker i alle retningar - sjølv om fleirtalet har vorte så sekulære at dei lever godt med situasjonen.
I den grad alle borna går i barnehage vert det spørsmål om tilbodet er så variert at alle foreldra får oppfylt sine livssynsmessige ønskje for borna. Vi hadde nett eit døme der eit foreldrepar ikkje ønskte at bornet deira skulle gå i den kristne barnehagen kommunen plasserte det i. Det er ut frå foreldreretten ei legitimt ønskje, sjølv om vi skulle vona foreldra prioriterte annleis. Fylkesmannen gav dei medhald, som rett var.
Det store spørsmålet er om kristne foreldre ville fått medhald i kravet om at barnet skulle gå i ein profilert kristen barnehage til forskjell frå kommunen sin i praksis sekulære. Denne problemstillinga vert sett på spissen når det er full barnehagedekning utan noko kristent alternativ. Saka kjem heilt på spissen når så stortinget vedtek ei barnehagelov som ikkje gjev nye private barnehagar rett til statsstøtte. Då må vi rekna med at kommunane berre vil sjå på slike nyetableringar ut frå behov, altså som supplement og ikkje som nødvendige livssynsmessige alternativ ut frå foreldreretten.
I tillegg legg venstresida totalt sett opp ein barnehagepolitikk som favoriserer dei kommunale på bekostning av dei private. Det vil føra til at private barnehagar vert lagde ned eller går over i kommunal eige. Resultatet er einsretting og sekularisering med tanke på livssyn og oppseding. Dette er eit utåleleg angrep på foreldreretten, og det bør løftast fram i valkampen.

Powered by Labrador CMS