SOLVEIG HEGDAL: Livsfasepastor i Sentrumkirken i Sandnes.

Barneopplegget til Solveig (39) har spreidd seg til 30 pinsekyrkjer

Ho sakna ressursar som gjorde det enklare å få frivillige til barnearbeid i mindre kyrkjelydar. Då laga Solveig Hegdal like godt eit undervisningsopplegg sjølv.

Publisert Sist oppdatert

– Me ser at det er enklare å få småbarnsforeldre til å bli frivillige nå, seier iniativtakar og redaktør for undervisningsopplegget, Stein for Stein, Solveig Hegdal.

Ho er til dagleg livsfasepastor i Sentrumkirken.

Den mellomstore pinsekyrkjelyden i Sandnes har nå seld det nye undervisningsopplegget til 30 kyrkjelydar sidan i fjor, men trur langt fleire vil ha glede av dette.

Alternativ til Awana og Søndagsskulen

I 2016 fekk pinserørsla sitt eit eige rammeverk for trusopplæring, kalla «Jesus hele livet». Fleire kyrkjelydar etterlyste eit undervisningsopplegg som bygde på trusopplæringsplanen.

– Me såg at det var ein del undervisningsopplegg som var gammalt og hadde også eit behov å ha noko som var endå meir tilpassa pinserørsla, seier Sandnes-pastoren.

I 2017 starta å laga eit undervisningsopplegg sjølv, saman med eit team frå Sentrumkirken.

Resultatet byggjer på trusopplæringsplanen og skal vere skreddarsydd dei som har lyst til å vere frivillige i barnearbeid, men som ikkje har tid til å førebu eit eige undervisningsopplegg.

På nettsida reklamerer Sentrumkirken med «Siri Marie» sin respons på opplegget, som heiter Stein på Stein:

«I ein travel kvardag med jobb og små barn har dette vore avgjerande for meg, for at eg skal kunne engasjere meg i barnekirka på fast basis»

Vil dela med fleire

Opplegget er tilpassa barn i fire ulike aldersgrupper mellom 0 og 13 år.

Mottakinga var god i Sentrumkirken. I fjor bestemte dei seg derfor for å dele opplegget med fleire.

UNDERVISER: Solveig Hegdal.

– Det er ikkje vits i at alle sit kvar for seg og utarbeider same undervisningsmateriell. Det er heller ikkje alle kyrkjelydar som har ressursar til å gjere dette. Sjølv set vi i Sentrumkirken pris på når andre kyrkjer deler det dei har laga. Derfor ville vi gjera det same, seier Hegdal.

Drøymer om å gi ungdom det same

Det har teke Hegdal og teamet hennar sju år å fullføre ressursane som nå er tilgjengelege.

Framleis står att mykje arbeid.

– Nå har me tre halvår som ligg ute, så me er halvvegs. Dei tre neste halvåra skal me ferdigstille dei siste tre halvåra, fortel ho.

Blir responsen god ser Sandnes-pastoren for seg fleire ressursar som kan utviklast, også for nye målgrupper.

– Eg har ein liten draum om å lage noko for ungdom etter kvart, seier Hegdal.

Powered by Labrador CMS