Bedehus selt for godt over takst etter bodrunde
Gudshuset i Sandnes får nye kristne eigarar.
Hana bedehus i Skippergata, Sandnes, får nye eigarar. Det melder Stavanger Aftenblad.
Prisantydinga var på 4,95 mill. kroner, men det var fleire om beinet. Etter ein bodrunde enda kjøpssummen på 6,61 mill. kroner.
Kjøparen er Den Etiopisk Ortodoks Tewahedo Medhanealem Kyrkje i Stavanger, som har 250 medlemmer.
Kyrkjesamfunnet gjekk ut av fellesskapet med den katolske og ortodokse kyrkja i år 451 etter usemje om Kristi natur. Tewahedo refererer til trua på Jesu Kristi eine, samansmelta natur.
Normisjon vil satsa andre stader
Bedehuset vart bygd i 1960 og inneheld mellom anna ein forsamlingssal, kjøkken og aktivitetsrom.
Det har fram til no vore eigd av Normisjon. Regionleiar Thomas Thesen forklarer at det har vore lite aktivitet i huset dei siste åra. Difor vart forsamlingshuset, saman med den 1371 kvadratmeter store tomta, lagt ut for sal.
– Me ønskjer å bruke ressursane våre andre stader, særleg på Horve ungdomssenter i Ryfylkeveien, der me har mykje aktivitet. Me har store planar om vidare satsing og utvidingar der, fortel Thesen til Sandnesposten.
I tillegg til forsamlingshuset på Hana eig Normisjon fleire andre eigedomar i Sandnes, som Salem på Ganddal, Elim i Sandnes og dessutan leirstaden på Horve.
Passar godt som forsamlingshus
For tida er det Sandnes Frikirke som leiger bedehuset. Kyrkjelyden, som har rundt 130 medlemmar, har hatt tilhald i forsamlingshuset i om lag 20 år.
– Me har visst lenge at det var planar om å selje tomta, så dette kom ikkje som ei overrasking, seier Heidi Garvik i Sandnes Frikirke til lokalavisa.
Kyrkjelyden får leiga fram til årsskiftet, men då går leigekontrakten ut.
Ifølgje Thesen i Normisjon har det ikkje vore nokon restriksjonar på kven som kunne kjøpe eigedomen, men han har vore tydeleg på at han gjerne såg at ein kyrkjelyd overtok huset.
– Det hadde vore flott om nokre kyrkjelydar ville kjøpt det, sa Thesen til Sandnesposten i august.
Jan Varhaug, meklar i Kaph Næringsmegling, er ikkje overraska over den store interessa for forsamlingshuset.
– Slike eigedomar ser me ikkje mange av lenger, og det er alltid interesse når dei kjem for sal, seier Varhaug.