BEDEHUSGUT: Kleppe bedehus er blitt ein møtestad for unge i bygda. Asle Haddeland er vaksenleiar på ungdomsforeininga.
Alice Tegle
Bedehusguten Asle (20) blir realitydeltakar – mor var veldig skeptisk
«Alle» forventa at han skulle på disippeltreningskule, men Asle Haddeland hadde ein annan plan.
– Eg ville sjå om eg dugde til anna enn å sitte heime hos mor og far.
Korset lyser opp i den solbrune halsen til Asle Haddeland, idet han ønsker velkommen inn i Kleppe bedehus i Rogaland.
Her har han brukt mykje av ungdomstida, først og fremst som deltakar, men etter han kom heim frå opphaldet i Kompani Lauritzen har han tatt på seg leiaransvar også.