AUKA SPREIING: I storbyen La Paz, Bolivias hovudstad, spreier no koronaviruset seg dramatisk. Saman med ein betent politisk situasjon gjer dette det vanskeleg å gjennomføra Misjonsalliansens prosjekt i landet. Foto: Ingunn Marie Ruud, KPK

Bekymra for situasjonen i Bolivia

Misjonsalliansen er nøydde å setja nokon av dei planlagde prosjekta sine på vent i eit land som er sterkt prega av koronaepidemi og politisk uro.

Publisert Sist oppdatert

I Bolivias hovudstad La Paz, der Misjonsalliansen har kontor, aukar spreiinga av covid-19 for tida drastisk. Folk er redde og smitte- og dødstala stig i eit land allereie prega av politisk uro.

– Pandemien har auka intensitet i La Paz-området i den siste tida. No døyr det så mange menneske der at det ikkje er plass på kyrkjegardane til vanlege gravferder. Mange døde blir no lagde i massegraver, fortel Misjonsalliansens landansvarlig for Bolivia, Jørgen Haug, til Kristelig Pressekontor (KPK).

Koronavirusets herjingar i Bolivia kjem på toppen av ein politisk situasjon som har vore prega av uvisse og bråk etter at president Evo Morales gjekk av i november etter skuldingar om valfusk. Sidan då har landet vore styrt av ei interim-regjering.

– Det er vedtatt at det skal vera val den 6. september, men på grunn av pandemien er det foreslått å utsetja det til oktober. Men opposisjonen er opptatt av å få gjennomført valet sidan det er eit interim-styre som regjerer og ikkje ein folkevald president, seier Haug.

Vanskeleg å gjennomføra prosjekt

Utanlandssjef i Misjonsalliansen, Hanne Holmberg Chávez, kjenner òg Bolivia svært godt. Ho har fått hjarteskjerande informasjon frå sine kjente i landet.

– Det er total kollaps i helsevesenet. Folk døyr i gangane på sjukehuset, og politiske blokadar slepper ikkje forbi medisinsk utstyr, oksygen, maskar og anna utstyr. Det er både politisk, sosialt og helsemessig kaos, fortel ho på Misjonsalliansens nettsider.

For Misjonsalliansen betyr situasjonen i Bolivia at det blir vanskelegare å gjennomføra dei planlagde prosjekta deira. Nokon av prosjekta blir derfor sette på vent, medan andre held fram.

– Vi har mellom anna eit landsbyutviklingsprosjekt eit stykke utanfor La Paz by. Akkurat i desse bygdene er det ikkje registrert smittetilfelle, men heile situasjonen gjer at det er vanskeleg å få gjort det ein skal, fortel Haug til KPK.

I landsbyutviklingsprosjektet inngår arbeid knytt til både utdanning, helse, landbruk og drikkevatn.

– Desse prosjekta er avhengige av mange ting for å gjennomførast. Det gjer at ting stoppar opp, forklarer Haug.

Dårleg organisering og skam

Misjonsalliansen har ingen nordmenn stasjonerte i Bolivia for augneblinken, men organisasjonen har fleire lokalt tilsette i den nasjonale staben som fortel om krevjande tider.

– Politisk uro kombinert med eit helsesystem som er ute av kontroll og som manglar nødvendig utstyr, utløyser aksjonar, protestmarsjar og blokadar, seier Stanley Blanco, tidlegare direktør for Misjonsalliansen i Bolivia og utdanna lege, på nettsidene til organisasjonen.

Blanco fortel om kraftig auke i talet på smitta og store mørketal, og ikkje alle får testa seg eller vil testa seg.

– Det er komplisert å få testa seg, og det er lange køar og dårleg organisering. Moglegheita for å bli smitta i helsekøen er betydeleg, og det kostar dessutan pengar. Ei eventuell behandling av sjukdommen er svært kostbar for menneske som ikkje har fått lønn på lang tid, og då vel ein berre å halda seg heime, seier Blanco

Han fortel òg at dei sjuke ofte blir stigmatiserte.

– Vi kjenner til at menneske gravlegg sine døde om natta på grunn av skam.

Oppmodar til bønn

Både utanlandssjef Holmberg Chávez og landansvarlig Haug oppmodar folk i Noreg til å ta med Bolivia i bønn.

– Vi som truande menneske ber jo for Bolivia og er opptatt av å hugsa på Bolivia òg på den måten. Det er viktig i ein sånn situasjon, seier Haug.

Samtidig innrømmer han at ein òg føler seg litt hjelpelaus i å kunna bidra i situasjonen.

– Det er vanskeleg når det er mange som døyr og lir, og situasjonen opptar oss sterkt. Men til sjuande og sist må jo bolivianarane sjølv finna løysingar på dette.

Powered by Labrador CMS