Ber kristne vise nestekjærleik med homofile

Forfattarane bak «Homo»-boka er opprørt over korleis somme kristne møter unge som er på veg ut av skapet.

Publisert Sist oppdatert

– Somme føler dei har rett til å komme med utsegn som øydelegg folks kjensleliv og livskvalitet, seier Bård Nylund, tidlegare leiar for homorørsla i Noreg.

Saman med stortingsrepresentant Anette Trettebergstuen (Ap) gir han no ut den lettleste boka «Homo».

Det er ei slags sjølvhjelpsbok for homofile. Målet er å fortelje dei som måtte trenge å høyre det, at «det treng ikkje vere så vondt og vanskeleg» å vere homofil eller lesbisk.

– Eg veit at mi eiga prosess hadde vore enklare dersom det blei fortald fleire historier om mangfaldet mellom folk som er skeive, seier Trettebergstuen.

Les også: Ap vurderer eit tredje kjønn

Kristen og homo

Forfattarne fortel om sine ut av skapet-opplevingar, men også historiene til mange andre, meir eller mindre kjente homofile personlegdomar i Noreg. Somme av aktørane i boka fortel om motbør frå kristne kretsar i komme ut-prosessen.

Ei av dei er Rebekka Andrea Milde (21) frå Bergen, som i fjor deltok i NRK-serien «Ut av skapet». Ho vaks opp i eit kristent miljø i Kristiansand. Då ho stod fram som lesbisk, fekk ho blanda reaksjonar.

«Jeg ble blant annet fortalt at jeg er et avvik fra samfunnet på samme måte som nekrofile og pedofile. Jeg var en synder. Jeg var ikke kristen på ekte. Jeg hørte ikke hjemme i kirken, og jeg fortjente i hvert fall ikke å gifte meg der». Samstundes fekk ho god støtte frå vener på skulen.

Sexfiksert kyrkje

Stortingsrepresentant for Høgre, Henrik Asheim, kritiserer religiøse miljø for å vere fordomsfulle og sexfikserte ved å redusere legning til sex, og å seie «at det er greit å være homofil så lenge man ikke «praktiserer» homofili».

«Jeg er fortsatt lei meg for at denne typen fordomsfulle miljøer i en periode i livet fikk meg til å frykte de som alltid har vært der for meg, fordi de fikk meg til å forveksle kjærlighet med sex», seier han i boka.

Vonde erfaringar

Medan Trettebergstuen frå Hedmark ikkje har hatt religiøse miljø tett på seg, oppsøkte sørlandske Nylund søndagsskulen og var med i mange aktivitetar på bedehuset for å ha noko å gjere på fritida i oppveksten.

Men han la ingen religiøs dimensjon i deltakinga i kristne aktivitetar.

Som tidlegare leiar i foreininga Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (LLH), no omdøypt til Fri, møtte han likevel mange som hadde vonde erfaringar med religiøse miljø. Nylund debatterte også med mange konservative kristne.

Trøblete tru

– Når homofile menneske har hatt mykje trøbbel, handlar det i overraskande stor grad om religiøsitet, enten dei hadde bakgrunn som kristenkonservative, muslimar eller ortodokse katolikkar. Ein får eit trøblete forhold til eigen tru og forholdet til Gud, då ein blir i tvil om det er noko gale med ein. Så har du reaksjonane omgjevnadane du er ein del av, seier Nylund.

– Utilgjeveleg

Han blir engasjert og blank i auga når han fortel om folk som har opplevd å få bøker om «reorienting», det å kome seg ut av homofili, eller har fått høyre at dei er betre død enn homofil.

– Nokon avgrensar menneskes høve til å ha kjærleik til eit anna menneske, og få det same tilbake. Det er så utilgjeveleg, for å bruke bibelske termar, det enkelte tillet seg å gjere overfor andre, seier ein forferda Nylund.

Trettebergstuen nikkar. Ho understrekar at samfunnet generelt har blitt meir ope for homofile personar dei siste åra. Då ho sjølv kom ut av skapet fekk ho høyre frå stortingspolitikarar at homofile ikkje burde oppdra barn.

Indre skam og tvil

– Ingen seier det lenger. Eg opplever mindre av den type tilbakemelding frå sterkt religiøse miljø no enn for berre seks, sju år sidan, seier ho.

– Vi set fokus på dette fordi vi meiner at vi alle har ein ansvar for kva liv andre kan leve. Det å vere eit godt medmenneske og møte folk med forståing og kjærleik, gjeld oss alle uavhengig av kva religion vi tyr til.

Ho seier det framleis er store sjølvmordstal mellom unge homofile.

– Dei hadde ikkje hatt indre skam og tvil som leiar til den type drastiske handlingar dersom ikkje andre rundt dei fortalte at dei ikkje var gode no, seier Trettebergstuen.

Mangel på folkeskikk

Dei har forståing for at folk tolkar religiøse skrifter ulikt, men er skeptisk til kristens bruk av sitat frå Mosebøkene for å seie nei til homofili.

– Kva du gjer i ditt liv skal ingen andre legge seg opp i. Eg forventar tilbake at du ikkje legg deg opp i mitt. Eg ville aldri nekte konservative kristne nokon rettar. Men eg vil gjerne sleppe at kristne gjer det til si livsoppgåve å prøve å nekte meg mine rettar, seier Nylund.

Han peiker på at Trettebergstuen har fått høyre det frå kristne når ho som lesbisk person no ventar barn med ein annan homofil kompis.

– Det er så utidig og uforskamma, og mangel på folkeskikk og respekt for andre menneskes liv.

Trettebergstuen understrekar at dei fleste kristne miljø møter ho på ein «fin, normal måte», og at kristne politikarar og andre har behov for å seie at ting som blir sagt i avisene ikkje representerer dei.

Les også: Flukten fra Den norske kirke fortsetter

Råd til kristne

– Har de forståing for at konservative reagerer med sorg for Den norske kyrkjas vedtak om kjønnsnøytral vigselliturgi?

– Nei. Eg har ingen forståing for at nokon sørgjer over at rettar kjem fleire til del, seier han.

– Eg hadde trudd at folk er opptekne av at fleire har forpliktande rammer om sine samliv. Det er jo ein utruleg positiv ting, seier Trettebergstuen.

– Korleis vil de rå konservative, religiøse miljø til å møte menneske med homofil legning?

– Ikkje vent til det står ein der og seier at han er homo. Skaff dykk kunnskap og inviter folk som er usamd med dykk for å bryte meiningar. Slik får de annan innsikt og innblikk i noko de kanskje ikkje har frå før, seier Nylund.

Dei heiar likevel på kristne homofile som vel å leve i sølibat.

– Så fint at dei har funne ein måte å leve livet som er så optimalt som det kan vere for dei, seier Nylund.

– Vi skal ha respekt for at folk vel ulikt, seier Trettebergstuen.

Powered by Labrador CMS