TØRST ÅKER: Kornåkeren til bonde Brede Stensrud i Rælingen kjem truleg til å berre gi ein tredjedel av den vanlege avlinga i år.

Ber om regn og pengar

Den tørre sommaren tek knekken på avlingar og tvingar svoltne kyr til slaktaren. No håpar bøndene på regn - og økonomiske tiltak frå landbruksministeren.

Publisert Sist oppdatert

Jorda er knusktørr på Tveter Gård i Rælingen. På denne tida vaiar vanlegvis høgreiste kornaks i vinden, men no er dei korte og pjuskete. Det er sommaren då regnet aldri kom. Brede Stensrud har vore kornbonde i 30 år, men aldri opplevd ein så drastisk tørke. På dei 450 måla med korn som han eig og leiger, ligg det an til rekordlåg avling.

– Tørken vil vi merke godt økonomisk, men staten har heldigvis ei ordning der dei bidreg slik at vi kjem opp på 70 prosent av inntekta vi kornbønder har hatt dei fem siste åra. Men dei som er heilt nye bønder, som kanskje akkurat har teke over ein gard og brukt mykje pengar på investeringar, det er dei som økonomisk vil merke det mest.

Stensrud reknar med at han vil sitte igjen med rundt ein tredel av avlinga i eit normalår. Trass sin eigen vanskelege situasjon, er han endå meir bekymra for bøndene som har dyr.

– Vi slit vi også, men dei som slit aller mest, er dei som har husdyr. Dei er verkeleg ute og køyrer, seier han.

Ansvar for liv

VENTAR PÅ VATN: Brede Stensrud har ansvar for 450 mål korn som lengtar etter regn. Han har aldri opplevd ein så tørr sommar som i år.

– Dei har ansvar for liv, og må sjå dyra sine bli tynne og slite ute på beite. Det er tøft å sjå dei du skal ta vare på ha det slik. Og når bøndene vil slakte, er det ikkje sikkert dei får det på grunn av stor pågang, seier han.

Ein av dei som kjenner denne fortvilinga på nært hald, er bonde Henning Kolnes på Lista. Tørken gjer at han kjem til å måtte slakte både mjølkekyr og ammekyr.

– Dette er heilt katastrofe. Eg blir tvinga til å slakte i alle fall 150 dyr og fôret eg skulle brukt i vinter vil ta slutt 1. november. Eg kjem til å tape 1-2 millionar kroner i år.

Han meiner styresmaktene burde ha kome på bana lenge før.

– Dette øydelegg produksjonen for mange år framover. No blir det verken smør eller mjølk til jul.

Samhald

Brede Stensrud i Rælingen fortel om fleire naboar som ikkje får sove om natta på grunn av situasjonen.

– Dei går inn på yr.no heile tida, med der ser dei veke etter veke utan regn i vente. Dei ser inga løysing i vente, og det er så klart psykisk tøft.

Stensrud seier han opplever at næringa klarer å stå saman i krisetida, trass store bekymringar.

– Mange kornprodusentar ofrar åkeren sin for å få fôr til andre bønder. Ein nabobonde har fått slå delar av åkeren min for å skaffe mat til dyra.

Regnbønn

Stensrud er medlem av Filadelfiakirken Oslo, ei urban forsamling med heller få bønder. Det varma derfor at møteverten for nokre veker sidan frå scena ba om at det måtte kome regn slik at han og andre bønder får hjelp, trass i at mange heller ønskjer solfylte sommardagar.

– Det er fint å bli trekt fram på denne måten. Eg trur det er viktig for oss bønder å få positive tilbakemeldingar no i denne krisesituasjonen. Det eksisterer eit bondehat i befolkninga, og det er ikkje med på å betre situasjonen når folk seier «Jaja, men de har så mange støtteordningar frå staten at det ordnar seg vel».

Kornbonden trur likevel at den uvanleg tørre sommaren har vore ein augeopnar.

– Når ein opplever eit slikt ekstremvêr, berører det også folk som elles ikkje er klar over kor mykje vêret har å seie for oss bønder. Naturen er skapt slik at ein må ha regn for å skape liv. No blir kanskje den samanhengen tydeleg for fleire.

– Kva kan folk gjere for å vere med og lette situasjonen for bøndene no?

– Hald fram med å be om vêrskifte. Vis omtanke og omsorg for dei som er råka.

Blanda kjensler

Bondeorganisasjonane hadde blanda kjensler etter at Landbruksdepartementet måndag la fram elleve nye tiltak for å betre krisesituasjonen for bøndene.

Før møtet var det knytt spenning til om bøndene ville få økonomisk støtte. Det får dei ikkje, og det bekymrar Ann Merete Furuberg i Norsk Bonde- og Småbrukarlag (NBS)

– Bønder ringer meg dagleg og fortel at den økonomiske situasjonen gjer at dei har kniven på strupen. At det no skal gjennomførast ein prosess der fleire parti skal vere involvert, gjer meg bekymra, seier Furuberg.

For landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) kunne ikkje love økonomisk støtte under møtet måndag, men vil sette i gang samtalar som kan gi politiske endringar.

– Det er fleire andre spørsmål av økonomisk karakter. Der vil vi gjere eit fagleg arbeid dei komande vekene som vil danne grunnlag for seinare politiske drøftingar. Vi avklarer ikkje dette no, men held fram med konstruktiv dialog med landbruksorganisasjonane, sa Dale.

– Det er altfor tøft å vente med ei avklaring når Stortinget møtast først i oktober, var svaret frå Furuberg.

Powered by Labrador CMS