Bibelbruk har ført kristen toppolitikar for domstolen
Femåringen Päivi Räsänen budde ved eit fengsel og lurte på om ho kunne hamne der. Som 62-åring har den finske politikaren aldri vore nærare.
Denne saken ble først publisert i desember i fjor.
---------------------------
Ei svært spesiell rettssak skal finne stad i Helsinki 24. januar neste år.
Etter 26 år som medlem i parlamentet i Finland står legen, fembarnsmora og bestemora Päivi Räsänen tiltalt for å ha fremja hat mot ei folkegruppe - ved å sitere frå Bibelen.
– Eg har eit roleg sinn i dette, forsikrar Räsänen med eit smil.
Ho er gjest i den nyaste utgåva av Dagen-podkasten Tore og Tarjei.
Siterte Paulus
Dagen har fleire gonger skrive om saka som starta å rulle etter Helsinki Pride i juni 2019. Räsänen, som også er prestekone, vart opprørt då Den lutherske kyrkja i Finland gav støtte til festivalen.
På Twitter skreiv ho ei oppdatering der ho spurde korleis kyrkja kunne støtte det Bibelen kallar synd og skam. Oppdateringa var illustrert med eit bilete av slutten på det første kapitlet i Paulus´ brev til romarane.
«Difor overgav Gud dei til skammelege lyster. Kvinnene deira bytte ut det naturlege samlivet med det som er imot naturen. På same måten heldt mennene opp med det naturlege samlivet med kvinner og tok til å brenna av lyst etter kvarandre», står det mellom anna.
To månader seinare vart ho meld til politiet av ein privatperson. Etter ein lang prosess med fleire avhøyr, er ho blitt tiltalt for tre tilhøve: Tweeten, eit hefte ho gav ut i 2004 med tittelen «Til mann og kvinne skapte han dei» og utsegner om same tema på radio i 2019.
Strafferamma er bøter eller inntil to års fengsel. Ho vert støtta av den kristne juristorganisasjonen ADF International som også har laga ein videopresentasjon med henne.
Bad om nåde
Både fengsel og synd var noko Päivi Räsänen fekk tett på livet frå ho var lita jente. Barndomsheimen låg rett ved fengselet i landsbyen Konnunsuo, like ved grensa mot det som då var Sovjetunionen.
Faren var tilsett i fengselet.
– Eg har vore kristen sidan barndommen, men kom ikkje frå ein veldig aktiv kristen heim, fortel Räsänen.
Som alle dei andre borna i landsbyen på den tida, gjekk ho på søndagsskulen.
– Eg bad om at Jesus måtte kome inn i livet mitt og tilgi syndene mine. Eg hugsar at eg var rundt fem år gammal då eg tenkte: Eg er like syndig som fangane som er inn i fengselet. Vi er like som menneske. Ein dag kunne eg vere i fengsel. Eg har all denne vondskapen inne i meg, seier ho.
Inn i samfunnsdebatten
Sjølv om ho ikkje legg skjul på at livet har bydd på erfaringar som også har utfordra trua hennar, har ho hatt ein grunnleggjande tryggleik som kristen.
– Kvifor valde du å studere medisin?
– Eg var svært interessert i matematikk og fysikk på skulen, fortel ho.
Dermed vart det vanskeleg å velje. Men etter å ha prøvd både realfag og medisin i starten som student, landa ho på det siste.
Som medisinstudent vart ho overtydd om at det var viktig å engasjere seg for menneskeverd og livsvern, i spørsmål om både abort og dødshjelp. Ho skreiv bøker og deltok i tv- og radiodebattar.
Gjennom ti år som lege kom ho også i kontakt med mange menneske som sleit. Det førte til at ho ville engasjere seg for å løyse samfunnsproblem.
– Eg ville ikkje berre gi menneske medisin, seier ho om kvifor ho stilte til val.
Kristen minoritet
I løpet av livet og den politiske karrieren har Räsänen opplevd at det finske samfunnet har endra seg mykje, særleg i haldninga til kristen tru og verdiar.
– Dersom nokon i starten av tida mi i parlamentet hadde stilt spørsmål ved kor mange kjønn som finst, ville ein tenkt at dei var dumme, seier ho.
Sjølv om nesten 70 prosent av finnane tilhøyrer Den evangelisk-lutherske folkekyrkja, konstaterer ho at oppslutnaden om sentrale kristne trussanninger er låg.
– Det er ein minoritet som trur på dei grunnleggjande læresetningane i Bibelen og kristendom, til dømes at Jesus er Guds son. Vi lever i ein svært forskjellig situasjon frå då eg var barn, seier ho.
Smalare trusfridom
– Korleis tenkjer du at kristne kan opptre på ein måte som både er både trufast og konstruktiv i denne situasjonen?
– Det er svært viktig no å forsvare trusfridomen og ytringsfridomen. Dess meir vi er tause om saker som er i strid med det kristne verdigrunnlaget, dess smalare vert rommet for trusfridomen og ytringsfridomen, svarer Räsänen.
Ho understrekar at kjerna i dette er forståinga av Guds nåde.
– Dersom du går ut på gata i Helsinki og spør menneske kva som er kjernen i Bibelen, trur eg mange ikkje kunne svart. Dei kunne kanskje sagt at det er å elske nesten sin eller noko sånt. Og det er sjølvsagt ei viktig sak i Bibelen og hos Jesus, men det er ikkje kjernelæra. Det er Jesu offerdød, og det er også løysinga på problemet med synd.
– Ikkje ein vald kamp
– Somme kritikarar vil seie at konservative kristne berre er opptekne av nokre få synder, og særleg det som handlar om seksualitet. Korleis tenkjer du om å ha ei breiare tilnærming til dette og å sjå heile livet i eit bibelsk perspektiv?
– Det er svært viktig. Eg er samd i at at dersom vi les Bibelen, har han eit mykje breiare fokus, seier Räsänen.
Samstundes meiner ho det ikkje er dei kristne som har valt kampen om LHBT-ideologien.
– Den kampen er gitt oss frå utsida. I dag vert denne sida ved Bibelens lære fornekta. Derfor må vi svare på desse spørsmåla, seier ho.
Høyrer frå urolege unge
For eigen del ser ho det som eit kall å vere ei tydeleg kristen stemme som er forplikta på Bibelen. Dersom ein ikkje står fast i etiske spørsmål som er omstridde i samtida, er ho redd for at kristne også vil gi etter i spørsmål som handlar om frelse og tilliten til Bibelen.
– Kva reaksjonar har du fått frå andre kristne?
– Eg har fått mykje støtte, både i Finland og frå utlandet. Tusenvis har sagt at dei ber for meg, familien min og Finland. Det er eg svært takksam for.
Men ho har også høyrt frå menneske som er urolege for prosessen ho står i.
– Sjølvsensur er eit fenomen. Unge kristne fortel at dei er redde for å fortelje at dei trur på Bibelen og Jesus. Dei fryktar å få ein merkelapp og å verte skulda for hatprat og slike ting, seier ho.
Fryktar regulert forkynning
Den uroa kan Räsänen forstå. Ho sat sjølv i parlamentet då forbodet mot krenking av minoritetar vart vedteke, men hadde ikkje førestilt seg at denne kunne kome til å bli brukt mot ytringar som dei ho no er tiltalt for.
– I det eg har skrive, har eg ikkje mobba, truga eller krenka nokon. Men vi får sjå i rettssaka kva det juridiske systemet tenkjer.
I avhøyr med politiet og intervju med media har Räsänen heldt fast på at ho berre har forsvart det kristne kyrkjer har lært til alle tider.
– Dersom eg vert dømd, er den største faren ikkje berre eit forbod mot det eg har skrive, men at det råkar mange kyrkjer, pastorar, forkynnarar og andre kristne menneske. Eg meiner det verkeleg vil vere eit problem for trusfridomen og ytringsfridomen.
Like mykje verdt
– Når du ser reaksjonane, er det noko du ville gjort annleis?
– Nei, eg har lese om igjen det eg skreiv mange gonger. Eg står framleis for det, understrekar ho.
– Det er viktig at vi veit kva Guds lov seier. For vi treng alle tilgiving. Vi treng alle å stole på Jesus som har døydd for oss og tilgir våre synder på grunn av sitt offer.
Räsänen understrekar at ho har medkjensle med menneske som identifiserer seg med seksuelle minoritetar og er lei seg for mishandlinga som desse har opplevd opp gjennom historia og farene dei kan vere utsette for i andre land i dag.
– Eg trur at alle menneske har like verdifulle og at Gud har skapt alle.
Ho framhevar også at alle skal vere velkomne i kyrkja. Men ho meiner det ikkje er nokon motsetnad mellom dette og å vere tydeleg på kva Bibelen kallar synd.
Kjenner eit kall
– Har prosessen utfordra trua di på nokon måte?
– Eg vil ikkje seie det, startar Räsänen.
Ho påpeikar at ho først vart fortvila over at kyrkja deltok under Helsinki Pride og at ho bad over saka. Skulle ho melde seg ut av kyrkja, slik fleire kristne vener hadde gjort?
– Eg fekk ein veldig klar visjon: Det er ikkje mi tid å flykte, å forlate båten som var i ferd med å gå ned. Mi oppgåve var å snakke så høgt at dei som er i fare, må vakne, seier ho.
Sidan har ho opplevd at saka ligg i Guds hender.
– Eg kjenner at eg har fått rettleing, eit kall.
Tid med familien
Fem dagar før julaftan runda Päivi Räsänen 62 år. Etter ein hektisk haust med budsjettarbeid i parlamentet heilt fram mot jul og ekstraarbeid på grunn av koronapandemien, ser ho fram til tid med familien.
Ho håper å få mora heim frå sjukehus. Samstundes ventar to av døtrene hennar born, den eine tvillingar. Dermed nærmar det seg at ho har ti barneborn.
– Bodskapen om at Gud vart menneske, er også ein enorm bodskap og ei stor glede for meg og familien min. Eg elskar juletida, seier ho.
Ho håper å få nokre rolege dagar til å kople av. Over jul ventar mykje politisk arbeid. Og ei rettssak.