TALE: President Joe Biden talte under National Prayer Breakfast på Capitol Hill på torsdag.

Biden på bønefrukost: Takka for forbøn og bad om samhald

Presidenten deltok på den årvisse nasjonale bønefrokosten som vart starta av norsk utvandrar.

Publisert Sist oppdatert

Tradisjonen tru var det nasjonal bønefrukost i Washington D. C. den første torsdagen i februar. Slik har det vore sidan 1953. Då deltok president Dwight D. Eisenhower. Alle etterfølgjarane har gjort det same.

TVERRPOLITISK: President Joe Biden kom til bønefrukosten saman med den republikanske speakeren Mike Johnson. Han er tredjemann på rangstigen i USA, etter visepresidenten.

Initiativet til arrangementet kom frå den norske emigranten og metodistpresten Abraham Vereide (1886-1969) frå Gloppen i Nordfjord.

Gjensidig respekt

I talen sin lova Joe Biden å halde fram med å arbeide og be for løysingar på globale konfliktar.

– Mi bøn, mitt håp, er at vi held fram med å tru at dei beste dagane våre ligg framfor oss, at vi som nasjon vil halde fram med å tru på ærlegdom, verdigheit og respekt, sa Biden i Statuary Hall i Kongressbygningen på Capitol Hill.

– Vi ser ikkje kvarandre som fiendar, men som medmenneske, kvar og ein skapt i Guds bilete, kvar og ein umistelege i hans auge.

Presidenten nytta også høvet til å takke for forbøn.

Forsvarte tostatsløysing

Biden tok mellom anna opp situasjonen i Midtausten.

– Vi ber ikkje berre om fred, vi arbeider aktivt for fred, tryggleik og verdigheit for det israelske folket og det palestinske folket, sa han.

Han gjentok støtta si til ei tostatsløysing. Vidare forsikra presidenten om at han vil stå ved det ukrainske folk «mot Putins aggresjon».

SONGAR: Den italienske tenoren Andrea Bocelli song under bønefrukosten.

I talen omtalte han det å stå imot hat - inkludert antisemittisme, islamofobi og diskrimiering mot arabiske amerikanarar og søraustsasiatiske amerikanarar - som eit kall.

– Som nasjona har vi aldri fullt levd opp til dette, og vi har aldri gått bort frå det heller. Det er ei pakt vi har med kvarandre for å halde dette landet saman, sa Biden.

Kritikk på Netflix

Før koronatida har arrangementet vore halde på hotellet Washington Hilton, med fleire tusen nasjonale og internasjonale gjester. Kjeda vart starta av Conrad Hilton, som var son av ein norsk emigrant frå Kløfta.

I fjor vart det for første gongen halde i Kongressbygningen der det er plass til færre. Samstundes er det eit anna arrangement parallelt på Washington Hilton med rundt 2.000 gjester frå 125 land. Der var president Paul Kagame hovudtalar.

NEDSKALERT: Den nasjonale bønefrukosten samlar færre menneske enn før, men føregår i staselege omgivnader på Capitol Hill.

Tidlegare har arrangøren bak den nasjonale bønefrukosten, The International Foundation, som er blitt kalla The Family, vore utsett for kritisk merksemd, mellom anna gjennom ein Netflix-serie frå 2019.

Kritikarar har hevda at organisasjonen har drive kynisk samanblanding av tru og maktpåverknad. Tidlegare stortingsrepresentant Lars Rise (KrF) har hatt kontakt med The International Foundation i 30 år. Han sa til Dagen at han meiner serien tillegg dei involverte uedle motiv som det ikkje er dekning for.

Oppmoda til faste

Fleire leiande politikarar deltok under arrangementet i Kongressen på torsdag. Mellom dei var den republikanske speakeren Mike Johnson.

Den verdskjende blinde italienske tenoren Andrea Bocelli song.

FELLESSKAP: Mike Johnson og Joe Biden står langt frå kvarandre politisk, men sat saman under bønefrukosten.

Barry Black, ein adventistpastor som har pastoralt ansvar for Senatet, fortalde at mange på Capitol Hill vender seg til faste og bøn, særleg i krisetider. Dette gjeld alt frå senatorar til vaskehjelper. Det skjedde under invasjonen av Ukraina, under krigen mellom Hamas og Israel og under dei to siste presidentvala.

Han tilrådde at menneske i USA og elles i verda gjer som metodismens grunnleggjar John Wesley tilrådde: Fastar til klokka tre om ettermiddagen to dagar i veka.

Powered by Labrador CMS