FEIRING: Ein mann med regnbogeflagg feira valsigeren til Joe Biden på Times Square i New York.

Biden rullar ut LHBT-offensiv

Kamp for seksuelle minoritetar blir ei klar prioritering både innanriks og utanriks for president Joe Biden.

Publisert Sist oppdatert

Torsdag i førre veke publiserte Det kvite hus eit notat om å «fremje menneskerettane for lesbiske, homofile, biseskeuelle, trans-, queer- og intersexpersonar».

Det er ei stadfesting og utviding av eit tilsvarande dokument som Barack Obama la fram i 2011.

– Det avspeglar ei djup forplikting i desse spørsmåla både her i USA og alle andre stader rundt i verda. USA vil fortløpande tale tydeleg og handle på vegner av desse rettane, sa den nasjonale tryggleiksrådgivaren Jake Sullivan under eit pressetreff i Det kvite hus, ifølgje NBC.

Transperson i topposisjon

Biden har utpeika den første homofile statsråden i amerikansk historie, transportminister Pete Buttigieg. Presidenten har også nominert Rachel Levine som statssekretær i helsedepartementet, som kan bli den første transpersonen i ein så høg politisk posisjon i landet. Levine har vore helseminister i Pennsylvania.

– Dette markerer eit verkeleg vendepunkt som heidrar og inkluderer transpersonar, seier Molly Bangs i Equity Forward til nettstaden vox.com.

Eit av politikkområda der Donald Trump innfridde forventningar frå verdikonservative veljarar, var på kjønnsfeltet. Mellom anna la han ned forbod mot at transpersonar kunne tenestegjere i militæret. Dette har Biden oppheva.

Mot «kjønnsstereotypiar»

Den same dagen som Biden vart sett inn i embetet, signerte han 17 presidentordrar. Ein av dei handlar om å hindre og kjempe imot «diskriminering på grunnlag av kjønnsidentitet eller seksuell orientering».

Her framgår det mellom anna at barn bør kunne lære «utan å ottast for om dei vil verte nekta tilgang til toalettet eller garderoben eller skuleidrett». Vaksne bør kunne tene til livets opphald og vite at dei ikkje «vil verte oppsagde, degraderte eller mishandla på grunn av kven dei går heim til eller på grunn av korleis dei kler seg eller ikkje oppfyller kjønnsbaserte stereotypiar».

Biden varsla også under valkampen at han i løpet av dei første hundre dagane som president ønskjer å innføre likestillingslova som Det demokratiske partiet lenge har fremja. Denne er han avhengig av å få gjennom i Kongressen.

STØTTE: Joe Biden og Det demokratiske partiet får ros for politikken sin frå fleire LHBTQI-organisasjonar.

Sterk åtvaring

Teologiprofessor Carl R. Trueman meiner Bidens politikk på dette området ber preg av fiksjon.

– Har Biden nokon gong lese ei side med kjønnsteori? Med eit pennestrok har han gjort slike horrible og røyndomsfjerne fiksjonar til landets lov, skriv Trueman i det kristne tidsskriftet First Things.

Trueman er aktuell med boka «The Rise and Triumph of the Moderne Self: Cultural Amnesia, Expressive Individualisme, and the Road to Sexual Revolution».

Han åtvarar mot å tenkje at dette ikkje er så farleg for dei det ikkje vedkjem på eit personleg plan.

Tvert imot ser han transideologien som det siste og mest radikale uttrykket for at mennesket ikkje har noko anna mål enn at individet skal ha ei god sjølvkjensle. Det meiner kan kome til å råke dei som har ei tradisjonell kristen forståing av kjønn og identitet.

«Når det ikkje finst nokon konsensus om meininga med mennesket, er det framleis nokon som må gjere val om kva identitetar som er legitime og kva som ikkje er det. Og følgjeleg vil fridomen til den radikale individualismen ironisk nok krevje autitært styre gjennom regjeringsordrar, med passande straffer til».

Noko av det Trueman og andre åtvarar mot, er biologiske menn som identifiserer seg som transkvinner og dominerer kvinneidretten. Ei anna åtvaring er forvirring og frykt ved offentlege toalett og garderobar.

Likestillingslov

Sjølv om Biden er katolikk og dermed tilhøyrer eit kyrkjesamfunn som har ei konservativ lære om kjønn og seksualitet, har han sjølv lenge markert seg med ein liberal profil.

Som visepresident var Joe Biden i 2012 tidlegare ute enn Barack Obama med å erklære støtte til ei kjønnsnøytral forståing av ekteskapet. Han vigde også to menn som var tilsette i Det kvite hus.

LHBTQI-politikk

Det demokratiske partiet står for ein liberal poltikk på kjønns- og seksualitetsfeltet, medan Det konservative partiet i stor grad står for ei verdikonservativ linje.

Det har prega debattane om ekteskapslov, transideologi og trusfridom.

Det pregar også kven ein vil ha utnemnd til Høgsterett og andre føderale domstolar.

Powered by Labrador CMS