Biden svarer Trump: – Å gå til åtåk på trua mi er skammeleg
Joe Biden slår tilbake mot skuldingar frå Donald Trump om at han er imot Gud. Men somme kristne veljarar saknar eit meir hjarteleg frieri.
Konsekvensane dersom Biden sigrar ved valet i november vil vere dramatiske, ifølgje president Trump.
– Ingen religion, ikkje noko som helst. Han vil skade Bibelen, skade Gud. Han er imot Gud, han er imot våpen, han er imot energi, hevda president Trump i førre veke.
– Det er skammeleg av president Trump å gå til åtak på trua mi, kontra katolikken Biden i ei fråsegn.
Skulda for splitting
Den demokratiske kandidaten la til at utfallet ikkje held standarden amerikanarane skal kunne forvente frå leiarane sine.
– Kommentarane til president Trump avslører meir om han enn om nokon annan, seier Biden.
– Trua mi lærer meg å elske nesten min som meg sjølv medan president Trump berre prøver å splitte oss. Trua mi lærer meg å bry meg om dei minste mellom oss medan Trump berre ser ut til å vere oppteken med sine forgylte vener, heldt han fram.
Fleire gonger har Biden sagt at trua på Gud har hjelpt han å kome over sorga etter dødsfalla til den første kona og dottera på eitt år i 1972 og den vaksne sonen Beau i 2015.
Forlet republikanarane
Arbeidet med å skaffe støtte for Biden mellom religiøse veljarar vert leia av Josh Dickson. Dickson identifiserer seg som evangelikal kristen og var republikanar til han skifta parti for ti år sidan.
Når evangelikale leiarar også engasjerer seg for å bekjempe strukturell rasisme, ser Dickson det som eit teikn på at nokre kan vere i ferd med å stille seg bak Biden.
– Vi ønskjer å la truande menneske vite at i den tida vi er inne i, er dei verdsette og viktige for visepresidenten og hans kampanje, og for retninga dette landet skal ha i framtida, seier Dickson til Christian Post.
Sjølv vart han demokrat etter å ha jobba som lærar i eit fattig strok sør for Chicago og etter å ha lese bøker som «Rich Christians in an Age of Hunger» av den evangelikale teologiprofessoren Ron Sider. Boka kom ut i 1978 og tok til orde for sterkare engasjement for naudlidande mellom kristne amerikanarar.
Etterlyser forståing
Den sosialt radikale og teologisk konservative 80-åringen Sider er eit døme på ein kvit evangelikal kristen som sjølv meiner han burde vere innanfor rekkevidde for Biden. Han har åtvara sterkt mot konsekvensane av at kvite evangelikale i så stor grad har gjort seg til eitt med Det republikanske partiet og er redaktør for den ferske boka «The Spiritual Danger of Donald Trump».
Sider meiner det er millionar av evangelikale og katolikkar i vippestatar som vil røyste på Biden.
«Vi er meir samde med Biden enn Trump i fleire saker: raserettferd, økonomisk rettferd, miljø og klimaendringar, ein skattepolitikk som krev meir av dei rike, helsetilbod for alle - og mykje meir. Vi vil røyste på Biden!» erklærte Sider i eit innlegg i USA Today i juni.
Avgjerande røyster
Men i to spørsmål - abort og trusfridom - etterlyser han forståing for konservative kristne. Sider ber Biden vise at han ønskjer å få ned aborttala og verne om trusfridomen til dei som står for ei tradisjonell kristen lære om kjønn, seksualitet og samliv.
«Somme av oss vil røyste på Biden same kva han seier om desse to spørsmåla. Men andre vil ikkje gjere det. Og dette tapet av røyster kan koste Biden presidentskapet - og endå meir: Vil bety fire nye år med Trumps øydeleggjande politikk», skreiv Sider.
– Selt til djevelen
Josh Dickson forsikrar om at dei vil lytte til evangelikale leiarar. Det er også planlagt initiativ som «Believers for Biden» og «Evangelicals for Biden».
Kritikarar meiner likevel at Biden har gitt signal som tyder på at han ikkje tek uroa til ein del truande veljarar alvorleg, mellom anna ved at han vil trekkje tilbake religiøse unnatak for likestillingskrav som Trump har sikre nokre verksemder.
I praksis meiner kritikarane at Biden dermed vil gå til åtak på pro-life-katolikkar og andre som vil verne om ufødt liv.
Baptistpastoren Robert Jeffress, som har vore ein sterk og synleg støttespelar for Trump, legg ikkje fingrane imellom.
– Dei einaste evangelikale som vil røyste på Joe Biden, er dei som har selt sjela si til djevelen og akseptert demokratane sin barbariske posisjon i abortsaka, sa Jeffress til Fox Business sist veke.
Rom for usemje
Dickson understrekar at Biden gir rom for usemje i desse spørsmåla.
– Eg veit at ingen vil vere samd med han om alt, seier han.
Dickson meiner likevel den store saka i eit trusperspektiv ved dette valet vil vere korleis ein handterer raseproblema som har følgt USA sidan landet vart grunnlagt.