KONFLIKT: Metodistbiskopen i Noreg, Christian Alsted (th), går hardt ut mot sin tidlegare kollega, Scott J. Jones.

Biskop om kollega som forlèt Metodistkyrkja: – Forræderi

Det er høg temperatur i Metodistkyrkja som i årevis har diskutert likekjønna samliv.

Publisert Sist oppdatert

Nyleg skreiv Dagen om den tidlegare biskopen i Texas, Scott J. Jones, som igjen skapar uro i trussamfunnet.

Etter 18 års bispeteneste forlèt han sitt gamle trussamfunn til fordel for eit nytt, metodistisk alternativ.

No reagerer den metodistiske biskopen her til lands, Christian Alsted, kraftig på sin tidlegare kollega. Alsted er biskop i Norden og Baltikum

Ny biskop, nytt trussamfunn

I mai 2022 braut ei gruppe konservative kristne ut frå United Methodist Church (UMC). Det er eit internasjonalt, metodistisk trussamfunn med rundt 12,7 millionar medlemar. Her til lands har dei 43 kyrkjelydar.

USA: Ei metodistkyrkje som tilhøyrer UMC i Waldoboro, USA.

Saman starta dei alternativet Global Methodist Church (GMC), som på under eitt år kunne telje rundt 1.100 forsamlingar i januar.

Etter den metodistiske biskopen i Texas, Scott J. Jones, pensjonerte seg i desember etter 18 års bispeteneste i moderorganisasjonen, UMC, vakte han oppsikt.

Han tilhøyrer nemleg ein svært sentral familie i hans gamle kyrkjesamfunn og har vore ein tydeleg talsmann for eining i kyrkja, ifølge Christianity Today.

Men berre nokre dagar etter han blei pensjonist, vart han igjen utnemnd som biskop. Denne gongen for det nyoppretta, konservative alternativet, Global Methodist Church (GMC).

Sidan 2019 har omtrent halvparten av dei cirka 600 kyrkjene i hans gamle «bispedømme» også forlate trussamfunnet, ifølge Religion News Service.

– Forræderi

Christian Alsted er Metodistkyrkja sin biskop i mellom anna Noreg.

Han kjenner Scott J. Jones godt, men heldt ikkje tilbake når Dagen spør kva han meiner om overgangen til den amerikanske biskopen.

– Personleg oppfattar eg det som et forræderi mot United Methodist Church, som opportunisme og som uærleg, seier biskopen til Dagen.

Biskop: Christian Alsted er biskop for United Methodist Church i Norden og Baltikum.

Han forklarar at det er måten Jones har forlate kyrkja på som er problemet.

– Kyrkja har betalt Jones ei god lønn i 18 år, så bruker han det siste året på å få halvdelen av kyrkjelydane sine til å forlate UMC for så å sjølv gå ut. Det kan eg ikkje respektere, seier dansken.

«Oppfordra ingen til å forlate»

Scott J. Jones bur framleis i Texas. Han har sett utsegna til Alsted og skriv i ein mail til Dagen at han gjennom 18 år har jobba hardt for eining i kyrkja.

Det til trass, så opplevde han at stadig meir ulydnad frå biskopar, konferansar (metodistane sine kyrkjemøte, journ. anm.) og presteskapet gjorde det klart at eininga allereie var broten.

Biskop: Scott Jameson Jones var biskop i United Methodist Church i 18 år før han nyleg pensjonerte seg og gjekk over til Global Methodist Church.

Han meiner skuldingane om at han har leia over halvparten av kyrkjelydane ut av UMC er feil.

«Eg oppfordra ingen til å forlate», skriv han.

Før Jones pensjonerte seg, vurderte han fleire moglegheiter for korleis han kunne tenestegjere som pensjonist. Først i desember skal han ha bestemt seg for å gå inn i det nye, konservative alternativet til United Methodist Church.

Samtidig understrekar den nyutnemnde biskopen at han trur Gud framleis vil jobbe gjennom det gamle trussamfunnet hans.

«United Methodist Church har ei god framtid som ein stadig meir progressiv, kyrkjeleg paraplyorganisasjon», skriv han til Dagen.

Powered by Labrador CMS