STILLE BØN: Isabel Vaughan-Spruce får 180.000 kroner i erstatning etter å ha blitt arrestert for sine stille bøner på eit fortau i Birmingham.
ADF UK
Blei arrestert for stille bøn på gata. No får ho erstatning frå politiet
Glad for forlik og kompensasjon, men fryktar det kan skje igjen.
To gonger slo britisk politi til mot Isabel Vaughan-Spruce (46). Begge gongene var «brotsverket» hennar at ho ba stille bøner for ufødd liv på eit fortau i Englands nest største by, Birmingham.
Ein av arrestasjonane er filma, og videoen er sett fleire titals tusen gonger.
Vaughan-Spruce er katolikk, abortmotstandar og frivillig medarbeidar på eit senter for vanskelegstilte kvinner.