Børre fekk full støtte frå Dagen

Børre Knudsen møtte mykje motstand for si kamp mot abortlova. Men frå redaktørkrakken til Arthur Berg i Dagen fekk han støtte.

Publisert Sist oppdatert

Mot slutten av mars 1979 vart det kjent at abortmotstanderen, presten Børre Knudsen, hadde lagt ned si teneste som statsembetsmann.

Han ville derimot halda fram som prest for kyrkjelyden, men no utan løn frå staten. Gjennom den lange kampen som fylgde for Knudsen og hans tilhengjarar, fekk dei usvikelig støtte frå Dagen-redaktør Arthur Berg.

*Klikk her for å komme til e-avisen – og for å søke i det historiske arkivet (i arkiv-guiden kan du få mer info)

Grunnlova

– Det er ein klok veg Børre Knudsen har valt å gå. Vi vonar at kyrkjelyden gjev han den hjelp han treng. Vi vonar ogso at meiningsfrendane hans no innser at vi må ha mod til å tvinga fram dei rettslege prøvingar av lov mot Grunnlov, skreiv Berg på leiarplass 23.mars 1979.

Redaktøren viste til biskop Per Lønning sin reaksjon mot abortlova, likeins til fylkeslækjaren i Finnmark, Kolbjørn Øgard, som protesterte mot lova fordi ho krenkte samvitet hans og var i strid med grunnlova.

– Diverre synte det seg at det ikkje var folk nok i kyrkje og kristenfolk som var aktivt nok til å yta støtte til dei to. No vonar vi at grunnlovstrugne nordmenn og gamaltruande kristne denne gongen vil setja den nordnorske soknepresten i stand til å gjennomføra sin kamp utan å svelta i hel. Sjølvsagt kan det vera «fårleg» å tvinga fram ei rettsprøving som endar med at friabort-tilhengjarar får rett. Men kva so? Då veit vi at paragraf 2 i Grunnlovi ikkje tyder det som paragrafen segjer. Og det er betre at vi veit det enn at vi ter oss som om vi leit på den daude paragrafen.

Og redaktøren heldt fram:

– Paragraf 2 var lenge eit skjemdar-teikn på bringa vår, for ho var antisemittisk. Og heller ikkje no er han noko sylja til å setja på barmen. Iallfall må vi fyrst vita kva han er laga av. Elles risikerer vi å gå stivpynta til gallaforestilling med eit smykke som berre vitnar om vårt einfald, skreiv Arthur Berg.

Avskilssak

I 1980 reiste Staten ved kyrkjeminister Einar Førde avskilssak mot Knudsen for embetsforsøming. I Malangen heradstyre vart Knudsen frikjent. Domstolen la til grunn at abortlova var uforeinleg med evangelisk-luthersk religion og dermed i strid med Grunnlova si paragraf 2.

Hausten 1983 kom Høgsterett sin endelege dom. Knudsen vart då fradømt Balsfjord sokneprestembete, men han heldt fram som pastor for ein valkyrkjelyd i området.

Powered by Labrador CMS