POLEN: Busselskapet PKS Gdynia bøyer av for kristne aksjonistar og gjev ei av rutene sine eit nytt nummer.
PKS Gdynia
Bussen til Hel skal ikkje lenger ha nummer 666
Kristne grupperingar i Polen har reagert i årevis. No får ruta nytt nummer.
Eit busselskap i Polen har gått med på å endre på rutenummer «666». Bussen går nemleg til Hel.
Det melder Premier Christian News.
«666» er som kjent talet for Dyret i openberringsboka i Bibelen og forbunde med frykt for den vonde sjølv.