KØBENHAVN: Som reformasjonen var sterkt styrt frå kongen i København, var også pietismen i utgangspunktet det, skriv Johannes Kleppa. På bildet ser vi Amalienborg slott, med Frederiks kirke, kalt Marmorkirken, i bakgrunnen.

Då Noreg vart luthersk

Både pietismen frå midten av 1700-talet og vekkinga ved Hans Nielsen Hauge rundt år 1800 måtte nok til før det var ei skikkeleg erkjenning i folket av reformatorisk kristendom

Publisert Sist oppdatert

I samband med 500-årsjubileet for reformasjonen skreiv Lars Inge Magerøy ein god biografi om Martin Luther. No har han fylgt dette opp med ei bok om korleis Noreg var eit luthersk land.

Han fører framstillinga fram til Hans Nielsen Hauge. Det neste må då verta ei bok om Hauge og haugianismen!

Ikkje folket som bad om det

Det er altså ein avgrensa periode i norsk kyrkjehistorie Magerøy tek føre seg, men det er ein svært viktig perioden. Overgangen frå ei katolsk til ei luthersk kyrkje i landet vårt, var ikkje berre ei kyrkjeleg sak, men også ei politiske sak.

Faktisk var det vel så mykje politikk som åndeleg rørsle. Det var ikkje folket som bad om å verta luthersk, men det var kongen i København som bestemte det.

Han nytta samstundes høvet til å redusera det norske sjølvstyret og leggja landet og kyrkja meir under kongen. Kongen var påverka av Luther, og ville innlemma alle sin undersottar i det same.

Endring i kyrkja

Det kan diskuterast om det er rett å tala om ei katolsk kyrkje til forskjell frå ei protestantisk kyrkje før reformasjonen, men kyrkja var i alle fall då underlagt paven i Roma. Det tok sjølvsagt si tid å endra på det.

Det kunne til ei viss grad skje ved at prestane vart forplikta på den nye læra, men det var først når prestane var luthersk opplærte, at det verkeleg kunne verta endring i kyrkja, og så måtte folket verta opplært i luthersk tru før det kunne seiast at landet var luthersk.

Stødig og oversiktleg

Magerøy går gjennom alt dette på ein stødig og oversiktleg måte. Nokre gonger gjev han direkte eller indirekte uttrykk for vurderingar undervegs, og i dei synest eg han treff godt.

Det gjeld ikkje minst ortodoksien og pietismen. Som reformasjonen var sterkt styrt frå kongen i København, var også pietismen i utgangspunktet det.

Lars Inge Magerøy har ikkje gjort omfattande sjølvstendig historisk forskningsarbeid som har tilført nye synspunkt eller nyorientering i framstillinga. Han har primært bruk det forskningsarbeidet andre har utført.

For den som har lese ein del kyrkjehistorie, vil det meste av stoffet difor vera kjent. Dette er likevel ikkje negativt for Magerøy sitt arbeid. Han har systematisert stoffet og framstilt det på ein god måte. Dette er difor ei svært nyttig bok.

Kloke val

Eg har ingen spørsmål eller merknader til framstillinga. Det er alltid eit skjønnsspørsmål kva ein skal ta med i ei slik framstilling, men eg synest forfattaren har gjort kloke val og gitt framstillinga ei god form.

Det er ei bok som er svært grei for alle som vil ha ei relativt kortfatta og systematisk oversikt over reformasjonen her i landet og utviklinga fram til og med haugianismen. Kjøp og les, seier eg.

Powered by Labrador CMS