BØN: Under bønestafetten «Hele Norge ber» skal kyrkjer og organisasjonar over heile landet be utan stans i 2026.
Alice Tegle
Dei skal be 24 timar i døgnet gjennom eit heilt år
Minst 500 Impuls-ungdommar skal be utan stans gjennom heile 2026. No jobbar dei hardt for å få med seg kyrkjelydane sine på bønestafetten.
– Det byrjar med bøn. Alt Gud gjer, startar der, seier Erlend Seglem, senterleiar i Ungdom i oppdrag (UIO) i Rogaland.
I fjor gjekk UIO Rogaland og 33 kyrkjer saman om ei bøneveke for Rogaland. I juni skal dei gjenta bønestafetten og har auka til 20 dagar med bøn frå morgon til kveld.
Neste år er UIO Rogaland ein av fleire aktørar som skal gripe stafettpinnen under «Hele Norge ber», ein bønestafett der ungdomsgrupper, kyrkjelydar og fellesskap tek ansvar for kvar sin del, slik at det blir bedt for Norge 24/7 gjennom heile 2026.