Delte ut gratis biblar etter å ha stifta Frp-lag
– Politikk og religion høyrer saman, seier initiativtakaren.
Nyleg inviterte Fridtjof Bjerke (Frp) til stiftingsmøtemøte for eit nytt lokallag i Øyer kommune, i Gudbrandsdalen.
Med seg hadde han biblar til alle dei frammøtte.
– Det kan bli høg temperatur i valkampen, men vi skal verkeleg fronte kristne verdiar, seier lokalpolitikaren til Dagen.
Det var Gudbrandsdølen Dagningen som omtalte saka først.
Religion og politikk
Bjerke som sjølv er pinsevenn meldte seg inn i Frp for kort tid sidan. Han ville danne lokallag i forkant av kommunevalet kommande haust.
– Kvifor fekk alle dei frammøtte kvar sitt eksemplar av Bibelen?
– Å dele den ut synleggjer dei kristne verdiane våre, seier han.
På det aktuelle møtet var det fem personar til stades.
– Er ikkje det å dele ut Bibelen på eit politisk møte å blande politikk og religion?
– Politikk og religion høyrer jo saman. Det ser ein at er tilfelle for Israelsfolket i Det gamle testamentet, og det ser ein til dømes i USA der presidenten legg handa på Bibelen når han blir sverja inn.
Kristne verdiar
Dei frammøtte reagerte ifølge Bjerke positivt på bibelstuntet.
– Dagen etter var det fleire som ville stå på vallista, både yngre og eldre folk, seier lokalpolitikaren.
Den 11. september er det kommuneval. Bjerke er optimistisk. Han trur dei vil få inn fleire representantar i kommunestyret.
– I nesten alle politiske spørsmål ser ein stadige angrep mot kristne verdiar. Dersom vi kjem til makta, vil ikkje kommunen lenger heve prideflagget. Vi vil jobbe for å fremje kristne verdiar på skulane, seier han.
– Kva meiner du med kristne verdiar?
– Kristne verdiar er å la Jesus Kristus styre vala våre, og nestekjærleik er noko som kjenneteiknar oss når vi har valt himmelen og jorda sin skapar. Då må vi også bidra positivt i politikken, seier han.
– Kvifor blei det Frp og ikkje KrF?
– Eg har banka på døra deira, men ikkje fått respons for dei lokalsakene eg er opptatt av som til dømes straumstøtte. Så meiner eg også KrF har vore veldig slappe i enkelte verdisaker, dei har vore redde for å trakke denne verda på tærne.