Den jødiske jenta som lurte nazistane
Takka vere ein politifeil, eit godt medmenneske og eit hemmeleg rom, unnagjekk Betzy Rosenberg jødedeportasjonen frå Noreg. Men livet slik det skulle ha vore, det mista ho.
«Jødepike holdt skjult på Byneset i 2,5 år». Orda på den gamle avissida slår mot journalist og forfattar Lena Lindahl. Datoen er 15. mai 1945 og det er Adresseavisen i Trondheim som kan melde nyheita, midt mellom oppslaga om at Gråkallbanen får tilbake sin gamle sjef som har vore Grini-fange og at arbeidet på tyske verksemder i Sør-Trøndelag no blir avvikla.
– Det var eit lite oppslag og drukna no litt i kaoset i etterkrigsdagane. Det var ei av frykteleg få nyheiter om ein jøde. Få spurde etter dei 773 norske jødane som plutseleg forsvann. Men med dagens auge får ein gåsehud, seier Lena Lindahl.
Ho er forfattar og journalist med ein forkjærleik for gamle aviser. Og denne historia kjende ho at ho måtte grave djupare i.
– Det viste seg at Jødisk museum i Trondheim hadde ein tekst frå jenta, Betzy Rosenberg, skriven av ein lege som ho som gammal hadde fortalt om opplevingane sine, fortel ho.
Betzys skildringar blei dermed utgangspunkt for det som skulle ende opp med å bli dokumentar-romanen Jenta i veggen.
Historien om Jenta i veggen Les historien om Betzy Rosenberg her: https://bit.ly/2v2CdIwPosted by Dagen on Tuesday, April 10, 2018
Namnet mangla
Betzy forstår at dersom ho skal kome seg unna, må ho handle raskt. Hennar gode venn Arne Haugrønning klekker ut ein plan. Arne bur i ei hytte på Byneset utanfor Trondheim.
På halvanna døgn byggjer den dyktige handverkaren om hytta og lagar eit hemmeleg rom i veggen. Han dekkjer rommet med blendingsgardiner på innsida for å sleppe unna tyske hundar med farleg god luktesans.
Eit liv på nåler
Golvflata i det hemmelege rommet er på 50x65 centimeter. Betzy kan ikkje stå oppreist. Rommet er så godt tetta at menneskelukt ikkje skal sive ut.
Men det betyr at det heller ikkje kjem ny luft inn. Fleire gonger må Arne slepe ut ei medvitslaus Betzy som har sete i skjul for besøkande, potensielle tystarar.
Betzy går berre i Arne sine herrekle. Kvinnekle på tørkesnora vil vekke mistanke. Ho må halde seg vekke frå vindauga. Sovinga skjer alltid på skift. Dersom Arne er vekke over fleire dagar på arbeid midtvinters, kan ho ikkje fyre. Ingen måtte oppdage røyk. Dei må drikke erstatningskaffi av den same kaffikoppen. To kaffikoppar på bordet vil sjå rart ut dersom dei plutseleg får besøk.
Skulle det verste skje, er planen klar. Arne har ein revolver liggande. Først skal han skyte Betzy, deretter seg sjølv. Slik lever dei to, under konstant press.
Farlege naboar
Lensmannen visste om at Betzy budde hos Arne, men i staden for å avsløre bidrog han heller til å røyklegge. Som mange andre norske lensmenn under krigen var han medlem av NS. I alle fall på papiret.
– I røynda let han radiolageret stå ope slik at folk kunne låne radioane, og unngjekk å angi jødejenta som han visste skjulte seg for nazistane. I etterkrigsåra skreiv omtrent heile lokalsamfunnet under på at han måtte få tilbake jobben, og slik blei det, fortel Lena Lindahl.
– Dette synes jeg er for slapt, sier Jan Bøhler (Arbeiderpartiet) om at registeret mot jødehat har latt vente på seg. *Hva mener du om saken? Publisert av Dagen 9. april 2018
Men den farlegaste trusselen låg hundre meter lenger borte. I nabohytta festa av og til nokre av dei farlegaste nazistane i landet, Rinnanbanden.
– Det viser litt kor lett det er for ein ung person, når du kjem til eit miljø der du blir godt teken imot, det er så lett å seie ja takk. Det er altså mange av dei same mekanismane vi ser i dag, sier Lindahl.
Saman for livet
Forholdet mellom Betzy og Arne var tett allereie før krigen, og nærare skulle det bli. I 1949 gifta dei seg. Men forfattar Lena Lindahl trur det ikkje berre var lett for Betzy.
– Eg har følelsen av at ho aldri heilt godtok at ho hadde forelska seg i ein mann som både var kristen og 22 år eldre. Den skamfølelsen sat i henne, seier Lena Lindahl.
I boka fortel Lindahl at Betzy i rettsoppgjeret etter krigen fekk høyre ei historie frå fangeleiren Falstad utanfor Trondheim. Nazistane hadde helt kokande vatn over hovudet og kroppen til ein ung jøde med namnet Rosenberg. Deretter hadde dei skrubba han med ein hard kost, for så å helle iskaldt vatn over han.
Målet var å spreie skrekk slik at fangane skulle vere lydige. Betzy var overtydd om at dette måtta ha vore veslebroren hennar, Charles. Betzy skal ha sagt at då ho høyrde om torturen, besteme ho seg for å aldri få barn. Det ville ho ikkje risikere i ei verd der så grotesk mishandling var mogleg.
Traumatisert
Heile familien til Betzy Rosenberg blei drepne i konsentrasjonsleiren Auschwitz. Sjølv måtte ho leve med dei psykiske arra etter åra i hytta og veggen på Byneset.
– Det er utruleg mange gonger Betzy stod i fare for å bli avslørt. Eg har snakka med ein professor i traumepsykologi og ho samanlikna forholda Betzy levde under i desse åra med tortur, fortel Lindahl, og held fram:
– Det er til ettertanke også i dag. Korleis møter vi eit menneske som er i nød, når vi står i fare for å risikere noko sjølv? Og kva med alle dei gongene vi har høve til å hjelpe utan risiko, men likevel ikkje gjer det? Korleis skulle vi sjølv ha ønska å bli møtt, undrar ho.
– Det handlar ikkje om ein er jøde, muslim eller kristen. Folk er folk. Det høyrest kanskje banalt ut, men så enkelt er det..