VIL IKKJE SKILJE SEG UT: – Eg skulle ønske eg berre var normal. Det hadde jo vore eit mykje enklare liv då, seier småbarnsmora, «Nora». Illustrasjonsfoto

Den kristne småbarnsmora har aldri kjent seg som kvinne

«Nora» saknar at nokon ho kan relatere seg til set ord på kjønnsforvirring. Derfor gjer ho det sjølv nå.

Publisert Sist oppdatert

«Nora», som vi har valt å kalle henne, er gift, har barn og lever eit vanleg familieliv, med jobb, fritidsaktivitetar og kristent fellesskap.

I hovudet kjenner ho seg likevel unormal, sjølv om media dei siste åra har vore fulle av historier om folk som har det som henne.

På Stortinget har SV, Raudt og MDG gått inn for å innføre ein tredje juridisk kjønnskategori for slike som henne – personar som ikkje kjenner seg berre som kvinne eller berre som mann. I skrivande stund utgreier Kultur- og likestillingsdepartementet moglegheita for det same.

I dei kristne fellesskapa «Nora» er ein del av, er det derimot taust om dette temaet. Det vil småbarnsmora gjera noko med.

– Tause om det menneskelege

I det kristne miljøet til «Nora» går livet sin vante gang med det ho opplever som kjønnsinndelte oppgåver og tenester, slik det alltid har gjort.

– Einaste gongen kjønnsidentitet er eit tema, er når nokon reagerer på utspel frå transaktivistar og deira allierte.

Ho har ikkje høyrt nokon ta opp korleis usikkerheit rundt kjønnsidentitet kan opplevast, eller om dei som har det slik har ein plass i konservative kristne fellesskap.

Sjølv kjenner «Nora» berre til ein annan person som er kristen og slit med kjønnsidentiteten, men ho trur fokuset på dette i samfunnsdebatten kan gjere fleire unge usikre.

– Kjønnsforvirring forsvinn ikkje sjølv om vi ikkje snakkar om det, men det kan gjere at nokon sluttar å kalle seg kristne – ikkje fordi dei vil, men fordi dei tenkjer dei ikkje er gode nok. Eg synest ikkje det er kjekt å tenkje på.

Redd for å stå fram

Eigentleg hadde den kristne småbarnsmora lyst å trekke seg frå heile samtalen med Dagen. Men ein kommentar frå ei kristen venninne om at kjønnsforvirring berre er sjølvvald, gjorde at ho vel å dela sine erfaringar, sjølv om det kostar.

Av omsyn til familien vil ho ikkje stå fram med namn og bilete men Dagen kjenner identiteten hennar.

– Kvifor kjenner du deg ikkje som kvinne?

– Eg veit ikkje.

Ho trekk pusten. Så byrjar å ho fortelje – sakleg og usentimentalt.

– Det kan nok ha blitt forsterka av et det er så smale kjønnsroller i samfunnet, men det verste er eigentleg den kroppen eg har. Den kjennest ikkje som min.

Nora fortel at ho unngår å sjå seg sjølv i spegelen.

– Det er veldig, veldig ubehageleg.

Glad for å bli kalla gut

Som barn leika Nora ukomplisert med både jenter og gutar, men i tenåra var det noko som skjedde. Første gong ho tenkte at ho kjende seg annleis, var då ein vaksen mann trudde ho var ein gut.

– Eg blei kjempeglad, seier ho.

– Etterpå skjøna eg at dette ikkje er normalt.

På denne tida begynte jentene i klassen å bli opptatt av sminke og klede. Dei hengde plakatar av mannfolk på veggene og lo og fniste. Nora såg på det heile frå avstand.

– Eg kjende meg ikkje normal, gjentar ho.

– Det er ikkje det at eg ikkje likar å vere med jenter, men når du ikkje likar å gjere dei same aktivitetane, ekskluderer du deg sjølv frå mykje sosialt – i alle fall gjorde eg det.

Ho var med på nokre leirar og gjekk på kristne møte, men ho heldt seg på trygg avstand frå tenester og verv – og ikkje var det nokon som utfordra henne til å engasjere seg aktivt heller.

– Eg hadde ikkje frimot til å stikke meg fram, fordi eg var som eg var, fortel ho.

KJØNNSDELT FRIVILLIG INNSATS: – Det hadde kanskje vore lettare å engasjere seg i kristen teneste om oppgåvene ikkje var så kjønnsdelte, meiner «Nora»

Spesielt vanskeleg opplevde ho det var etter ho innrømte at ho ikkje hadde lyst til å gifte seg og få barn.

– Det å ikkje ville ta i mot ei «gåve» frå Gud var synd, var haldninga til eit par av dei mennene eg sa det til, legg ho til.

– Når eg ikkje blei kvitt den tanken, levde eg på ein måte «i synda», følte eg.

Så, etter mange år, blei ho likevel gravid.

Livet tar ein uventa vending

– For meg verka ekteskap til å forsterke kjønnsrollene. Eg trudde ikkje at kunne klare å leve med å vere «kona» og «mora» til nokon, fortel Nora.

Då det viste seg at han ho er gift med i dag var forelska i henne, fekk ho eit vanskeleg dilemma.

– Eg likte eigentleg å vere singel, vedgår ho.

Nora stod overfor eit val.

Ho kunne alltids berre halde fram som einsleg og avvise bestekompisen, men då risikerte ho å sjå han forsvinne inn i familielivet med ei anna kvinne.

Så var det eit tredje alternativ – rømme og skape seg ein ny identitet med eit kjønn, som var meir i samsvar med korleis ho kjende det på innsida.

Nora valde å satse på bestekompisen, men åtvara han:

«Du kan ikkje kunne rekne med at eg kjem til å pynte noko inne eller drive og tenne stearinlys og gjere sånne dameting. Og eg har ikkje lyst å bli mor»

Etter fleire år blei ho likevel gravid. «Livskrise» er ordet Nora bruker for å skildre det som skjedde då.

Det «uønskte» barnet

– Tidlegare kunne eg berre innbille meg at eg var litt kjønnslaus, men då eg gjekk der som gravid, var det jo så svært synleg kva kjønn eg var. Det blei eit ennå større misforhold mellom hovud og kropp.

SJØLVVALD KJØNNSFORVIRRING: – Dei fleste som ikkje har opplevd kjønnsforvirring sjølv, tenkjer sikkert at det er noko eg berre har funne på. Illustrasjonsfoto.

Graviditeten blei ikkje betre då ho fekk vite at barnet i magen var ei jente.

– Eg tenkte mykje på kor vanskeleg det er å vere jente og korleis det må vere å vekse opp for henne utan å ha ei «vanleg mor». Hadde det vore opp til meg, hadde eg heller vore far.

Graviditeten blei til slutt så vanskeleg å hanskast med at ho ikkje ville leve lenger, men ho hadde ikkje lyst å ta livet sitt heller. Fast bestemt på å stå løpet ut og gjere det beste ut av situasjonen tok ho kontakt med psykiater.

Rådet ho då fekk var å ta abort og skilje seg.

Ingen veg tilbake

Etter ni månader kom veslejenta likevel til verda, og Nora blei verande hos mannen sin.

– Ei god og jordnær jordmor hjelpte meg i gode samtalar. Ho gav meg trua på at det skulle gå.

Dei første månadane etter fødselen blei like vanskelege som ho frykta, men så var det noko som losna.

– «Eg er jo glad i denne ungen, jo», kjende eg etter kvart.

Nora smiler vemodig, medan ho fortel stadig like roleg og sakleg.

– Eg angrar ikkje sånn sett, men det hender eg tenkjer at eg ikkje skulle blitt gravid.

Når slike tankar kjem, pleier ho å skyve dei bort.

– Viss eg berre skulle tenkt på kva som hadde vore enklast, skulle eg jo ikkje ha gifta meg heller, men det er jo fint å ha ein familie og.

– Tenkjer du på korleis livet kunne vore som einsleg?

– Ja, men hadde eg vald bort eigen familie, hadde eg kanskje tenkt det same – korleis det hadde vore viss eg hadde gifta meg.

I staden tenkjer ho mykje på korleis ho kan vere for dottera det ho sakna i oppveksten.

Saknar tydelege kristne

– Eg vil vere open om at det finst nokon som opplever å ikkje passe inn i det normale, men at dei er like mykje verd for det.

Ho tenkjer seg om.

– Det er kanskje det eg sakna mest som ung, å høyre at eg var like mykje verd – at eg kan få vere hos Gud, slik som eg er.

INGEN NÅDE: – Eg tenkte jo heile tida at ingen var så stor synder som meg, og at nåden derfor ikkje gjaldt meg, seier Nora.

– Mange vil sei at det er ikkje er uvanleg å tale om at Gud elskar deg uansett kven du er og kva du har gjort?

– Ja, men nokon gonger kunne det vore litt greitt å vite kva talarane har gjort gale og av og til, så det ikkje blir berre nokon fjerne frasar det er vanskeleg å relatere seg til.

Aller mest sakna ho å høyre dette bodskapet frå nokon som kjende henne og visste kva ho sleit med.

– Det er stor forskjell på å høyre om Gud sin kjærleik og nåde i ein generell tale og å oppleve det frå nokon som kjenner deg og veit korleis du har det, påpeiker småbarnsmora.

Vil ikkje «stikke seg fram»

Ho meiner at samtaletenestene som finst i dag, ikkje fangar opp slike som henne.

Liberale kristne grupperingar som arbeider for kjønns- og seksualistetsmangfold i kyrkja klarer ho ikkje identifisere seg med grunna ulikt bibelsyn. Den kristenkonservative samtaletenesta Til helhet opplever ho er mest opptatt av seksuell orientering. Transaktivistar elles i samfunnet er ho grunnleggjande ueinig i. Likevel forsvarer ho dei.

– Eg vil folk skal forstå at kjønnsmangfald ikkje berre er ei sak me skal argumentere imot i media, men ekte menneske med ekte kjensler. Dei som alle andre har behov for å kjenne seg verdifulle og forstått.

Ho har leika med tanken på sjølv å vere stemma ho saknar i kristenkonservative miljø, kanskje som samtalepartnar – kanskje på temamøte for ungdom til dømes, men ho torer ikkje – ikkje ennå.

Derfor er ho konservativ

– Har det freista å leggje andre sine meiningar til sides og berre starta eit nytt liv i ny kropp?

– Eg har tenkt tanken, men eg trur ikkje eg hadde funne fred då heller. For meg hadde det blitt å rømme frå sanninga i Bibelen. Eg trur verkeleg at det er Jesus som er vegen, sanninga og livet – og då må eg ta konsekvensen av det.

Stadig kjem Nora tilbake til Bibelen når ho skal grunngje livsvala sine.

Likevel har ho tenkt mykje på om det hadde vore enklare å ikkje ha noko tru i det heile tatt.

– Det står skrive at Gud døydde for oss medan me ennå var syndarar. Det er ikkje berre lett å tru at deg gjeld meg òg, men for meg finst det ikkje noko alternativ som er betre enn å vere Hans, så då klamrer eg meg fast til håpet.

Har landa i trua, men ikkje i kroppen

Opplevinga av å vere framand i eigen kropp har Nora framleis, men over tid har noko endra seg.

– Eg har landa litt meir – om ikkje i kroppen eg har, så litt meir i trua på Jesus og personen han har skapt meg til å vere – ei dame som kjenner seg litt som ein mann eller noko midt i mellom.

– Korleis klarte du å lande i det?

– Det kom vel berre litt gradvis. Paulus bad Gud om å fjerne torna i kjødet. Det har eg og gjort.

Nora trur kjønnsforvirringa er hennar torn i kjødet.

– Gud svara Paulus at «min nåde er nok for deg». Eg trur det gjeld meg og. Derfor må eg finne ein måte å leve med det på, heller enn å bruke opp kreftene mine på å få kroppen min og kjenslene mine til å forsvinne.

Igjen understrekar ho at det er mogleg å halde på trua og bibelsynet sitt sjølv om ein har det slik, men då meiner ho det er viktig at det kristne fellesskapet viser respekt for at nokon lever åleine.

– Familiefokuset og det idealiserte ekteskapet kan gjere kristne miljø ekstra ekskluderande for slike som meg. Folk bør ikkje mase så mykje om det, for dei veit ikkje kva som ligg bak at nokon er single.

TAKKSAM, TRASS ALT: – Det varierer korleis klarer sjå på livet, men eg vil vere takknemleg for det eg har, seier Nora.
Powered by Labrador CMS