Derfor kan det bli ekstraordinært landsmøte
Fleire i KrF peiker på grunnar for at det er eit ekstraordinært landsmøte som skal avgjere samarbeidsspørsmålet.
På veg inn i landsstyremøtet fredag, sa leiaren av KrF Kvinner at ho ville ta til orde for eit ekstraordinært landsmøte. Ann Kathrine Skjørshamer seier til Vårt Land at eit slikt landsmøte er nødvendig for å forankre og debattere KrFs vegval.
Argumenta for er fleire: Det førre samarbeidsvedtaket vart gjort på eit landsstyremøte, men glei gjennom landsmøtet utan debatt. Det har skapt frustrasjon i deler av partiet at ein opplevde at ein ikkje fekk vere med på ein faktisk behandling av spørsmålet. Difor meiner dei at det rett at det er eit landsmøte som må gjere eit nytt vedtak.
Eit vedtak om samarbeid vil få større legitimitet om det er landsmøtet som gjer det, vert det framheva.
I teorien kan landsmøtet til våren overprøve eit vedtak som vert gjort av landsstyret i haust. Det vil ikkje vere til å leve med, peiker fleire i partiet på.
Det kan verke som om argumenta for å kalle inn til eit ekstraordinært landsmøte er sterkast hos dei i partiet som vil inn i regjering. Det er ein viss irritasjon over at dei fylka som har flest KrF-stemmer på Vest- og Sørlandet berre har ei stemme i landsstyret, like mange som stemmefattige KrF-fylke.
I det ligg det også ei forhåpning om at eit landsmøte kan vere meir villeg til å stemme for å gå inn i dagens regjering. Men dette er det ingen som veit sikkert.
Dette vert understreka av kartleggingar mellom lokalpolitikarar og tillitsvalde i KrF som både VG, Klassekampen og Dagen har gjort til i dag: Eit fleirtal av dei som har svart, vil samarbeide med høgresida i norsk politikk. Fleire av dei er også positive til å gå i regjering med Frp, i strid med det gjeldande vedtaket.
Motargument for eit ekstraordinært landsmøte er at det er svært dyrt og arbeidskrevjande, og det vil svi ekstra sidan den økonomiske støtta til KrF har gått ned. Og det blir peika på at partiet må klare å handtere ei slik usemje utan å kalle inn til ekstraordinært landsmøte.
Sist det var ekstraordinært landsmøte, var i januar 2004 då Dagfinn Høybråten vart valt til ny leiar etter at Valgerd Svarstad Haugland valde å gå av.
Det er ingenting i KrFs reglar som er i vegen for eit ekstraordinært landsmøte: Der står det at landsstyret kan kalle inn til ekstraordinært landsmøte på ein månads varsel. Den opninga kan landsstyret kome til å nytte seg av i dag.