AVLIVAR MYTAR: Ny undersøking om evangelikale veljarar viser at motivasjonen deira for å røyste på Donald Trump var meir nølande og samansett enn det som ofte kjem fram i media.

Derfor støtta evangelikale Donald Trump

Økonomi og helsepolitikk var meir avgjerande enn abort og andre verdispørsmål, ifølgje ny undersøking.

Publisert Sist oppdatert

Sidan presidentvalet i 2016 har mange spaltemeter og sendetimar gått med til forsøk på å forklare kvifor 81 prosent av kvite evangelikale kristne røysta på Donald Trump, ifølgje valdagsmålingar.

No har Billy Graham Center Institute ved Wheaton College gjennomført ei omfattande spørjeundersøking for å finne ut korleis denne gruppa tenkte framfor presidentvalet for to år sidan.

Økonomi øvst

Ja til livet-spørsmål er sterkt vektlagt av mange amerikanske kristne. Tre av fire evangelikale seier at dei er villige til å røyste på ein kandidat som verkeleg var pro-life.

Men når ein ser på sakene som var avgjerande for evangelikale veljarar for to år sidan, kjem likevel abort langt ned på lista. På spørsmål om kva som var den eine mest avgjerande grunnen til at dei røysta på sin kandidat, er det berre 5 prosent av evangelikale veljarar som nemner abort.

Heller ikkje utpeiking av dommarar til Høgsterett og andre domstolar, som ofte vert trekt fram som ei viktig sak, seinast med striden rundt utnemninga Brett Kavanaugh, hadde høg prioritet. Berre 5 prosent peikar på dette som den avgjerande saka.

Langt fleire peikar på evne til å forbetre økonomien (17 prosent), syn på helsepolitikk (11 prosent), syn på innvandring (10 prosent) og evne til å sikre nasjonal tryggleik (9 prosent).

Blant evangelikale som røysta på Trump, er det langt fleire som nemner økonomi (19 prosent) eller innvandring (15 prosent) som den eine, viktigaste saka.

Nølande veljarar

Oppslutnaden om Trump blant kvite evangelikale vert stadfesta i undersøkinga. 77 prosent av desse seier at dei røysta på han. Til samanlikning var det berre 9 prosent av afroamerikanske evangelikale som gjorde det same. Mellom evangelikale hispanics og andre etnisitetar var oppslutnaden om presidenten høvesvis 41 prosent og 48 prosent.

Men eit viktig poeng i undersøkinga er at mange som røysta på Trump, ikkje gjorde det med entusiasme. Ein av tre evangelikale seier at dei ikkje røysta for den eine kandidaten, men mot den andre. 18 prosent røysta mot Clinton, 15 prosent mot Trump.

Ei viktig slutning av undersøkinga er at amerikanske evangelikale «kjende seg forplikta til å engasjere seg i den politiske prosessen sjølv når kandidatane er langt frå ideelle», ifølgje Christianity Today.

Fleire støtta Bush

Rundt ein av fem amerikanarar er evangelikale kristne dersom ein føreset at dei ser Bibelen som sin høgste åndelege autoritet og trur Jesus Kristus er einaste veg til frelse, ifølgje undersøkinga som er utarbeida i samarbeid med LifeWay Research.

Ein av tre evangelikale kristne er ikkje kvit, og ein av tre er demokrat. Totalt sett var det 53 prosent av evangelikale kristne som røysta på Trump i 2016. Dette er ein større del enn republikanarane Mitt Romney (46 prosent) og John McCain (49 prosent) fekk ved dei to førre vala. Men det er mindre enn George W. Bush (69 prosent) fekk i 2004.

Ein av fem evangelikale veljarar røysta ikkje under valet i 2016.

Saker, ikkje person

Den ferske undersøkinga viser at evangelikale veljarar er meir opptekne av sakene enn av kandidaten. Eit fleirtal av evangelikale veljarar (59 prosent) seier seg samde i at ein bør røyste meir ut frå politiske saker enn person. Og 67 prosent seier seg samde i at kristne kan nyte godt av ein politisk leiar sjølv om det personlege livet til denne leiaren ikkje samsvarar med kristen lære.

Kompromiss

Evangelikale er meir opptekne av politikk enn ikkje-evangelikale. Nesten ein tredel (30 prosent) meiner politikk er ekstremt viktig.

Ed Stetzer, som er professor ved Wheaton College og leiar for Billy Graham Center, meiner det er viktig å vere klar over at det er komplekse årsaker til at veljarar røystar som dei gjer. Han meiner det blir unyansert å stadig snakke om 81 prosent støtte til Trump blant evangelikale.

– For mange evangelikale ser det ut til å ha vore vanskeleg å finne ein kandidat dei fullt og heilt kan gå inn for, og dei har vorte nøydde til å velje den dei ser som best skikka mellom alternativa dei har, seier Stetzer.

Får kritikk

Undersøkinga får skarp kritikk frå den venstreorienterte evangelikale organisasjonen Sojourners. «Ein ny studie av evangelikale veljarar igronerer rasisme», skriv assisterande webredaktør Daniel José Camcho.

«Studien ser ut til å førestille seg ei mangfaldig, sameint evangelikal rørsle som ikkje finst», skriv Camcho.

Han meiner det å vere evangelikal er blitt like mykje definert av politikk, kultur, historie og rasedelte institusjonar som av kva ein faktisk trur.

Powered by Labrador CMS