Derfor støttar dei Visjon Norge
TV Visjon Norge har rundt 11.000 sjåarar kvar dag. Pinsehøvding meiner at kristne må framheve det positive ved kanalen.
Klokka slår åtte på kvelden, og John Egil Strandtun (71) benkar seg framfor fjernsynet. Det gjer han kvar kveld elles i veka også.
– Det er ikkje noko å sjå på NRK og TV 2, seier han.
Pensjonisten frå Sotra er ein trufast sjåar av Visjon Norge. Han er ikkje samd i alt som blir presentert på kanalen, men meiner Jan Hanvold får urimeleg mykje kritikk.
– Folk blir frelst på kanalen så å seie kvar dag. Dei har eit stort fokus på bøn, og dei står ved Israel. I tillegg hjelp kanalen dei fattige i Aust-Europa, og det er ein utruleg organisasjon dei har bygd i Moldova og Albania, seier Strandtun.
– Ingenting på NRK
Til vanleg går han og kona Inger i ei forsamling tilknytta Norsk Luthersk Misjonssamband på Sotra, i tillegg til det lokale bedehuset.
Frå godstolane i stova ser det pensjonerte ekteparet hovudsakleg kveldsprogrammet «Studio Direkte». Dette er kveldssendinga på kanalen, og er ei blanding av musikk, talk-show og innsamlingsaksjon.
Strandtun meiner at det er det beste som går på TV.
At kanalen har eit anna teologisk utgangspunkt enn dei, er noko han tek med knusande ro.
– Det har eg ikkje noko problem med. Viss ikkje dei kristne forsamlingane rundt om i landet står saman, vert det ikkje noko vekking.
Turbulent år
Det siste halvåret har det storma rundt TV Visjon Norge. I februar fekk kanalen nasjonal merksemd då den venezeluanske pastoren Dionny Baez lova på direkten at alle som gav 2020 kroner til kanalen, hadde «beskytta borna sine mot koronaviruset».
I april kom det fram at Visjon Norge måtte betale 250.000 kroner i gebyr for uloveleg marknadsføring av kosttilskotet Chaga, som dei påstod var «virushemmande».
Seinare same månad vakte det sterke reaksjonar at David Auke omtala Ari Behns sjølvmord som at Kong Harald «fekk det tilbake som ei kule i sitt eige hus», fordi han i 2017 aksepterte både muslimar og homofile i ein tale i Slottsparken.
Den siste månaden har fleire sentrale samarbeidspartnarane valt å forlate kanalen. Evangeliesenteret, Adventistkirken, Livets Ord og Norea Mediemisjon, har alle flytta programma sine bort frå kanalen.
Går ei grense
At det har vore uheldige episoder, har også Strandtun fått med seg. Men han har aldri vurdert å skru av kanalen for godt.
– Eg trur at det er mykje som blir teke på sparket, som kanskje ikkje er så gjennomtenkt. Eg vil ikkje kritisere dei for det.
– Men går det ei grense for kva du kunne godteke?
– Sjølvsagt går det ei grense, men eg har ikkje definert den. Eg ser at mange har så lett for å henge seg opp i små ting som ikkje betyr noko. Det meiner eg er feil. Det blir ikkje noko samhald eller vekking viss vi ikkje går saman i bøn. Vi må vise kjærleik for kvarandre, og ikkje slåst, meiner han.
Frivillig for Hanvold
Pensjonist Gerd Nøkling (71) bur i Åsane i Bergen og er tilknytta ei pinsekyrkje. Ho har tidlegare vore frivillig for Visjon Norge, då kanalen var med og eigde Forum Kino i Bergen.
Ho har også vore fleire turar på høgfjellshotellet Hallingskarvet og Visjon Gjestegård.
Ho har ikkje snakka med Jan Hanvold på fleire år, men seier at ho og ektemannen hadde eit godt forhold til Hanvold. Dei var til og med på grillfest i hagen hans.
– Eg var først skeptisk til Hanvold, for han er jo ein «tjuagutt fra Drammen», men då eg «såg hjartet hans», følte eg at dette var det rette for oss å engasjere oss i, fortel Nøkling.
Ho viser spesielt til naudhjelpsarbeidet i Albania og Moldova.
Vil heidre Hanvold
I 2014 døydde ektemannen, og ho har ikkje hatt noko engasjement for kanalen sidan. Ho meiner at kritikken Hanvold har fått dei siste åra har vore urettferdig.
– I Bibelen står det om å kappast om å heidre kvarandre. Det er ikkje så mange kristne som vil heidre Jan Hanvold, sjølv om han er ein mann som verkeleg har sett spor, seier Nøkling, og legg til:
– Jan Hanvold er ikkje perfekt, men han peikar på ein som er perfekt, og det er det viktigaste.
Fast givar
Nøkling seier at ho ser på kanalen dagleg, men innrømmer at nyheitssendingane under koronakrisa har gått framfor «Studio Direkte» på Visjon Norge.
Ho er også ein fast givar til kanalen - ein så kalla «partnar».
Det er provoserande, meiner ho, når kanalen vert skulda for å ta pengar frå ressurssvake eldre.
– Kanalen må jo ha inn pengar. Han har ikkje ei slik kasse som NRK på fem milliardar å ta av, men må samle inn kvar einaste krone, og då gjer dei sjølvsagt det i beste sendetid.
– Viser spennet
– Dette viser breidda blant Visjon Norge-sjåarane, meiner Arne Pedersen.
Han er programmedarbeidar i Visjon Norge og har tidlegare vore redaksjonssjef i kanalen og bibelskulerektor for Visjon Bibelskole.
Han seier at kanalen har sjåarar frå heile landet, i tillegg til resten av Skandinavia - inkludert Færøyane.
I tillegg er det mange av sjåarane deira som held til i grisgrendte strøk. Dei har mellom anna mange sjåarar i Finnmark, fortel han.
– Grunnen til at mange ser på, er nok at det er vanskeleg å kome seg til ei kyrkje, eller at det er vanskeleg å finne ei levande kyrkje i det heile. Vi anbefalar alle som kjem til tru gjennom kanalen å finne seg ei lokal kyrkje eller forsamling.
11.000 partnarar
Pedersen seier at kanalen i 2019 hadde 10.500 «partnarar», altså personar som støttar kanalen økonomisk. Dette talet er inkludert dei som gir øyremerka naudhjelpsarbeidet.
– Vi har eit trufast grunnfjell som tåler ein trøkk og er glad i Visjon Norge uansett, seier han.
Pedersen fortel at det er stadig nye givarar som kjem til. Berre under Albania-aksjonen i vår samla kanalen inn 4,5 millionar til naudhjelpsarbeidet.
– Men ein må vere klar over at vi har ein del eldre støttespelarar som får heimlov heile vegen, og då er det ei utfordring å bygge opp ein solid partnarbase i takt med dei som fell bort. Vi må jobbe med å få ned gjennomsnittsalderen.
Pedersen opplyser at kanalen har mista 400 partnerar gjennom våren og meiner at det skuldast både medieoppslaga og at fleire enn normalt har døydd.
Stor familie
Pedersen seier at kanalen får i snitt mellom 800 og 1100 telefonar til «Call-senteret» kvar kveld. I tillegg kjem SMS.
Han meiner at «Visjon Norge-familien» er større enn den ser ut som, og at den er større enn berre dei faste partnerane.
– Vi har mange som er med og gir eit mindre beløp. Det er dei som uansett er dei viktigaste. Utan desse hadde vi aldri hatt ei omsetning på 95 millionar i året. Sjølv 200 kroner kan bety mykje, seier Pedersen.
Ingen er feilfri
Mangeårig pinsepastor og mediemann David Østby har vore ein mykje brukt gjest på kanalen. I tillegg har han laga fleire programseriar for Visjon Norge.
Han meiner at kanalen tilbyr noko viktig for mange eldre og einslege.
Støttar kritikk
Han er langt frå samd i alt som blir sendt på kanalen og delar kritikken mot Dionny Baez og David Auke sine ytringar på kanalen.
Han meiner likevel at kritikken mot kanalen og Jan Hanvold har blitt altfor sterk.
– Det forundrar meg at kristne og humanetikarar står saman i kritikkstormen, med den hensikt å la Visjon Norge gå i svart. Ingen kanal er feilfri, heller ikkje dei kristne. Det må vi leve med, meiner Østby.
Han fortel at han har sakna at det blir skrive noko positivt om kanalen, og seier at det er jo sjåaren som styrer «av og på»- knappen.
– Det må da finnes noko positivt å seie. Visjon Norge har eit stort programutval, og ein står fritt til å sjå kva ein ønskjer å sjå, seier Østby, og legg til:
– Den dagen skjermen går i svart, vil kanskje nokon angre på dei bitre orda.
Vil kanalen vel
Ein av dei som har kritisert TV Visjon Norge den siste tida er Jarle Haugland i Tro og Medier. I april publiserte han i Dagen kronikken «Skal enda en kamel fra Visjon Norge svelges?», kor Haugland oppfordra til å ikkje støtte kanalen «inntil Visjon Norge har endret teologi og profil».
Han seier at Visjon Norge er ein viktig kanal med mange gode program, og at han forstår at mange vel å sjå på den.
– Folk har blitt frelst når dei har sett på kanalen. Burde ikkje resten av «kristenfolket» kunne sjå mellom fingrane med dei uheldige episodane?
– Vi skal ta del i feiringa på same måte som det er feiring i himmelen når eit kvart menneske kjem til tru. Det er likevel slik at viss ein ser på kyrkjehistoria, så har ein ikkje sett gjennom fingrane med usunn teologi og leiarskap. Ein må klare å ha to tankar i hovudet, seier Haugland.