KYRKJEPOLITIKAR: Therese Egebakken er ein av profilane i Frimodig kirke. Stavanger-kvinna er frå før vald inn i Kyrkjerådet, Stavanger bispedømmeråd, Kyrkjemøtet og i menighetsrådet til Sunde kyrkjelyd.

Konservative lister dominerer i årets kyrkjeval

Aldri før har så mange lister stilt til val.

Publisert Sist oppdatert

Tre nomineringsgrupper er registrert til kirkevalget i år:

Bønnelista, Frimodig kirke og Åpen folkekirke.

Årets kyrkjeval blir dermed historisk.

Kva er Kyrkjevalet?

Demokratisk val der ein vel kven som skal styre Den norske kyrkja dei neste fire åra.

Dnk-medlemmar vel då representanter til sokneråd (lokalt), bispedømmeråd (regionalt) og Kyrkjemøtet (nasjonalt)

Neste val er 10. og 11. september 2023

På valdagen kan du stemme i kyrkjevalet i nærleiken av kommunevalet.

I 2023 kan du forhåndsstemme digitalt frå 10. august til 6. september

Medlemmane i Den norske kyrkja, fødde i 2008 eller før har stemmerett i 2023

Alle medlemmer over 18 år kan stille til val.

Historisk

Frimodig kirke stiller liste for første gong. Det betyr at du første gong kan velje mellom to ulike lister til høgre i det kyrkjepolitiske landskapet. Både Frimodig kirke og Bønnelista har ein teologisk konservativ profil.

Åpen folkekyrkje ligg til venstre.

I tillegg stiller Nominasjonskomiteens liste. Denne lista er blokkuavhengig. Det vil seie at kandidatane ikkje treng forplikte seg til ein felles politisk plattform. Dei er derfor spreidd over heile det kyrkjepolitiske spekteret.

Valet skjer i haust

Det er kyrkjeval 10. og 11. september 2023. Alle som er medlem i Den norske kyrkja (Dnk) kan stemme ved Kyrkelvalet.

– Her er din sjanse til å bruke din stemme for å skape fremtidens kirke, reklamerer Dnk på kirken.no.

Powered by Labrador CMS