– Det er ikkje humant å behandle gamle damer slik
Rettferdighet i asylpolitikken (RIA) set inn siste støt i kampen om amnesti for rundt 60 eldre asylkvinner.
Tre bestemødrer set seg på tidlegflyet frå Stavanger til Oslo måndag morgon. I bagasjen har dei med seg ei 3000 underskrifter som skal leverast på Stortinget. Dei skal gjere eit siste forsøk på å nå fram til politikarane med det som har vore ei kampsak for dei sidan 2012: at rundt 60 eldre, einslege kvinner som i årevis har budd på asylmottak i Noreg må få varig opphald.
– Når departementet har avvist sakene til desse kvinnene og sagt dei må reise ut av landet, håpar vi at politikarane kan ta ballen og lage eit tverrpolitisk fleirtal for at dei skal få bli, seier Lene Høigård.
Saman med Anne Grete Jenssen og Wenche H. Drevland tek ho no siste innspurt i kampen for dei eldre asylkvinnene. Dei er alle ein del av kvinnegruppa i RIA, Rettferdighet i asylpolitikken.
– No ser vi ikkje at vi kan gjere meir, vi har gjort alt i vår makt, forklarer dei.
Fastlåst
Engasjementet starta ved at stavangerkvinnene blei kjent med ei av dei eldre asylkvinnene då dei skulle hjelpe henne med å skrive ein omgjeringssøknad på eit vedtak frå UDI.
– Vi har kjent nokre av desse kvinnene i fleire år, og synest det er ille at dei lever i ein så fastlåst situasjon, seier Høigård.
Kvinnene det er snakk om har vore i Noreg frå 7 til 20 år. Alle kjem frå land eller område prega av krig og konflikt. Dei har rett på akutt helsehjelp, men statusen som papirlause asylsøkarar gjer at dei til dømes ikkje har rett på å søke om fastlege eller å få dekka utgifter til sjukeheimsplass. Livssituasjonen til kvinnene er dominert av angst, utryggheit, sosial isolasjon og ekstrem fattigdom, skriv RIA i ein rapport om kvinnene som dei gav ut i fjor.
– Realiteten er at desse damene er så gamle og svake at dei ikkje har noko grunnlag for å starte på nytt når dei kjem tilbake til heimlandet. Då blir dei sittande fast i denne uverdige situasjonen. Det er ikkje humant av Noreg å behandle gamle damer slik, seier Anne Grete Jenssen i RIA.
– Vårt ansvar
I vandrehallen på Stortinget tek Olaug Bollestad (KrF) imot underskriftene. Dei innvandringspolitiske talspersonane Nicholas Wilkinson frå SV og Masud Gharahkhani (Ap) har også møtt opp.
– Dette er snakk om eldre, sjuke damer. Det norske samfunnet kan ikkje gjere seg kjent av å behandle dei slik. Vi kan ikkje stikke hovudet i sanden som ein annan struts. No er dei vårt ansvar og eg skal gjere alt eg kan, slår Bollestad fast.
– Men viss desse får opphald, vil ikkje svært mange andre også kreve det?
– Vi kan ikkje skubbe argumentet om at det vil skape presedens framom oss og berre late som om desse damene ikkje eksisterer. Dette er ikkje nye asylsøkjarar. Dei bur her i dag og har ingen annan stad å gå til, seier Bollestad.
Ho får medhald frå Nicholas Wilkinson i SV.
– Synest vi det er greitt at eldre og svært sjuke menneske må bu på asylmottak? Nei. Det er i tillegg svært få asylantar som kjem til Noreg i dag frå denne gruppa, seier Wilkinson.
Amnesti-håp
Politikarane har høve til å instruere utlendingsstyresmaktene i lovforståinga på ein måte som kan gi kvinnene opphald på humanitært grunnlag. RIA håpar no at politikarane på Stortinget vil kunne samle seg om å gjere eit unntak og gi kvinnene varig opphald i Noreg. Sist gong norske politikarar gav eit slikt amnesti, var i 2014. Då blei det gitt som ei eingongsløysing for ei gruppe asylbarn der foreldra hadde oppgitt feil id.
Kvinnegruppa i RIA meiner at eit amnesti er den einaste løysinga for dei lengeverande asylkvinnene, skriv dei i rapporten.
– Situasjonen deira er så spesifikk at eit amnesti kan forklarast med bakgrunn i humanitære og menneskelege omsyn, utan at det vil få ei signaleffekt. Det vil gi desse kvinnene eit trygt og verdig liv på deira eldre dagar.
Då Dagen skreiv om dei eldre asylkvinnene i fjor, sa Bent Endresen i advokatfirmaet Endresen Brygfjeld Torall at det juridisk sett vil vere uproblematisk å gi desse kvinnene amnesti.
– Det er ein av fleire måtar dette kan løysast på, sa Endresen, som har arbeidd med flyktningsaker i rundt 40 år.
– Stel merksemd
Men å tilby dei eldre kvinnene amnesti, står ikkje øvst på programmet til regjeringspartiet Frp. Innvandringspolitisk talsmann Jon Helgheim har ikkje høyrt om aksjonen til RIA, men avviser tvert at det kan bli aktuelt å gå med på.
– Det er eit veldig stort påtrykk frå aksjonsgrupper som meiner at akkurat den eller den som dei kjempar for bør få opphald. Dei som verkeleg treng hjelpa vår, blir usynlege på grunn av alle desse aksjonsgruppene som stel merksemda, seier han.
Helgheim meiner at så snart eit menneske får beskjed om at ein ikkje får opphald i Noreg, bør han eller ho reise ut av landet.
– Nokre meiner at du skal få opphald viss du er for ung, for gammal, for sjuk. Då får snart alle bli. Det er det uaktuelt å gi etter for.
Ryggar baklengs
Kvinnergruppa i RIA fortel at sjølv om dei no formelt sett har gripe det siste halmstrået i kampen for asylkvinnene, kjem dei til å halde fram med å privat følgje opp dei kvinnene som dei kjenner godt og føler på eit personleg ansvar ovanfor. Stavangerdamene vedgår at det har vore ein seig kamp mot systemet. Dei har også merka skepsis blant vanlege folk når dei har vore ute og samla inn underskrifter.
– Eg føler folk ryggar baklengs berre dei høyrer ordet asylpolitikk, seier Anne Grete Jenssen.