«Det går over berre du får gifta deg med ei dame»
Det var rådet pinsevennen Karl-Rune Nilsen fekk i forsamlinga. Men kjenslene han hadde for andre menn forsvann ikkje.
Både hovudstaden og firmalogoar har denne veka teke på seg regnbogedrakta for å hylle Pride, Noregs største feiring av skeiv kjærleik og mangfald. Men i eit hjørne av festen står ei lita gruppe homofile som ein sjeldan høyrer om: Dei som ikkje lever ut legninga. Karl-Rune Nilsen er ein av desse.
Karl-Rune levde i mange år utan å klare å uttrykke kva han kjente på. Heller ingen andre fanga det opp. Pinsevennen meiner kristne forsamlingar vegrar seg for å prate om seksualitet.
– Vi snakkar gjerne om at Jesus metta 5.000, men sex er det vanskeleg å snakke om. Verda utanfor derimot, dei tek gjerne folk med buksene nede. Eg skulle ønske at kristne var meir ærlege med seg sjølve og våga å stille spørsmål om korleis vi eigentleg har det i våre ekteskap og relasjonar, seier han.
Såg ingen utveg
På Jeløya utanfor Moss veks Karl-Rune Nilsen opp i ein syskenflokk på åtte. Faren drikk. Faren slår. Karl-Rune teier. Som 25-åring døyr mora. Karl-Rune går på den tida på bibelskulen Betelinstituttet i Trondheim og får ein skikkeleg smell.
– Eg var 25 år og hadde ikkje noko språk for kjensler. Alt kom fram, som eit ras.
Heldigvis møtte han sjukepleiaren Marie Aakre. Karl-Rune fekk leige eit lite rom heime hjå henne og mannen. Der fekk han det han trengde, ei trygg hamn.
– Eg snakka ikkje så mykje, men å få vere der tok brodden av angsten. Marie blei ein av dei viktige støttespelarane som gjorde at eg klarte å reise meg.
I samansuriet av sorg og kjensler våga Karl-Rune å begynne og snakke om det han hadde følt på ei stund. Dei kjenslene han gjerne skulle hatt for ei kvinne, dukka opp for menn. Ein av dei han opna seg for, sende Karl-Rune vidare til ein eldstebror og familiemann.
– Då vi sat der i bilen og eg fortalde kva eg følte på, trekte han pusten tungt og sa: «Eg veit korleis du har det. Eg har det på same måten, og det er ingen veg ut av dette».
Trass den motlause meldinga, klarte Karl-Rune å stable saman livet sitt.
– I ein slik situasjon får mange eit intenst forhold til alkohol, sex, piller eller jobb. For min del blei eg heilt hyper og superkreativ på jobbfronten. På den måten kunne eg fortrenge alt anna.
Falskt flagg
Karl-Rune startar etter kvart å jobbe i ein blomsterbutikk i området han vaks opp. Snart forelskar den nydelege dottera til ho som eig butikken seg i den driftige blomsterdekoratøren. I pinseforsamlinga blir han tilrådd å gifte seg med henne.
– Det endar opp med at eg frir. Vi ville gjere alt rett, hadde eit enkelt bryllaup og var opptekne av at vi skulle følgje den svarte boka, Bibelen. Vi hadde mykje bra saman, men ikkje på det seksuelle planet. Eg klarte det ikkje. Det var veldig frustrerande for oss begge. Ho som kvinne opplevde nok at eg ikkje klarte å bekrefte henne, fortel han.
Etter to år blei det skilsmisse. Samtidig hadde Karl-Rune engasjert seg i organisasjonen Living Water, som mellom anna jobba med folk som ikkje ville vere homofile. I dag leier han rørsla i Noreg, som no har bytt namn til Journey.
– Der møtte eg ein ærlegdom og ei sanning som eg ikkje hadde møtt før. Eg slapp å prestere, no fekk eg lov til å vere meg sjølv. Endeleg følte eg meg så trygg at eg torde å opne meg. Det starta ein vanskeleg og krevjande prosess, men eg angrar ikkje i det heile tatt. Å ikkje leve ut følelsane mine for det same kjønn, er eitt av dei beste vala eg har tatt, seier han.
Filbytte
Karl Rune fortel at han har møtt 200-300 stykke over heile verda som har valt den same vegen som han.
– Eg har vore så heldig å fått lov til å sjå at 20-30 av dei har gifta seg med det motsette kjønn.
– Er det aktuelt for deg?
– Eg har valt å leve åleine. Eg veit ikkje om eg kjem til å gifte meg med ei kvinne seinare i livet.
– Viss ein går inn i eit ekteskap etter å ha vore gjennom ein slik prosess, er ikkje det ein risiko for å påføre ektefellen eit svik?
– Det som er nøkkelen, er ein enorm ærlegdom og ikkje å ha veldig store forventningar. Å finne eit vennskap med det motsette kjønn er viktigare. Eg har sett at dei som giftar seg med min bakgrunn, gjer det i vaksen alder når ein har avklart ein god del ting. Ikkje i ung alder med uavklart bagasje slik som meg. Eg gjekk jo inn med falskt flagg.
– Er det då snakk om ekteskap der seksuallivet ikkje er ein del av pakken?
– Eg veit jo ikkje korleis folk har det i senga. Kvart ekteskap er unikt. Ein tidlegare homofil eg kjenner, gifta seg for eitt år sidan. No har dei blitt foreldre.
Biltur med Gud
Med ein far som var valdeleg, blei farsbiletet til Karl-Rune tidleg slått i stykke.
– Det har aldri vore krevjande for meg å sjå på Gud som frelsar, men å tenke på Gud som far. Korleis skal eg kunne stole på ein Gud som seier han er god når min jordiske far ikkje er det?
Då han tok imot Jesus som 14-åring, følte han på ein fred for første gong i livet. Skulekarakterane som var på full fart nedover, snudde plutseleg. Heile omvendinga blei helande for han. Etter at mora døydde, fekk han også eit nærmare forhold til faren.
– Eg kunne seie at eg var glad i han då han døydde. Eg hadde blitt kjent med ein Gud som reparerer.
Etter at skilsmissa var eit faktum, la Karl-Rune ut på ein tre dagar lang biltur. Som passasjer inviterte han Gud. Han får tårer i augo når han fortel om døgna i bilen.
– Heile turen følte eg at eg snakka med Gud. Eg spurde «Korleis kan du som seier du er ein god Gud velje å legge eit kors på eitt av dine barn på denne måten her?». Han svarte. Han trøysta. Han var der for meg.
Å få sjå på Gud som far, har blitt ei hjartesak for Karl-Rune.
– I dag er det så få av oss som er kalla til å berre vere son eller dotter. I staden er vi kalla til forsamlinga for at vi skal gjere noko, kome med gåvene våre. Eg trur at den kvileplassen har blitt underkjent i all vår effektivitet.
Tog for dei skamfulle
For Karl-Rune handlar kjenslene hans nettopp om kjensler, ikkje identitet. Han kallar seg ikkje homofil, men «ein som strevar med kjensler for andre menn». Sjølv om han ikkje identifiserer seg med den homofile identiteten som Pride-toget representerer, forstår han godt korleis dei har det.
– Eg veit kva det vil seie å møte angst og depresjon. Å ikkje ville leve lenger. Den konstante kjensla av å måtte gå forsiktig fram, tanken om «er det greitt for meg å vere her?».
– Kunne du sjølv gått i Pride-toget?
– Eg kunne gått i tog for dei som har opplevd skilsmisse. Eg kunne gått i tog for dei som har kredittkortgjeld. For narkomane og prostituerte. Alle desse skamfulle grupperingane som må gøyme seg. Men denne gjengen her er vel kanskje litt overfokusert. Samtidig har eg bestemt meg for å ikkje vere politimann. Vi treng kjærleiksapostlar som kan elske folk heimover og eg er villig til å strekke meg langt for å nå menneske.
– Føler du at Gud har tatt frå deg noko?
– Nei. Eg er ikkje bitter i det heile tatt. Eg har vore framme til forbønn hundrevis av gonger. Alle mine tusen «kvifor» har blitt til «derfor». Eg har blitt skapt til å svare på noko av dette som er krevjande i dag. Eg er ikkje noko offer. Ja, eg har spurt meg sjølv: klarer eg dette livet? Eg forstår så godt viss folk gir opp og seier «Eg er født sånn, så får Gud gjere som han vil, ferdig med det.»
Fann mannen
I den lange prosessen for å sortere sine eigne kjensler, oppdaga Karl-Rune at det blei viktig å kjenne på at han er ein mann. Ein mann som samtidig har rom for den sensitive og kreative sida. Samtidig har han klart å delvis identifisere seg med faren, som han ein gong så tydeleg trengde avstand frå. Det skjedde for to år sidan, då han skulle snakke om livserfaringane sine på ein bibelskule i Tromsø.
I det flyet går inn for landing, ser han ut vindauget. Synet av spisse fjell vekker noko i han. Då den nordnorske dialektmelodien omsluttar han frå alle kantar, blir kjensla stadfesta: Dette er ein del av meg.
– Eg kjende at eg representerte slekta mi, faren min, ein hardhaus frå Tromsø. Det faren flytta frå, kom sonen og tok tilbake ved hjelp av Guds nåde. Det har vore ein reparasjon og ei stor oppleving for meg.
Hamn i stormen
For Karl-Rune er det viktig å møte menneske med eit ope sinn og eit ærleg blikk. Han forstår godt at mange homofile er skuffa over korleis dei har blitt tekne i mot i kristne forsamlingar.
– Fordømming og forakt kan verke mot si hensikt. Vi kan ikkje ha folk som står på ei plattform og dømmer andre nord og ned. Eg har valt mitt liv, og det står eg ansvarleg for. Du står ansvarleg for ditt eige liv, seier han.
Karl Rune meiner at kyrkjelydar burde hatt fleire «nødhamner».
– Det held ikkje med ei gudsteneste ein gong i veka når ein er sårbar. Når folk strevar i ekteskapet, forsvinn dei frå forsamlingane. Dette gjeld altså ikkje berre homofile. Når vi treng kvarandre mest, ser vi kvarandre minst.
– Korleis skal kristne forsamlingar møte unge homofile på best mogleg vis?
– Ein må i alle fall vere utruleg forsiktige med å dømme nokon til helvete. Gjerne fortell om kampar i eige liv, vi strevar alle med vårt. Vi må bryte tausheita for å få noko til å skje. Eg skulle ønske at forsamlingsleiarar kunne seie: «Vi anerkjenner at du strevar med det, får vi lov til å følgje deg og framleis vere din venn?"