Dette blir annleis med Kjersti Toppe som livssynsminister
Varslar meir pengar, men strengare krav til Den norske kyrkja.
Breie smil og lange blikk følgde den ferske statsråden på veg gjennom hotellgangane og inn på opningsmøtet torsdag kveld.
Det er nå det gjeld.
Kjenner presset
– Kva tenker du om forventningane som deler av Kristen-Norge har til deg nå, Toppe?
– Forventningar? Er det sant?!
Statsråden lyser opp.
– Det er jo veldig kjekt då, men gir meg jo litt press på å prestere, seier ho til Dagen før talen til kyrkjemøtet torsdag kveld.
– Kva er hjartesakene dine på livssynsområdet?
– Eg vil ha ei folkekyrkje som er eit lim i alle lokalsamfunn, ei kyrkje som betyr mykje i liva til folk. Det trur eg nok er ei hjertesak for meg.
Forstår misnøya
Stemninga på opningsmøtet til Kyrkjemøte blei god då den ferske livssynsministeren Kjersti Toppe starta talen sin med å fortelje om eigen iver etter å få trus- og livssynspolitikk inn i sin portefølje.
I talen trekte ho mellom anna fram gode rammevilkår for ideelle organisasjonar, som noko som var viktig for henne.
– Den norske kyrkja er sjølve opphavet til at det finst både ein offentleg og ein ideell omsorgssektor, skrytte Toppe til delegatane på kyrkjemøtet.
Likevel sit statsråden i ei regjering som nyleg annonserte at ho vil kutte i skattefrådraget for gåver til frivillige organisasjonar.
– Ja, det var det då. Eg forstår at det er ein del misnøye med det, innrømmer ho overfor Dagen.
– Er det noko du vil kjempe for å reversere?
– Eg må jo vere lojal til regjeringa, så det forslaget får eg akseptere. Så er det opp til Stortinget å bestemme. Men i den runden vi hadde, kjempa eg for at vi ikkje skulle kutte på trus- og livssynsfeltet. Og det vil eg halde fram med.
Meir pengar – og meir krav
Med Toppe som ny livssynsminister blir den finansielle ansvarsdelinga mellom stat og kommunane omtrent som før – men ikkje heilt.
– Staten må i større grad hjelpe kommunane og private kyrkjeeigarar med kyrkjevedlikehaldet, sa ho i talen til kyrkjemøtet.
Men tillegg til meir pengar frå staten kan trussamfunna også vente seg fleire krav.
Dette krev Toppe av trussamfunna
– Endring i trussamfunna må starte innanfrå (…). Men utan krav frå samfunnet, utan eit visst ytre press blir endringane vanskelegare, sa ho vidare i talen.
– På kva område er det trussamfunna treng krav og forventningar utanfrå?
– Det er jo dette representasjonskravet med 40 prosent kjønnsbalanse i administrative styre, altså dei organa som mottar tilskot frå staten.
Toppe har ikkje tru på at trussamfunna klarer å få til reell likestilling utan å stille konkrete krav i lova.
– Vi må vege for og imot religionsfridommen. Men alt i alt vil vi sjå på om vi kan få til noko meir enn det som ligg i trussamfunnslova frå før, sa ho.
– Kvifor blir endringar vanskelege utan press og krav utanfrå?
– Endringar skjer lettare og hurtigare om det er eit visst ytre press. Det har historier på likestillingsfeltet vist oss. Så er det klart at det er forskjell på trussamfunn kor mykje krav dei treng frå samfunnet utanfrå, understrekar ho.
Toppe påpeiker at staten set krav til alle som mottek tilskot, uavhengig av politikkområde, men at det ikkje er hennar jobb å legge seg opp i religionsutøving.
– Vi må sjå på kva krava skal gjelde, og så må vi sjå om det er nokre trussamfunn som har særskilde utfordringar, men det arbeidet er knapt starta enno.
Slik er Toppes draumekyrkje
– Korleis ser folkekyrkja ut når du er ferdig med arbeidet ditt då?
– Då har vi godt vedlikehaldne kyrkjebygg, det er kyrkjer som blir brukte heile veka, og kyrkjer som mange kjenner seg heime i.
– I eit kyrkjelandskap med teologiske konfliktar og tomme kyrkjebenkar, korleis skal du få til det?
– Oppfatninga mi er at i det store og det heile har Den norske kyrkja ikkje dominert av splitting. Det kan vere enkelte vanskelige saker, som får veldig stor merksemd. Eg skal ikkje bagatellisere det, men det der må kyrkja sjølv rydde opp i. Og så har historia vist at ting går seg til.
Folkehelse
Aller helst vil Toppe snakke om det kyrkjene får til. Ho meiner ein undervurderer kor viktig kyrkja er for folk og for folkehelsa.
– Det er fleire som går til kyrkja enn som går på fotballkamp om søndagen i løpet av eit år, poengterer ho.
For den ferske livssynsministeren er det også viktig at kyrkja er meir enn det som skjer på gudstenesta om søndagen.
– Eg skal gjere mitt for å legge til rette for at det lar seg gjere, lover ho.