PREDIKANTAR: Til Visjon Norge inviterer Jan Hanvold forkynnarar frå heile verda. Ifølgje pinseteologar er det einaste dei har til felles at dei er ukjende.

Dette er Visjon Norge-sjefens internasjonale nettverk

Dei siste fem åra har Jan Hanvold invitert sjølverklærte apostlar, profetar og ein mega-pastor til kanalen sin. Men kven er desse eigentleg?

Publisert Sist oppdatert

Ei rekkje internasjonale forkynnarar har gjesta den kristne TV-kanalen Visjon Norge dei siste åra.

Dei er svært ulike, men ifølgje ekspertar har dei alle ein ting til felles.

– Det er ikkje sentrale internasjonale forkynnarar som besøker kanalen, men mindre kjende predikantar. Dei er heller ikkje kopla opp mot sentrale kjende pinsesamfunn eller karismatiske miljø, seier førsteamanuensis Stian Eriksen ved VID vitenskapelige høgskole som er ekspert på pentakostal teologi.

«Profeten»

Dionny Baez har gjesta kanalen kvart år sidan 2017. Han er ein framgangsteolog frå Venezuela som er hovudpastor i H20 Church i Philadelphia i USA. Han er også artist og forfattar.

Det skapte sterke reaksjonar då han førre månad lova Guds beskyttelse mot koronaviruset dersom sjåarane gav 2020 kroner til kanalen.

KORONA: Den venezuelske pastoren Dionny Baez vart rikskjendis i Noreg då han tilbaud beskyttelse mot koronaviruset mot 2020 kroner. Foto: Skjermdump Visjon Norge

– Baez representerer ei ekstrem utgåve av ein herlegdomsteologi som er ganske radikal i utgangspunktet. Det er eit misbruk av tanken om å så og hauste, seier forskingsleiar Karl Inge Tangen ved Høyskolen for ledelse og teologi, som legg til:

– Grunntanken bak å så og høste er frå Det gamle testamentet, men det handlar om å hauste eit godt samfunn ved å leve moralske liv. Det handlar ikkje om ein type betaling for ei teneste frå Gud.

Dette er derimot ikkje første gang han har skapt skandaler på kanalen.

Under eit av møta i 2017 kalla han alle barna i salen til seg medan kanalen var på lufta. Då han bad for dei gav han dei ein dytt i panna og ba dei falle om.

Spesialistpsykolog Kari Halstensen ved Modum Bad kritiserte praksisen og meinte at det kunne føre til frykt og psykiske problem seinare i livet, ifølgje Tv2.

«Apostelen»

Pastorparet Duane og Deborah Swilley gjesta kanalen i 2015, 2016 og 2019. Dei starte opp kyrkja Hope United i Florida i 1995, som gav frå seg pastoransvaret i 2013. Sidan har dei reist rundt som sjølverklært apostel og profet over heile verda.

«APOSTEL»: Duane og kona Deborah Swilley reiser verda rundt som sjølverklært apostel og profet.

Ifølgje Karl Inge Tangen er det ikkje så uvanleg at pinseforkynnarar brukar omgrep som apostel og profetar.

– Det ligg i pinserørsla sitt DNA at alle nådegåver vi les om i Bibelen tilhøyrer kyrkja i dag. Den profetiske gåva er ikkje noko som berre skjedde den gang, seier han.

«Mega-pastoren»

Den amerikanske pastoren og sjølverklærte apostelen Guillermo Maldonado var hovudperson under ei stor mirakelkampanje arrangert av Visjon Norge i Telenor Arena i 2016.

Kampanjen spelte ei sentral rolle i Brennpunkt-dokumentaren «Pengepredikanten». I ettertid har Jan Hanvold møtt Maldonado fleire gangar i USA.

MEGAKYRKJE: Guillermo Maldonado er pastor i megakyrkja Jesus El Rey som har 20,000 medlemmar.

Han er hovudpastor i megakyrkja El Rey Jesus, som held til i Miami i Florida og har omkring 20.000 medlemmar. Både kona Ana og sonen Bryan er tilsett som profetar i kyrkja.

– Maldonado er den einaste av Hanvold sine gjestar som representerer ei større kyrkje og eit nettverk. Han er ganske profilert innanfor det latino-amerikanske karismatiske miljøet, seier Stian Eriksen.

«Helbredelsesforkynnaren»

Den amerikanske mirakel-pastoren Rich Vera besøkte kanalen i 2019 og i januar 2020. Han grunnla kyrkja The Center Arena i Orlando, som er ein «helbredelse- og vekkingsstad med eit apostolisk mandat».

Han har verdsevangelisten Benny Hinn som sin mentor og førebilete, og meiner å kunne gjere folk friske gjennom å dytte folk i golvet eller vifte med jakka si.

– Det er ulike meiningar om å falle til golvet i pinserørsla, sjølv om det er ganske vanleg. Det har blitt akseptert som ein reaksjon på bøn, men det har vore kontroversielt at predikantar dyttar folk, fortel Karl Inge Tangen.

POLITISAK: Då Rich Vera besøkte Visjon Norge for første gang i 2019 vart han meldt til kanalen for demonutdriving.

I mai 2019 gjesta han Visjon Norge og enda opp med å bli meldt til politiet av både Barneombodet og Anders Torp.

Torp meinte at Vera oppfordra til demonutdrivingar på barn.

– Berre fordi du er ein uskuldig fireåring, betyr ikkje dette at demonar ikkje angrip deg, sa Vera under ei av sendingane.

Begge sakane vart henlagt i august same år, og i januar 2020 var han tilbake på kanalen.

«Herlegdomsteologen»

Den nigerianske predikanten Bayo Oniwinde besøkte Visjon Norge i 2015 og 2016. Han fekk stor merksemd for sin herlegdomsteologi, og lova velsigningar mot større pengegåver.

– Gud skal gjere spesielle mirakel i livet ditt. Dersom du gjev førti tusen, seksti tusen eller åtti tusen vil Herrens velsigning kome over heile familien din, sa Oniwinde i 2015.

VELSIGNING: Den nigerianske pastoren Bayo Oniwinde skapte mediestorm då han tilbaud velsigning mot betaling på Visjon Norge.

Dagen meldte også at predikanten lova at alle som gav ein viss sum skulle vere beskytta mot sjukdom det komande året, og at forretningsfolk burde gje 100.000 kroner for at Gud skulle velsigne verksemda deira.

– Oniwinde er ikkje ein sentral person innan nigeriansk pinsekarismatikk. Der er det heilt andre nettverk som står sentrale. Han er derimot ein av mange solo-forkynnarar som har eigne nettverk og «ministries», seier Eriksen.

«Dommedagsprofeten»

PROFETI: Den nederlanske forkynnaren Jan Willem van der Hoven meinte at Noreg var i ferd med å gå under då han besøkte Visjon Norge i 2015.

2. august 2015 hadde Visjon Norge besøk av den nederlandske forkynnaren Jan Willem van der Hoven som anbefalte boka og sa at Noreg kom til å oppleve ei ny tragedie dersom dei ikkje styrka støtta til Israel.

– Dette er den siste åtvaringa. Det kjem ikkje fleire. De vert anten øydelagt, eller så må de ta tilbake Noreg, sa Hoven.

– Eg har aldri vore i nærleiken av noko som Utøya-profetien i pinserørsla, men i det store internasjonale rommet av karismatiske rørsler så kan det meste skje, seier Tangen.

Ikkje svart

Pastor og ansvarleg redaktør Jan Hanvold i Visjon Norge har ikkje svart på Dagen sine førespurnadar om å kommentere saka.

Måndag kveld skreiv han på sin Facebookside at han reknar den sør-afrikanske forkynnaren Rodney Howard Browne og Miami-pastor Guillermo Maldonado som sine «gode vener».

I tillegg skreiv han at han har hatt eit nært venskap til dei avdøde pinseforkynnarane T.L. Osborn og John Osteen i USA.

– Vi er glad fordi vi kan vere i eit apostolisk/profetisk nettverk med pinseforkynnarar over heile verda som lever i vekking. Her hentar vi inspirasjon og fornying, skreiv Hanvold.

Jan Hanvold

Fødd 1951, predikant, medieperson og forretningsmann.

Pastor og ansvarleg redaktør for den TV-kanalen Visjon Norge.

Har skrive tre bøker om seg sjølv og det han meiner er god kristen økonomisk tenking.

Powered by Labrador CMS