Privat
Dette har vore forbode i 25 år, men no er ny urnevegg klar til bruk
Gravferdsskikken er uvanleg i Noreg, men kyrkjeverje trur den er på frammarsj etter lovendring.
I dag skriv Notodden gravplasshistorie.
– Akkurat no handlar det mykje om praktiske detaljar, fortel kyrkjeverje Håvard J. Russnes.
Torsdag fekk han tilbake korrekturen på første namneplate i den historiske urneveggen. Den første urna kan vere på plass i løpet av dei neste tre vekene.