HANDTRYKK: Mike Pence var visepresident for Donald Trump, men har ikkje hatt kontakt med han sidan 2021.
Foto: Jacquelyn Martin / AP / NTB
Dette sa Pence i sitt første møte med Trump på fire år
Den tidlegare visepresidenten var glad for å få helse på sin gamle sjef i gravferda til Jimmy Carter.
Dei to hadde ikkje sett kvarandre sidan Donald Trump forlet Det kvite hus i 2021. Avgangen skjedde etter den dramatiske storminga av Kongressbygningen 6. januar.
Somme av demonstrantane ropte «Heng Mike Pence!» fordi visepresidenten hadde den formelle oppgåva med å godkjenne valsigeren til Joe Biden.
– Høvet til å snakke med presidenten i går var noko eg sette pris på og tok imot, seier presidenten til Christianity Today.