Difor skriv vi om Kvitsund
Mange elevar har hatt det fint på kristen internatskule. Kvifor skal vi då skrive om dei som har anna erfaring?
Vi er mange foreldre over heile landet som har levert ein ungdom ved internatskule i haust.
Åra på kristne skular har betydd mykje for mange generasjonar. Ein har kjent seg sett av lærarar, utfordra til å utvikle talenta sine og fått vener for livet.
Kvifor skal då Dagen skrive om at elevar ved ein av dei tradisjonsrike kristne internatskulane melder frå om utrygt skulemiljø? Og at dei opplever at tilsette ved skulen ikkje har høyrt dei når dei har forsøkt å seie frå?
Vi har opp gjennom åra skrive mange reportasjar frå friskular. Ikkje minst har vi dekka kreative innsamlingar til misjonsprosjekt med hundretusenar av kroner i resultat.
Vi har belyst saker når politikarar vil skru til økonomien eller behovsprøve bortebuarstipendet til internatelevane. Og vi følgjer tett på når det er forsøk på å endre tilsetjingsfridomen på skulane.
Det er pressa si oppgåve å informere om det som skjer i samfunnet. Å avdekke kritikkverdige høve er i kjernen av samfunnsoppdraget vårt. Vi har eit særskilt ansvar for å drive journalistikk på Kristen-Noreg, også når det er kritikkverdige høve vi ettergår.
Denne gongen gjeld det skulemiljøet og historier frå tidlegare elevar på Kvitsund Gymnas. Mange fortel om gode skuleår der. Det er det grunn til å glede seg over. Og det har vi vore nøye med å ha med i saka vår.
Men når det er ein del elevar som fortel om utryggleik, og at dei opplever at mobbing og rasisme ikkje vert slått ned på frå skuleleiinga, er det ei sak vi har prioritert å sjå nærare på.
Som avisredaksjon veit vi at der det er menneske, blir det gjort feil. Det vi ofte ser på, er korleis dei ansvarlege har handtert saka. Har dei oppdaga, gripe inn og iverksett tiltak?
Fylkesmannen har også vurdert skulemiljøet ved Kvitsund etter ein elevklage. At Fylkesmannen har fatta vedtak om at skulen ikkje har gjort det som ein med rimeleg grunn kunne forvente, er ein viktig del av faktagrunnlaget i saka vår.
Vi registrerer også ei sterk nedgang i elevtalet ved skulen dei tre siste åra.
Vi har sjekka: Dei nasjonale fødselstala kan ikkje forklare nedgongen. Vi har sett på alle skulane til Misjonssambandet som tilbyr studiespesialisering og har internat.
Dei aller fleste har stabile elevtal. Nokre har nedgong, men ikkje så stor som Kvitsund. Her har vi ikkje fasiten på årsaka til nedgangen.
Det er det ingen som har undersøkt. Men det fallande elevtalet er ei relevant opplysning, utan at vi kan konkludere med årsaka no.
Vi høyrer innvendingar mot at vi omtalar ei personalsak, der ein tidlegare lærar og miljøarbeidar har fått redusert stillinga si.
Vi har intervjua tidlegare lærar Siri Myklebust, fordi ho er ei relevant og kompetent kjelde i saka. Ho vart ein lyttepost for elevar og tok på seg ansvaret med å seie frå på deira vegne. Så seint som i år vart ho heidra som æresruss av avgangskullet som takk for det ho betydde for elevane.
Fleire har spurt oss: Vil det føre noko godt med seg at Dagen skriv om dette? Vi har i alle fall tru på at det å bringe fakta og historier ut i lyset har ein sterk kime i seg til å kunne bidra til ei opprydning.
Historia har dessverre for mange døme på at ein har late kritikkverdige forhold pågå for lenge, fordi ein ikkje har makta å fange det opp eller fordi ein av andre omsyn har latt vere å ta det på alvor.
Men det er også fleire døme frå Kristen-Norge på at det er ein vilje til å ta tak i vanskelege historier, om enn etter mange år og langvarig press.
Fleire misjonsorganisasjonar fekk for 12 år sidan ein ekstern aktør til å kartleggje korleis misjonærbarn på internat i utlandet hadde hatt det. Ein av lærdomane var at dei ikkje hadde rutiner som fanga opp svikt og problem.
Etter VGTV-serien Frelst, som dokumenterte åndeleg maktmisbruk i JesusRevolution, gjorde Ungdom i Oppdrag for tre år sidan ei kartlegging av korleis stabsmedlemene hos dei hadde hatt det. Kartlegginga vart gjort i samarbeid med Høgskolen Diakonova.
Så ser vi at tidspunktet for saka vår kan vere vanskeleg. Det er berre eit par veker sidan nytt skuleår starta. Det er no dei skal bli kjende og finne plassen sin på skulen og internatet. I tillegg har koronatiltak gjort kvardagen meir tungvint.
Saka vil vere tung for tilsette på skulen.
Foreldre som er langt vekke les dette om skulen.
Vi er kjent med at skulen har informert elevane og foreldre om at det kjem ei sak i Dagen. I dette tilfellet er vi glade for det, for det er betre å vere førebudd på dårleg nytt enn å få det som ei overrasking.
Det er ikkje vanskeleg å forstå at det opplevest vanskeleg med ei slik sak. Samtidig finst det ikkje noko ideelt tidspunkt å kome med dårleg nytt på.
Så vi håper at ein nyttar høvet til å setje elevane si oppleving i sentrum når ein skal handtere denne vanskelege saka vidare.
Er det spørsmål eller kommentarar til saka og korleis vi har løyst henne, ta kontakt!