Dobling i talet på sjølvmordstelefonar – no fryktar Kirkens SOS million-kutt
– Samtalane har blitt lenger og innhaldet er blitt mørkare, seier Karl Dag Bærug, nestleiar i Kirkens SOS Bjørgvin, som no etterlyser meir ressursar.
I januar valde regjeringa å løyve fem millionar kroner ekstra til både Kirkens SOS og Mental Helse sine krisetelefonar. Bakgrunnen var den store pågangen frå folk som søkte hjelp i etterkant av Ari Behns sjølvmord.
No er Kirkens SOS spent på om ekstra-støtta blir vidareført i statsbudsjettet for 2021.
Krisetelefon på heimekontor
Det er stille på vaktrommet til Kirkens SOS i Bergen. Koronaviruset har sendt mange av telefonvaktene på heimekontor og nestleiar i Kirkens SOS Bjørgvin, Karl Dag Bærug, er i dag aleine på kontoret.
– Det er ikkje så stille til vanleg. Vi er som regel to eller tre på vaktrommet, men cirka halvparten av vaktene våra har fått kvalitetssikra heimekontor, seier Bærug.
Då koronaen kom til Noreg oppretta dei raskt eit digitale system slik at vaktene kunne jobbe heime. Det hadde dei aldri gjort før.
– Vi svarar like mange som før koronaen, sjølv om vi har mista cirka 20 frivillige. Det er vi stolte av, slår han fast.
Mørkare innhald
– Kor stort har trykket vore det siste halvåret?
– Vi merka då koronaen slo inn at veldig mange som hadde problem frå før, fekk det enda vanskelegare. Samtalane har blitt lenger og innhaldet mørkare. Talet på samtalar som omhandlar sjølvmord har dobla seg sidan mars, fortel Bærug.
Framleis klarer dei berre å svare 60 prosent av dei som tek kontakt.
Mindre reklame
I utgangspunktet fekk Kirkens SOS 20 millionar kroner på årets statsbudsjett, men med dei ekstra fem millionane enda dei på 25 millionar kroner i 2020.
– Kva er forskjellen på 20 og 25 millionar kroner?
– Det gjer at vi kan bruke mindre tid og ressursar på reklame og innsamlingar, og meir tid på å hjelpe folk som trenger det, seier Bærug.
Dyr satsing
Den digitale satsinga har ikkje vore billig.
Kirkens SOS har hatt som regel at ingen skal vere aleine på vakt. Dei heiv seg derfor rundt og tilsette «bakvakter» som har ansvar for det tekniske og er sosial støtte for telefonvaktene døgnet rundt.
Leiar for Kirkens SOS, Leif Jarle Theis, anslår at bakvaktene og digitaliseringa har kosta organisasjonen fem millionar kroner.
– Underskotet for 2020 er allereie dekka av gåver. Spørsmålet er om vi skal ha råd til å vidareføre den digitale satsinga og auke svarkapasiteten i 2021. Då er vi avhengige av ekstra-løyvingane frå regjeringa, seier Theis.
Digitalt vaktrom
Ekstra-løyvingane frå regjeringa skal blant anna gå til å verve telefonvakter på bygda.
– Vi utviklar no eit digitalt vaktrom slik at også personar som bur utanfor dei store byane, kan bli telefonvakter. Det krev fleire bakvakter som kan følgje dei opp, seier Theis, som anslår at dette vil koste til saman fem millionar kroner.
Det blir neppe noko av dersom løyvingane blir kutta.
Fryktar for tilbodet
Dette uroar helsepolitisk talsperson i Senterpartiet, Kjersti Toppe, som fryktar at regjeringa kan kome til å prioritere vekk ekstra-løyvingane til Kirkens SOS.
– Kirkens SOS har kvart år synleggjort at dei har behov for meir statlege middelar på grunn av presset dei har på ressursane sine. Dei har moglegheitene til å gjere meir på eit viktig område, men løyvingane har stått stille i mange år, seier Toppe, som har bedt helseminister Bent Høie (H) gjere greie for dette i eit skriftleg spørsmål i Stortinget.
Ho viser til regjeringa sin handlingsplan mot sjølvmord som blei presentert tidlegare denne månaden, og meiner at den må følgjast opp med handling.
– Når krisetelefonane er ein del av strategien deira, blir det rart om dei skal kutte i løyvingane. Pandemien gjer også mange einsame, og då tek det seg dårleg ut å svekke budsjettet til krisetelefonane no, meiner stortingsrepresentanten.
Må vente
Helse- og omsorgsdepartementet ønskjer ikkje å kommentere saka, men ber Kirkens SOS om å smøre seg med tolmod fram til statsbudsjettet blir lagt fram i oktober.
– Dette er spørsmål som gjeld statsbudsjettet, og det vert ikkje lagt fram før 7. oktober, skriv statssekretær Inger Klippen (H) i ein kort e-post til Dagen.
– Aldri vore viktigare
På vaktrommet i Bergen håpar Karl Dag Bærug at regjeringa prioriterer krisetelefonane når dei skal forhandle om statsbudsjettet.
– Arbeidet vårt har aldri vore viktigare enn no. Vi har den aller lågaste dørterskelen i samfunnet for folk som treng hjelp, seier han.