LEVERTE VARER: Donald Trump meiner har har gitt kristne store sigrar mellom anna med tanke på religionsfridon og vern om livet.

Donald Trump: – Har gitt kristne meir enn eg lova

Trump presenterte ei lang liste over kva han har levert som president då 100 kristne evangeliske leiarar var inviterte til middag i Det kvite hus.

Publisert Sist oppdatert

Evangelist Franklin Graham, Focus on the Family-grunnleggjar James Dobson og pastor Paula White var blant gjestene på «Dinner in Honor of Evangelical Leadership» tysdag kveld.

– Melania og eg er begeistra for å ønskje dykk velkomne, og dette er veldig spesielle vener av meg, evangeliske pastorar og leiarar frå heile landet, sa Trump.

Han påpeika at Det kvite hus er ein spesiell stad.

– Vi har mykje moro og suksess, sa presidenten.

Han fortalte om vekst i aksjemarknaden, ny respekt for USA rundt i verda og fleire jobbar og fekk applaus.

SJÅ TALEN: Her er Donald Trumps tale til evangeliske leiarar

Saman i bøn

Hovudbodskapen var likevel kva han har gjort på hjartesakene til gjestene.

PASTOR WHITE: Tv-evangelist og pastor Paula White takka president Trump for det han har gjort for kristne hjartesaker og lyste velsigninga over han.

Presidenten takka fleire av dei frammøtte med namn og understreka at han lyttar til råd frå dei. Han nemnde også konkrete ting han har gjort for å stoppe finansiering av abort, sikre trusfridom for arbeidstakarar og arbeidsgivarar, hjelpe forfølgde kristne verda rundt og flytte USAs ambassade til Jerusalem. Det siste utløyste ein av dei kraftigaste applausane under talen.

– Som de veit, har amerikanske styresmakter prøvd å undergrave religionsfridomen. Men åtaka på trusfellesskapa er over. Vi har gjort slutt på det, sa Trump.

Han nemnde også fengselsreform som skal gi kriminelle nye sjansar.

– Vi veit at tru og familie, ikkje styresmakt og byråkrati, står i sentrum for det amerikanske livet. Og vi veit at fridom er ei gåve frå Skaparen vår, sa Trump.

– Saman vil vi løfte opp nasjonen vår i bøn og forsvare livet og for alltid forbli éin nasjon, under Gud.

LES: Utfordrar kristen Trump-entusiasme

Innfridde løfte

81 prosent av kvite evangeliske kristne røysta på Donald Trump i presidentvalet i 2016, ifølgje valdagsmålingar. Dei fleste evangeliske leiarane som har uttrykt sterk støtte til Trump, er også kvite, men ikkje alle. Også nokre farga leiarar var å sjå i forsamlinga. Trump understreka at dei inviterte leiarane var spesielle for han.

– Støtta de har gitt meg, har vore utruleg, men eg kjenner meg verkeleg ikkje skuldig, for eg har gitt dykk mykje tilbake. Bortimot alt eg lova, sa Trump.

Presidenten la til at ein pastor hadde fortalt at oppfyllinga hadde overgått løfta.

– Og eg trur det er sant på mange måtar, sa Trump.

LES: Et forsøk på å løse Trump-gåten

Takka presidenten

Florida-pastoren og tv-evangelisten Paula White bad for maten. Ho har kjent Trump gjennom ei årrekke og har fortalt at ho har ført han til Jesus Kristus. White overrekte ein bibel signert av dei frammøtte leiarane til presidenten og førstedame Malania Trump.

– Vi elskar dykk og ber for dykk, sa White.

I ei felles helsing i bibelen takka dei presidenten for å stå modig opp for religionsfridomen og for å tene alle amerikanarar.

– Vi er takknemlege for prisen de har betalt, siterte White, og fortsette med at historia vil vitne om det storarta han har utretta for generasjonar.

LES: Paula White er Trumps favorittpastor

Møter kritikk

Fleire av gjestene fortalte om kvelden på sosiale media.

Forfattar Eric Metaxas kalla dei ei feiring av det evangeliske bidraget i USA. «Utan evangelikale ville det ikkje vore nokon amerikansk revolusjon, inga rørsle for å avskaffe slaveriet, inga borgarrettssrørsle, ingen Reagan-revolusjon. Det er ei ære å vere invitert. Gud velsigne Amerika», skreiv Metaxas på Twitter.

Den evangelisk kristne historieprofessoren John Fea, som ikkje var invitert, meiner på si side at dette er ei altfor unyansert framstilling av amerikansk historie. Fea var nyleg intervjua i Dagen om boka «Believe Me. The Evangelical Road to Donald Trump». Han meiner middagen er nok eit eksempel på at evangeliske kristne let seg blende av Trump og ikkje ser korleis dette påverkar vitnemålet for den kristne kyrkja i USA.

Powered by Labrador CMS