Drøymer om å gi 16-åringar ny motivasjon
Det er full gass med elevrekruttering, organisering og renovering fram mot opninga av Sjøholt folkehøgskole i august.
Ei sirkelsag kvin skarpt i toppetasjen på det som har vore både husmorskule og vidaregåande skule i sunnmørsbygda Sjøholt. Dei siste ti åra har bygningane ikkje vore i bruk. No er dei i ferd med å bli fullstendig renoverte, samt at det skal byggjast nytt internat i forkant.
Inne og ute er arbeidsfolk i sving med alt frå sparkelskrape til gravemaskinar.
– Det meste her skal vere ferdig til påske, seier prosjektleiar Lars Johan Klokk om hovudbygningen.
På internattomta er berre eit planert område, men Klokk forsikrar om at også dette er i rute. Det kjem i modular som er i produksjon.
Sommarhotell
Klokk plasserer ein hjelm på hovudet og overrekkjer kvar sin til kollega Per Gunnar Hamnøy og Dagen-journalisten. Intervjuet fekk ein pause fordi han vart oppteken i ein viktig telefon med banken.
– Det skal betalast også, seier Klokk med eit smil.
Prosjektet har passert ei ramme på 70 millionar kroner. Men skulegründarane satsar på at skuleanlegget skal vere attraktivt både for kristne stemne og som sommarhotell for turistar.
– Dette blir sommarhotellet med den beste utsikta i landet, seier Hamnøy som har vist veg til balkongen på framsida.
Kvite fjelltoppar tronar langs fjorden som strekkjer seg blå utover frå sentrum. Det ligg nokre hundre meter unna langs slakt skråande terreng.
– Det er fem minutt opp på fjellet med skiløyper og trekk, kort til sjøen og oppi bakkane er det mange fiskevatn, forklarer Hamnøy medan han peiker i forskjellige himmelretningar.
Lang erfaring
Fasilitetane og landskapet er likevel først og fremst tenkt å vere eit miljø der ungdom kan finne eit pusterom mellom ungdomsskule og vidaregåande. Målet er å få 30 til 50 elevar neste skuleår.
Tidlegare var det vanleg at folkehøgskuleelevar var rundt 16 år gamle. Endringar på skulesektoren på 1990-talet førte til at det vart meir vanleg å ta eit slikt år etter vidaregåande. Ei viktig forklaring er Reform 94, som gav rett til vidaregåande opplæring.
– Det er ikkje alle som er motiverte for å starte rett på vidaregåande, konstaterer dei.
Klokk har arbeidd ved Ålesund folkehøgskule sidan 1994, medan Hamnøy har vore ungdomsskulelærar i over 20 år. Før dette har også han jobba i folkehøgskulen.
Etterlyser kulturendring
Ideen om Sjøholt folkehøgskule starta i forbundsstyret til Indremisjonsforbundet allereie for ti år sidan. Organisasjonen er eigar eller medeigar i fleire folkehøgskular, men ønskte å satse på ein variant som treff ei yngre aldersgruppe.
– Tanken var frå starten å bruke dette som ein diakonal skule som har omsorg for elevar, seier Klokk.
– Betyr det at de særleg rettar dykk mot ungdom som har ein utfordrande situasjon, eller er det ungdom i denne aldersgruppa generelt?
– Den vil vere for denne aldersgruppa generelt, seier Klokk.
– Det er ei kulturendring som må til, held Hamnøy fram.
Han meiner mange ungdommar opplever eit aukande press med krav og målingar som gjer at altfor mange mister trua på eige evner og talent.
Får sjølvtillit
– Det kan høyrest ut som eit krevjande prosjekt?
– Det er det, men vi veit vel kva vi går til, seier Klokk og viser til at dei begge har lang erfaring med å drive skule for ungdom.
– Som ungdomsskulelærar har eg hatt linja arbeidslivsfag. Eg ser kva det har gjort med ungdom å få kome ut i arbeidslivet ein gong i veka og få skryt for det dei kan få til. Det er det mange som ikkje får så mykje av, seier Hamnøy.
– Festreise
Hamnøy starta nettopp i jobben, men har vore engasjert av prosjektet lenge.
– Det har vore ei festreise, seier han.
Velviljen har vore stor frå det lokale nærings- og organisasjonslivet. Alt frå lokale næringslivsaktørar til skyttarlag og golfklubb har helsa skulen velkomen.
– Ein av naboane her veit nesten ikkje kva godt han skal gjere for oss, seier han.
Velvilje for skuleslag
Noko av jobben til Hamnøy er å ringje ungdomsskular og vidaregåande skular frå Førde til Trondheim for å fortelje at dei startar opp.
Han legg ikkje skjul på at han hos nokre kan merke ein viss skepsis. Sjøholt folkehøgskole vart gjenstand for kritisk mediemerksemd på grunn av verdidokumentet til skulen.
Som verdidokument ved dei andre skulane til Indremisjonsforbundet, fastheld det at ekteskapet er ei ordning for éin mann og éi kvinne.
– Men når eg forklarer at det er ein folkehøgskule på linje med andre dei kjenner til, snur stemninga fort, forklarer Hamnøy.
Han fortel at det er utfordrande å vite korleis ein skal marknadsføre slik at det treff best.
Musikkbehov
I toppetasjen er det eit rom med panoramautsikt der det også skal kome eit lite amfi med mellom anna morgonsamlingar.
– Her må vi få inn eit skikkeleg piano, seier Klokk til Hamnøy.
– Har vi tilsett nokon som kan spele piano, spør Hamnøy.
Klokk dreg på det.
– Kanskje. Vi må ha nokon som har lett for å rykkje ut med gitar eller piano.
Omsorg i høgstetet
Dei fortel at det har vore stor interesse for å jobbe ved skulen.
– Det er ei veldig artig aldersgruppe å jobbe med. Dei kjem med heile seg, seier Hamnøy.
– Korleis skal elevane merke at det er ein kristen folkehøgskule?
– Først og fremst ved at vi viser omsorg, seier Klokk.
Han understrekar at formidling av kristen tru må skje med respekt og på ein lyttande måte.
– Dersom dei møter omsorg her, kan det vere at dei etter kvart tenkjer over om det kan vere noko i det vi trur på også, seier Hamnøy.