For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

DUGNADGJENG: Ivrig dugnadsgjeng på Fiskarheimen på Røst: f.v. Bjarne Sagstad, Jan-Tore Sandøy, Gerhard Vik, Ingolf Solsvik og John Njøten.

Dugnad lyftar Havly på Røst

Eit omfattande opprustningsarbeid gjev Fiskarheimen Havly på Røst eit stort lyft. Dugnadsfolk frå Hordaland innreier loftet med åtte overnattingsrom.

Publisert Sist oppdatert

– Då Ingolf Solsvik og eg og var her oppe under Lofotsesongen i fjor, tenkte vi at dersom vi klarte å få til fleire rom, ville det vere med å gje eit betre økonomisk grunnlag for heilårsdrifta.

Det seier Gerhard Vik til Dagen Magazinet.

Dei to karane frå Øygarden såg kor mange fiskarar som vitja Havly, og at det også var mange pårørande som ville treffe sine.

– Fiskarheimen vart opprusta i 2000 og 2001 på ein svært bra måte, men vi tykte det var gale at loftsetasjen skulle stå uinnreidd når det var så stort behov for overnattingsplassar på vinteren og ikkje minst på sommaren.



Stor innsamling

Dei to pensjonerte byråkratane sette i gong ein innsamlingsaksjon saman med den Indre Sjømannsmisjon. Etter kvart kom der inn rundt ein halv million kroner. Dei to karane fekk då med seg handverkarane Per Edvardsen og Torleif Sætre på dugnadsarbeidet. Og i løpet av 14 dagar hadde dei grovinnreidd seks rom.

I år har dei fått med seg fleire andre personar. Det er mykje arbeid for å stette både brann- og lydkrav, og for å gje romma hotellstandard. No er fleire i sving med sparkling og måling og liknande.

Røyrleggjarar og elektrikarar er leigd inn, men dugnadsarbeidet gjer at prosjektet vert rimelegare enn dei 1,5 millionar kroner det elles ville ha kosta.

– Mange har vore flinke til å gje til prosjektet, men vi manglar enno 300.000 til 400.000 kroner for å kome i mål.



Meir pengar og dugnad

Vik fortel at dugnadsfolka i denne omgang vil avslutte til påske. Men før dei nye romma kan takast i bruk, må det lagast eit nytt inngangsparti fordi det er så verhardt. Dersom det kjem inn nok pengar, kan dette kanskje gjerast i mai eller juni. Med dei nye romma vert det plass til 30 overnattingsgjester.

– Her er mykje folk som vil overnatte. På denne tida av året er det folk frå Fiskeridirektoratet, Oppsynet, journalistar og andre som vil oppleve Lofotfisket på sitt beste. På sommarstid er det ein god del turistar.

Havly på Røst er den største operative fiskarheimen. I hamna kan det liggje opp mot 500 båtar, og på enkelte søndagar får heile 200 personar middagen sin på Havly.

– Eg synest det er meiningsfullt at vi kan vere med å bidra til å gjere dette til ein endå betre fiskarheim der folk kan trivast både materielt og åndeleg, seier Vik.


Powered by Labrador CMS