MAKTKAMP: – Når eg veit at Open folkekyrkje finst, så veit eg at det er der eg høyrer heime. På lista til nominasjonskomiteen står folk som meiner ulike ting, og det kan gå føre seg ein skjult maktkamp, seier Oddny Miljeteig.

– Eg er ikkje i kyrkja for å forandra, men fordi eg trur på Jesus

– Det er noko veldig heimsleg med trua mi, seier SV-politikar Oddny Miljeteig (64). No er ho meir enn klar til å stå på for Open folkekyrkje.

Publisert Sist oppdatert

– Eg er oppvaksen i det som folk vil kalla eit bedehusmiljø sjølv om bedehuset heime var skulestova. Kanskje seier det noko om ei kvardagstru som naturleg høyrer med. Eg har hatt mitt ungdomsopprør mot tru, men kven det var mot må fuglane vita, byrjar Oddny Miljeteig på sitt fargerike vis.

SV-politikaren er kvit i håret og raud i kleda. Ho har vore ein bauta i Bergen og ei mor i SV. No, når det er like før ho er ferdig med bypolitikken, har ho takka ja til å stå på lista til Open folkekyrkje i Bjørgvin. Det skal vera hennar plattform for å engasjera seg i kyrkjepolitikken dersom ho vert valt.

– Når trua gjennomsyrer eit samfunn, er det lett å sjå at folk ikkje lever som dei lærer, men eg har aldri vore heilt vekke frå trua, seier ho.

Vippepunkt

Ho veit ikkje heilt når det skjedde, men på eit tidspunkt vart tru og håp viktige. Kanskje var det då ungane var små og var med i kyrkjekor.

– Då vart det meir og meir naturleg å søkja kyrkja og gå i kyrkja.

Ho veit at det var eit eller anna vippepunkt då ho tenkte at ho var ein kristen.

– Ein gong på 80-talet, då eg jobba for Blindeforbundet, var det ei gammal prestefrue som bad for meg. Det gjorde meg veldig godt. Det er noko heimsleg med trua mi. Eg kan ikkje seia at eg vart omvend då eller då, konkluderer Miljeteig.

Sjukdom

I åra med kreftsjukdom førte ho i ein periode lange, trygge samtalar med Gud kvar kveld. Men ho var også så utmatta iblant at ho ikkje fekk til å be.

– Eg trefte Marita Moltu på Rådhuset og sa det til henne. Då såg ho fast på meg og sa: «Men det er ikkje du som skal be no. Det er vi!»

Orda til politikaren i Partiet De Kristne gjorde godt.

Då ho var på det mest elendige, meiner Miljeteig at ho kunne kjenna at folk bad for henne.

– Ein gong var eg så oppriven inne i meg. Eg var så angstfull.

Ho knipsar med fingrane.

– Så var det nett så det var vekke. Då tenkte eg: No må du ringa til Trygve Birkeland for å høyra om han har bedt.

Ho landa på at KrF-politikaren nok hadde gjort det.

– Bibelorda poppar opp

– Kva relasjon har du til Bibelen?

– Det er litt løye. Eg er ikkje flink til å lesa i Bibelen, men eg kan jo masse frå barndomen. Eg tykkjer at bibelorda poppar opp i kvardagen min.

– Du sa i eit tidlegare intervju at du var ein elendig kyrkjegjengar. Kvifor er du det?

– Det står framleis ved lag. Når eg no stiller til val, burde eg gå meir til kyrkje enn eg har gjort. Det skal eg gjera når eg ikkje er heiltidspolitikar lenger.

Miljeteig ser seg tilbake:

– Eg er ikkje oppvaksen med å gå i kyrkja kvar sundag. Eg har også hatt det travelt. Men eg høyrer på gudstenester og andakter på radio, noko eg også har med meg heimefrå.

– Lengt etter Jesus

– Kva del av programmet til Open Folkekyrkje er det viktigast for deg å arbeida for?

– Eg er overbevist om at mange går med ei lengt etter Jesus. Å opna kyrkja kan høyrest ut som ein floskel, og kan vera det. Eg håper det ikkje er ein unnskyldning for meg sjølv. Eg bannar jo til og med. Høgt. Men eg tenkjer det, at når skrøpelege meg får lov å kjenna at eg er eit Guds barn, så kan det kanskje gjera at andre tenkjer: «Ja vel, kan ho, så kan eg».

– Kva ville du ha sagt om dei hadde spurt deg om å stilla til val på lista til nominasjonskomiteen?

– Når eg veit at Open Folkekyrkje finst, så veit eg at det er der eg høyrer heime. På lista til nominasjonskomiteen står folk som meiner ulike ting og det kan gå føre seg ein skjult maktkamp. Det kan det jo på kvar liste, men her institusjonaliserer nominasjonslista maktkamp, vil eg nesten seia.

– Har tru på opne samtalar

– Med Bønelista og Open folkekyrkje, som har kvart sitt program, vert kyrkja i større grad ein politisk arena. I kva grad er det ei god utvikling?

– Djupast sett trur eg at det her og no er godt med den opne framferda som dette gir. Eg har tru på opne samtalar i det verdslege demokratiet, men òg i kyrkja. Det er fryktelig mykje nytt for kyrkja no, valdsame omveltingar, men sett i ljos av det synst eg at ho har vore god på det.

– Det kan vera vanskeleg for aktive kyrkjefolk at det kjem personar inn i kyrkjestrukturen med ein agenda om å endra noko som dei ikkje finn grunnlag for å endra i Skrifta, slik tilfellet var med saka om samkjønna vigsel. Kanskje er dei ikkje så aktive i kyrkja heller, dei som kjem inn. Kan du forstå deira utgangspunkt?

– Ja, det trur eg at eg gjer. Eg har hatt kristne rundt meg heile livet som har vigd deler av livet sitt på heiltid eller deltid til å forkynna. Eg forstår at det kan vera vanskeleg når det kjem folk - vi kan ta meg som eit døme og treng ikkje gå lenger - som kjem durande og vil ha eit godt ord med i laget. Men eg er ikkje i kyrkja for at eg vil forandra, men fordi eg trur på Jesus. Eg har først og fremst trua mi, ikkje ein agenda. Samtidig er det nokon som har oppdaga frigjeringsteologien som kan føra til ein ny dimensjon i kyrkja og dei kristne miljøa utover landegrensa.

– Gje oss over

– Du er oppteken av å opna kyrkja. Men mange kristne hugsar skriftordet som seier at «trong er den porten og smal er den vegen som fører til livet». Dei er redde for at dei kan føra folk vekk frå trua dersom dei ikkje heldt fast i Ordet slik det står og er lydige mot det så godt dei kan. Kan du forstå den frykta?

– Du har den smale vegen, men du har òg nåden. Eg er så imponert over nåden! Eg veit ikkje om nokon religion som har noko liknande. Ein skal gjerne ikkje vera så redd for ikkje å få ting til å hengja saman slik at vi kan forstå. men meir gje oss over til nåden. Sjølv om vi har fått Bibelen og alle utleggingane og alle spaltene som er skrivne, så tenker eg at vi må passa oss så vi ikkje gjer Gud for liten. Vi er menneske, men Gud er Gud. Ting er ikkje alltid laga slik at vi kan begripa oss på dei.

– Enkelte som les dette, vil visa til verset i Johannes evangelium: «Elskar de meg, så held de boda mine»?

– Vi må prøva å gjera det gode. I det ligg også boda, tenkjer eg. Vi må hugsa på at Gud sende sin eigen son for å døy for oss og syndene våre. Der ligg Guds uendelege kjærleik overfor mennesket, og det må vi ikkje gløyma. Gud elskar oss på godt og vondt. Kanskje er det eit paradoks i det, eller så er nåden der fordi vi ikkje strekkjer til. Nåden er jo også litt av ei rettesnor i medmenneskeleg samkvem.

Bok

– Er du motivert for oppgåva dersom du vert valt?

– Veldig! Eg har tenkt at eg vil gjera noko i kyrkja når eg er ferdig som lokalpolitikar.

– I oktober kjem det bok om deg på Samlaget, skriven av journalist i Bergens Tidende, Kjersti Mjør. Kan du avsløra noko derifrå?

Oddny Miljeteig ler godt.

– Det kjem i alle fall svar på eit spørsmål som eg har fått mange gonger, og det er om eg har gøymt asylsøkjarar.

Oddny Miljeteig

64 år, politikar for SV.

Etter ei lang karriere i bergenspolitikken vart ho i 2015 vald til nestleiar i SV.

Trakk seg frå vervet i 2017 på grunn av helsemessige grunnar etter kreftsjukdom.

Kjelde: Wikipedia
Powered by Labrador CMS