TREDJEMANN: Som speaker i Representanthuset er Mike Johnson nummer tre på maktstigen i USA, etter presidenten og visepresidenten.

– Eg er resultatet av ein uplanlagd graviditet

Speaker Mike Johnson talte då demonstrantar deltok i March for Life i Washington D. C.

Publisert Sist oppdatert

Den årlege marsjen vart fredag arrangert for 51. gong. Dei kom frå heile USA og var både unge og gamle, ifølgje amerikanske media.

TRUFAST: Det er 51. gongen det vert arrangert March for Life i Washington D. C.

Slagordet var «With every woman, for every child» (Med kvar kvinne, for kvart barn».

– Eg er resultatet av ein uplanlagd graviditet, sa Johnson ifølgje World Magazine.

Takksam til tenåringsforeldre

Republikanaren frå Louisiana tok over som speaker i Representanthuset i oktober i fjor etter mykje støy rundt kven som skulle fylle vervet.,

– Foreldra mine, som berre var tenåringar på den tida, valde livet. Og eg er djupt takksam for at dei gjorde det, sa Johnson.

SYMBOLSK: Høgsterettsbygningen i den amerikanske hovudstaden er blitt eit viktig symbol i abortkampen.

Arrangementet vart avslutta med bøn ved California-pastoren Greg Laurie og kona Cathe. Dei vart kjende for eit norsk kinopublikum i fjor gjennom filmen «Jesus Revolution», der dei er sentrale personar.

Høgsterettdom vart omstøytt

Tidspunktet for den årlege marsjen er valt på grunn av høgsterettsdommen Roe vs. Wade i 1973. Den slo fast at retten til abort er grunnlovsforankra og dermed måtte gjelde i alle dei 50 delstatane i USA.

I juni 2022 vart dommen omstøytt. Det skjedde etter at Donald Trump hadde fått utnemnde tre høgsterettsdommarar og vippa fleirtalet i kollegiet på ni personar i konservativ retning.

No er det opp til kvar einskild delstat å avgjere kva abortlov dei skal ha.

Framleis kamp om abort

21 delstatar har forbode abort eller sett grensa tidlegare enn det som var standarden i høgsterettsdommen, skriv New York Times.

AKTIVIST: Abortkampen samlar menneske på tvers av alder, kjønn og hudfarge.

Abortlover er stadig eit stridsspørsmål i USA.

– Vi er ikkje ferdige. Vi vil halde fram med å marsjere kvar januar på eit nasjonalt nivå, såvel som i statane våre, til nassjonens lover reflekterer den grunnleggjande sanninga at alt menneskeliv er skapt likeverdig og fortener vern, sa March for Life-president Jeanne Mancini ifølgje NPR.

Planlegg å røyste på Trump

Donald Trump, som ligg an til å bli republikansk presidentkandidat igjen i november, har gitt inntrykk av at han synest ei abortgrense på fem eller seks veker er for streng. I eit valmøte i Iowa tidlegare i januar sa Trump at han støttar unnatak for valdtekt, incest og når livet til mora er i fare. Men han la til at abortsaka ikkje er ei politisk vinnarsak og sa: «Du er nøydd til å vinne val», skriv CNN.

FORBØN: Dan Beazley frå Michigan ber med deltakarar i marsjen. Han bar med seg ein diger trekross langs løypa.

Somme av dei frammøtte uttrykte likevel forventning om at Trump vil føre ein politikk mot abort same kva han seier om saka.

– Eg trur Trump er ein realist på den måten at det finst eit segment i landet vårt som trur at det ikkje bør vere grenser for det, og eg trur han meiner det også bør vere den siste utvegen, sa Dawn Hogan frå Pennsylvania til CNN.

Ho jobbar ved eit krisesenter for gravide og har planar om å røyste på Trump.

Powered by Labrador CMS