Jubilant: – At ein er seg sjølv, det er godt nok det, seier Jon Eikemo. I dag fyller han 80 år.
Beate Haugtrø / NPK
– Eg har vore heldig
I desse dagar blir skodespelar Jon Eikemo 80 år. Karrieren starta for om lag 60 år sidan, etter at han forstod at pakkeluka på postkontoret ikkje var hans kall i livet.
– Eg var i pakkeluka på postverket og det syntest eg var så keisamt. Eg hugsar at eg gjekk heim frå jobb og tenkte at eg måtte finne på noko anna. Så hadde eg høyrt at det var noko som heitte Statens teaterhøgskole, fortel skodespelar Jon Eikemo til Nynorsk pressekontor.
Det var kimen til ein snart 60 år lang karriere som profesjonell skodespelar. Eikemo har sidan debuten i 1961 vore tilsett på seks av dei største teaterscenene her til lands. Han har fått Norsk kulturråds ærespris, for å vere både ein skodespelar, revyartist og litteraturformidlar som har nådd eit breitt publikum over heile landet med kvalitetskunst, og for å representere heile breidda av kunstnarlege uttrykk i nynorsk scenekunst, frå Bertolt Brecht til Jakob Sande.
Men tilbake i 1958 hadde ein ung Eikemo akkurat fullført realskolen og flytta frå Åsane utanfor Bergen til hovudstaden for å jobbe på posten. Faren ville at han skulle komme i ein trygg jobb. Men sansen for å underhalde hadde vakna allereie da han gjekk realskolen og det var underhaldning på kveldane.