ANDAKTSSTUND: Olly og Sigurd Langehaug sit klar og ventar på morgonandakten.
Odd Mehus
– Eg slo på NRK, og det var ei banning utan like. Men ein fire minuttar lang andakt tålest ikkje
For ti år sidan var desse pensjonistane to av fleire hundre tusen. I dag tilhøyrer dei ei langt mindre gruppe som høyrer radioandakt kvart over åtte.
Sigurd Langehaug har skifta kanal på DAB-radioen. Mesteparten av morgonen lyttar han til distriktssendinga på NRK P1, men både han og kona Olly vil ha med seg eit gudsord inn i kvardagen.
Andakten gjekk tidlegare på hovudkanalen P1, men blei i fjor flytta over på den smalare P1+. NRK omtalar den som «ein kanal for vaksne, tradisjonssøkjande lyttarar».
Tal Dagen har innhenta frå statskringkastinga, tyder på flyttinga frå P1 har ført til eit stort fråfall av folk som lyttar til nokre av dei mest typiske kristne programma. (Sjå faktaboks.)