– Eg trur verkeleg at Gud er på vår side
Den karismatiske predikanten Paula White-Cain ynskjer at Donald Trump skal bli verande ved roret.
President Donald Trump nytta høvet til å rose kristne støttespelarar og hylle det amerikanske militæret då han lanserte «Evangelicals for Trump» i Florida på fredag.
Den karismatiske predikanten Paula White-Cain, som i haust fekk jobben i Det kvite hus med å koordinere samarbeide med trusbaserte organisasjonar, introduserte presidenten.
Ho fortalte om kontakten som var oppstått mellom etter at den dåverande forretningsmannen ringde etter å ha sett henne på kristen-tv for snart 19 år sidan. Ho beskreiv det som eit stort privilegium at ho har fått høve til å plassere mange truande rundt han og sjå at han er blitt USAs 45. president.
– Det som skjer, har aldri skjedd tidlegare. Gud er i arbeid, det er heilt sikkert, sa ho.
White-Cain karakteriserte presidenten mellom anna som ein fantastisk far, ein fryktlaus leiar og ein modig mann.
– Han er ein patriot. Dersom du kuttar han, vil han blø raudt, kvitt og blått, sa ho.
– Han er ein vinnar. Han er ein mann som elskar Gud, tru, familien, menneske og mest av alt: Han står sterkt for Amerika.
– Trengde ikkje predikant
Den karismatiske predikanten Jentezen Franklin, som har gjesta Livets Ord i Sverige, var ein av dei som bad for Trump.
– Vi omvender oss frå personlege synder og nasjonale synder, og vi ber audmjukt om at du velsignar nasjonen vår og presidenten vår, Donald Trump, bad Franklin.
– Eg takkar deg for at Amerika ikkje trengde ein predikant i Det kvite hus. Det trengde ikkje ein profesjonell politikar i Det kvite hus. Men det trengde ein fighter og ein forkjempar for fridom, og Herre, det er akkurat det vi har.
Franklin trekte mellom anna fram at Trump var «lidenskapeleg for å stoppe nådelause drap på dei ufødde».
Takka støttespelarar
Trump takka fleire av dei evangelikale støttespelarane sine ved å nemne dei med namn, mellom andre Paula White-Cain, Focus on the Family-grunnleggjar James Dobson, evangelist Franklin Graham og pastor Robert Jeffress.
– Dette er ei av dei viktigaste grasrotrørslene i amerikansk historie, «Evangelicals for Trump», sa presidenten.
Han meinte resultata dei evangelikale har oppnådd med han som president, har overgått det nokon trudde var mogelege. Mellom anna trekte han fram Israel, abort, høgsterettsdommarar, muren mot Mexico, kampen mot terror og religionen sin plass i samfunnet.
– Eg trur verkeleg Gud er på vår side, sa han.