MØTTE OBAMA: Joe Biden fotograferte Eric Metaxas saman med Barack Obama i samband med den nasjonale bønefrukosten i 2012.

– Eg vil gladeleg døy i denne kampen

I intervju med Donald Trump forsikra den kristne forfattaren Eric Metaxas om at Gud og Jesus står med i kampen om Det kvite hus.

Publisert Sist oppdatert

Lørdag er det mobilisert til «Jeriko-marsj» i Washington D. C. og delstatshovudstadane i fleire amerikanske vippestatar.

«Vi trur på ein stor og mektig Gud som kan flytte fjell, avsløre korrupsjon og gjenopprette rettferd. Vi trur på ein Gud som gjer mirakel», heiter det i ein informasjonsvideo om markeringane som er lagd ut på Youtube.

USA i vegkryss

I videoen vert det hevda at «dei mest korrupte kreftene i Amerika og utanlands, og deira konspiratorar i media og big tech» har prøvd å forteie konservative røyster, både i valet 3. november og i den offentlege debatten.»

«Vi er i eit vegkryss. Ein av vegane fører tilbake til våre grunnleggjande judeokristne prinsipp: Kjærleik til Gud, livet, fridom, rettferd, lov og orden. Den andre vegen fører til sosialisme, globalisme og øydelegging», vert det hevda.

Snart avgjort

Bakgrunnen er at valmannskollegiet med 538 medlemer på måndag skal peike ut den neste presidenten i USA.

Etter fleire søksmål og omteljingar det framleis ikkje skjedd endringar i det som var status nokre dagar etter presidentvalet 3. november: Joe Biden har 306 valmenn og Donald Trump 232.

Talte til Obama

Somme hevdar likevel høglytt for at Biden har juksa seg til sigeren. Blant dei er fleire kristne Trump-støttespelarar. Og nokre av desse heiar fram marsjane som i dag skal gå gjennom amerikanske gater.

Ein av dei er forfattar og radioprogramleiar Eric Metaxas. Han har skrive ei rekke bøker for både barn og vaksne, mellom anna biografiar om William Wilberforce, Dietrich Bonhöffer og Martin Luther.

Tre av bøkene til Metaxas er komne ut på norsk. I 2015 talte han på Oslo Symposium.

Gjennombrotet sitt for eit breiare publikum fekk Metaxas då han var talar under den årlege nasjonale bønefrukosten i Washington D. C. i 2012, der Dagen var til stades. Like ved han på podiet sat både dåverande president Barack Obama og hans visepresident Joe Biden.

TALAR: Eric Metaxas vart kjend for eit større publikum etter talen ved bønefrukosten i 2012. Mellom han og Obama sit Jeff Sessions, som seinare vart Donald Trumps første justisminister.

President som gjest

Under valkampen i 2016 nølte Metaxas med å stille seg bak Trump. Gradvis er han blitt ein av dei mest kompromisslause forkjemparane for presidenten.

– Eg vil gladeleg døy i denne kampen, forsikra han Donald Trump då presidenten deltok i radioprogrammet hans nyleg. ( Sjå opptak på Youtube.)

– Dette er ein kamp om alt. Gud er med oss. Jesus er med oss i denne kampen for fridomen, sa Metaxas.

Kulturkrig

Fleire har vore forbløffa over utviklinga til Metaxas.

– Eg trur det er eit adrenalinrush eller ein dopamin-«hit» knytt til å engasjere seg i fullskala kulturkrigar, som elles ettertenksame sjeler på begge sider av det politiske spekteret kan verte rusa av, seier Phil Vishcer til Religion News Service.

Han har skapt den kristne teiknefilmserien VeggieTales og hyrte Metaxas til å skrive episodar tidleg i karrieren hans.

– For somme er livet berre verdt å leve når «Amerikas sjel» står på spel. Og sjela til Amerika står alltid på spel, seier Vischer.

Sjel på spel

Då Dagen møtte Metaxas i radiostudioet hans i New York i 2016, sukka han over at folk «ikkje ser kva som står på spel».

– Det dreiar seg om framtida til republikken, sa Metaxas i intervjuet.

Den gongen åtvara han om at Hillary Clinton som president ville verte «ei så øydeleggjande kraft» for landet.

– Uheldigvis er vi i ein situasjon der religionsfridomen blir utfordra i USA, for første gong på 230 år. Vi må sørgje for at det ikkje skjer, sa han.

Spår Trump-siger

No fører forfattaren kampen for ein ny Trump-periode både i sosiale media og gjennom radioprogrammet sitt. Etter valet har Metaxas invitert til ein serie digitale bønemøte.

– Du vil ikkje tru bønene som gjekk opp, sa Metaxas til Trump.

På Twitter har Metaxas spådd at Trump vil bli innsett på nytt og at mange vil hamne i fengsel fordi dei har prøvd å stele eit amerikansk val.

Får motbør

Den evangelikale kommentatoren Michael Gerson, som var taleskrivar for George W. Bush då han var president, meiner Metaxas gjer seg til «cruisedirektør» for det synkande skipet til Donald Trump.

«Metaxas ser ut til å vere ein mann som er gripen av ei mektig vrangførestilling. Og det endar opp med å gi næring til tvil på sjølve religionen», skriv Gerson i Washington Post.

I staden for å gå så sterkt i forsvar for Trump, rår Gerson Metaxas til å tenkje over kva advent handlar om.

«Bodskapen i denne høgtida som gir mest tryggleik, er at det ikkje er avhengig av oss at håpet finst. Det er ikkje avhengig av at vi er fromme eller kloke. Det vert gitt oss frå ein annan stad».

Powered by Labrador CMS