OPPHAV: Ut frå både personleg og profesjonell erfaring er psykolog Marit Johanne Bruset blitt oppteken av at born har rett til å kjenne det biologiske opphavet sitt.

– Eggdonasjon kan ha utilsikta følgjer for born

Psykolog som har kjempa for hjelp til ufrivillig barnlause, ber politikarane tenkje seg om.

Publisert Sist oppdatert

Ap, SV og Frp har vorte samde om endringar i bioteknologilova som mellom anna omfattar eggdonasjon og opning for kunstig befruktning for einslege kvinner. Forslaga skal opp til votering i Stortinget 26. mai.

– Eg har sjølv opplevd å vere ufrivillig barnlaus, seier Marit Johanne Bruset.

På første halvdel av 1980-talet var ho mellom dei første som fekk tilbod om befruktning ved hjelp av prøverør i Trondheim. Ho var også med på å ta initiativ til den lokale foreininga for menneske i denne situasjonen.

Dra opp stigen?

Eigen bakgrunn medverka til at Ålesund-psykologen lenge vegra seg for å delta i debatten om kva hjelp staten skal gi til menneske som ikkje kan få barn på ordinært vis.

– Eg kjende ein veldig lojalitet til dei som opplevde det same. Det kunne framstå som å dra opp stigen etter seg, seier Bruset.

– Spring frå etikken

Diskusjonen om bioteknologi har ho følgd tett i nesten 40 år. I den same perioden har ho arbeidd klinisk på barnefeltet og som barnefagleg sakkyndig i rettsysstemet. Ho vart også adoptivmor.

– Eg har sett kvar det kan gjere med born å ha mista foreldre eller ikkje kjenne dei biologiske foreldra sine, seier Bruset.

Dermed kom ho etter kvart til at ho har eit ansvar for å fremje perspektivet til borna. Det saknar ho i den politiske debatten.

– No er det som om teknikken og politikken er i ferd med å springe frå etikken, seier Bruset.

– Bryt med barnekonvensjonen

Ho viser til at FNs barnekonvensjon i 2003 vart ratifisert og gjort til norsk lov. Denne slår fast at born har rett til å kjenne det biologiske opphavet sitt og rett til å få omsorg frå foreldra sine.

– Det er oppsiktsvekkjande at nokre av dei same politikarane som gjekk inn for dette, seier at denne retten ikkje skal gjelde lenger, seier psykologen.

Når likestilling vert nytta som argument, fryktar ho at neste steg kan bli einslege menn vil krevje rett til born.

– Då ligg surrogati der som ei utfordring, seier ho.

Spør etter opphav

– Men det vert gjerne argumentert med at born som blir med hjelp frå helsevesenet, er sterkt ønskte og at foreldra har sterk motivasjon for å gi dei ein god oppvekst?

– Sjølv kor ønskt ein kan vere, trumfar ikkje dette alle omsyn. Sjølvsagt er det ein fordel å vere ønskt, men i tenåra er biologisk opphav eit viktig tema for mange born, seier Bruset.

Ein slik gryande lengt merka ho også hos dottera som ho og mannen adopterte frå utlandet då ho var tre år gammal, men som døydde av ein uoppdaga hjarte- og lungesjukdom for fem år sidan.

– Eggdonasjon vert jo også samanlikna med adopsjon?

– Dei som gjer dette, avslører kor lite dei har forstått av barnets interesser. Adopsjon har barnets behov som utgangspunkt. Eggdonasjon har det stikk motsette, det tek utgangspunkt i ønska til vaksne, seier ho.

Rett til mor og far

Bruset meiner barneperspektivet er blitt mykje svakare i debatten sidan 1980-talet.

– No vert det ikkje sett som så viktig om du har mor og far. Medmor kan erstatte far, tenkjer ein. Men mor og far har forskjellige funksjonar Det er ikkje likegyldig kva kjønn omsorgspersonar har.

– Men somme innvender at mange i dag veks opp berre med mor eller far, og at det går fint?

– Sjølvsagt er det mange einslege foreldre som gjer ein kjempeinnsats. Det handlar ikkje om omsorgsevne, same kva legning du har. Men det handlar om at eit barn treng begge deler. Hovedskilnaden er om eit barn har ein forelder fordi livet er blitt sånn, eller om vi som samfunn i utgangspunktet tek frå dei retten til å ha mor og far.

Barneindustri

– Somme vil også argumentere for at dette er internasjonale trendar der det er viktig at Noreg ikkje berre er ein bremsekloss, men gir eit godt tilbod på ein trygg måte?

– Vi kan ikkje la oss styre av alt som er tillate internasjonalt. Då kunne ein berre opne for surrogati, seier Bruset.

– Som land har vi hatt ei restriktiv haldning. Slik har vi sjanse til å medverke til å skape haldningar internasjonalt. Der er barne- og fertilitetsindustrien ei kjempeutfordring, seier ho.

Samanliknar med adopsjon

Stortingsrepresentant Nicholas Wilkinson (SV) stiller seg uforståande til kritikken frå Bruset.

– For oss i SV var det viktig å få eit nasjonalt registreringssystem som sikra at barn som er blitt til ved eggdonasjon, skal få informasjon. I nokre land får borna aldri informasjon om kven som har donert egg. I vårt sorlag skal ikkje paret velje ei kvinne som skal gi egg, men borna vil få informasjon. Borna skal få vite at dei er unnfanga ved donasjon, seier Wilkinson.

– Forstår du uroa hennar for at det vert uklart om barnets opphav?

– Informasjonen om dette vert sterkare. Ved sæddonasjon har aldersgrensa for å få vite dette vore 18 år for borna. No vert grensa 15 år, seier han.

– Men eggonasjon inneber likevel at barnet ikkje får oppseding av den biologiske mora si?

– Då er det same spørsmålet som å adoptere born.

STØRRE OMSYN: Stortings-representant Nicholas Wilkinson (SV) meiner bioteknologiforliket tek vare på interessene til både born og kvinner.

– Einaste alternativ

– Men Bruset innvender at ein ved adopsjon tek utgangspunkt i behovet til barnet, medan eggdonasjon inneber å ta utgangspunkt i ønska til vaksne?

– Nokre kvinner har til dømes hatt kreft og har dermed ikkje egg, men kan få barn ved hjelp av eggdonasjon. For meg blir det litt rart å tenkje at eit barn bør få oppseding av dei biologiske foreldra sine når alternativet er at dei ikkje ville levd. Det er denne sjansen dei har, seier Wilkinson

Han poengterer at det for SV har vore viktig å ivareta kvinners interesser.

– Det skal aldri vere ein marknad med kvinnekroppen. No skal det vere altruistisk eggdonasjon, seier han.

– Men Bruset fryktar at altruistisk surrogati kan vere neste steg når det er likestilling som er argumentet?

– Det er heilt feil, seier Wilkinson.

– Vi får fleirtal for å jobbe mot surrogatiindustrien. Vi vil alltid jobbe mot kommersialisering på dette feltet, seier han.

Powered by Labrador CMS