- Ei handling av høg etisk verdi

Nestekjærleik og solidaritet med folk som lir ligg til grunn for lover om aktiv dødshjelp, ifølgje ein av forfattarane av den belgiske lova.

Publisert Sist oppdatert

Aktiv døds­hjelp er «ei hand­ling av høg etisk verdi», der­som legen føl­gjer visse ret­nings­lin­jer.

Det mei­ner ein av for­fat­ta­ra­ne av den bel­gis­ke lova for aktiv døds­hjelp er Etien­ne Ver­me­ersch, pro­fes­sor eme­ri­tus i fi­lo­so­fi ved Ghent uni­ver­si­tet i Ne­der­land.

I 2004 skreiv han ei ut­grei­ing kalla «Den etis­ke og his­to­ris­ke bak­grun­nen for den bel­gis­ke og den ne­der­lands­ke lova», som ligg på nett­sida hans.

Der legg fi­lo­sofi­pro­fes­so­ren til grunn at «moral nød­ven­dig­vis end­rar seg med ut­vik­lin­ga på det øko­no­misk, so­sia­le, kul­tu­rel­le felta i sam­fun­net».

Tre prin­sipp

Ver­me­ersch viser til tre vik­ti­ge prin­sipp for lo­ve­ne som han kal­lar «ver­di­ar i ut­vik­ling»:

* En­kelt­per­son­ars rett til å be­stem­me over seg sjølv (auto­no­mi)

* Neste­kjær­leik og so­li­da­ri­tet

* Plik­ta til å be­skyt­te alle vesen mot ska­der og li­din­gar.

Moral i end­ring

Vi­da­re pei­kar han på at se­ku­la­ri­se­rin­ga og for­bru­kar­men­ta­li­te­ten har ført til ei tru på at kvart men­nes­ke har rett til å jakte på lukka her og no, og unngå mei­nings­laus smer­te og li­ding.

For de­bat­ten om eu­ta­na­si var det vik­tig at pa­si­en­ten fekk ret­tar og ein ster­ka­re stil­ling i for­hol­det til legen, sær­leg når det gjeld smer­te og li­ding, skriv Ver­me­ersch.

På dette grunn­la­get bør legen gi aktiv døds­hjelp når han møter ein men­talt oppe­gå­an­de pa­si­ent som lir enormt under ein ulækje­leg sjuk­dom, og som ber legen om å av­slut­te livet hans, seier Ver­me­ersch.

DAGEN

Liberalisering av dødshjelp

Luxembourg og tre amerikanske delstater har også lovar om aktiv dødshjelp.

I Sveits er assistert selvmord lovleg.

Lovforslag om aktiv dødshjelp og assistert selvmord er frem- ma i Storbritannia, Tyskland og Frankrike.

Powered by Labrador CMS