- Ei handling av høg etisk verdi
Nestekjærleik og solidaritet med folk som lir ligg til grunn for lover om aktiv dødshjelp, ifølgje ein av forfattarane av den belgiske lova.
Aktiv dødshjelp er «ei handling av høg etisk verdi», dersom legen følgjer visse retningslinjer.
Det meiner ein av forfattarane av den belgiske lova for aktiv dødshjelp er Etienne Vermeersch, professor emeritus i filosofi ved Ghent universitet i Nederland.
I 2004 skreiv han ei utgreiing kalla «Den etiske og historiske bakgrunnen for den belgiske og den nederlandske lova», som ligg på nettsida hans.
Der legg filosofiprofessoren til grunn at «moral nødvendigvis endrar seg med utviklinga på det økonomisk, sosiale, kulturelle felta i samfunnet».
Tre prinsipp
Vermeersch viser til tre viktige prinsipp for lovene som han kallar «verdiar i utvikling»:
* Enkeltpersonars rett til å bestemme over seg sjølv (autonomi)
* Nestekjærleik og solidaritet
* Plikta til å beskytte alle vesen mot skader og lidingar.
Moral i endring
Vidare peikar han på at sekulariseringa og forbrukarmentaliteten har ført til ei tru på at kvart menneske har rett til å jakte på lukka her og no, og unngå meiningslaus smerte og liding.
For debatten om eutanasi var det viktig at pasienten fekk rettar og ein sterkare stilling i forholdet til legen, særleg når det gjeld smerte og liding, skriv Vermeersch.
På dette grunnlaget bør legen gi aktiv dødshjelp når han møter ein mentalt oppegåande pasient som lir enormt under ein ulækjeleg sjukdom, og som ber legen om å avslutte livet hans, seier Vermeersch.
DAGEN