BIBELUNDERVISNING: Bibelutleggelse og ungdomsarbeid er to viktige på Berøa Langåker der Jostein Høyvik, Ottar Brekkå og Karl Brekkå er blant lederne.

Ei øy prega av mange vekkingar

Mange bølgjer med kristen vekking og mange markante lokale kristenleiarar har sett eit spesielt preg på kristenlivet på Karmøy.

Publisert Sist oppdatert

– Det er eit stort pluss på Karmøy at kristne har kunna stå skulder ved skulder, seier Johan Halsne.

Han arbeider som krinsleiar på Sunnmøre for Indremisjonsforbundet, men kjem frå Rogaland. Sidan starten av 1980-talet har han halde kontakt med kristne på Karmøy.

– Eg opplever at det er eit lynne som er til å kjenne igjen langs kysten, enten ein er på Flekkerøy på Sørlandet, på Sunnmøre eller på Karmøy. Menneske er opne for å vise kjensler og har ein direkte omgangstone med blanding av humor og alvor, reflekterer Halsne.

Djupe spor

Dei andre områda har også vore prega av kristne vekkingar, men på Karmøy meiner han desse har gått endå djupare, pågått opp i nyare tid og sett meir langvarige spor.

– Ein har også klart å drive det kristne arbeidet med ei form som har generert nye truande, påpeikar han.

Engelsk inspirasjon

Eit av bedehusa han har halde kontakt med, er Berøa Langåker. Det ligg nokre kilometer sør for Åkrehamn.

På dette bedehuset har dei vore opptekne av å ta vare på åndelege impulsar frå ein lågkyrkjeleg «reformert» tradisjon som har stått særleg sterkt på Karmøy.

Historisk har dette straumdraget til ein viss grad henta inspirasjon frå dei engelske Plymouth-brørne i England.

Dei var kjenneteikna av personleg vekkingsliv, ein enkel kyrkjeorganisasjon, sterk tillit til Bibelens bokstavlege inspirasjon og forventning om Jesu snarlege gjenkomst i lys av bibelske profetiar. Dei har også distansert seg frå ei luthersk forståing av nattverd og dåp.

Kjende forkynnarar

Forkynnarar som Angus MacKinnon og Joseph Adam var mykje brukte som talarar i forsamlinga. Angus MacKinnon busette seg etter kvart på Langåker.

– Vi praktiserer både vaksendåp og barnedåp, opplyser styreleiar Ottar Brekkå som har teke plass i stolradene i det moderne bedehuset.

– Grunnen til at det heilt frå starten av har vore to dåpssyn i forsamlinga, er nok at «brødrene» og blant andre Adolf Bjerkreim såg ulikt på dette, forklarer Brekkå.

Den i si tid landskjende forkynnaren Adolf Bjerkreim (1887-1963) og seinare sonen Arnold Bjerkreim (1924-2016) var bibellærarar som sette preg på Berøa og fleire andre kristne miljø på Karmøy og langs kysten, mellom anna gjennom det «frie bibelkurset» som har vore arrangert årleg på forskjellige stader langs kysten.

Satsar på unge

Medan typiske møteveker er blitt sjeldnare mange stader, held Berøa Langåker fast på møtehelger omlag tredje kvar helg.

– Vi mister noko viktig når vi ikkje har kontinuerleg og gjennomgåande forkynning. Det vert eit underskot på undervisning frå Guds ord, seier Johan Halsne som ofte har vore gjestetalar på Berøa Langåker.

Dette året er Karl Brekkå eittåring på bedehuset samstundes som han er andreårsstudent ved Bildøy Bibelskole.

– Vi har fått fart i ungdomsarbeidet igjen, etter å ha slite lenge med at det har vore lite folk, seier han.

– Det er mange som er engasjerte i barne- og ungdomsarbeid, og at det er godt oppmøte på sundagsskulen og på ungdomsmøta, fortel Ottar Brekkå.

Dei er overtydde om at det å nå ungdommen med forkynning er ein nøkkel til å nå både foreldre og born.

Stor breidde

Dei færraste i forsamlinga er medlemer i Den norske kyrkja.

– Vi ser på oss sjølve som ei «frimenighet», men samtidig er vi ein del av bedehuslandskapet. Vi høyrer ikkje til nokon organisasjon eller kyrkjesamfunn, men vi har tradisjon for å invitere forkynnarar frå Norsk Luthersk Misjonssamband, Evangelisk Orientmisjon, Indremisjonsforbundet, Lys over land og De Frie Evangeliske Forsamlinger.

Tidlegare hadde dei ofte besøk av fokynnarar som reiste utan tilknytning til nokon organisasjon, men dei er det ikkje mange igjen av no.

– Er det aktuelt å få ein eigen pastor?

– Eg trur ikkje vi har økonomi til det. Det har ikkje vore eit tema, seier Ottar Brekkå.

Powered by Labrador CMS