JA: Camilla Økland Algrøy har takka ja til ei livslang oppgåve.
Foto: Bjørn Olav Hammerstad
- Ei rolle Gud har kalla oss til å gå inn i
Å påta seg rolla som fostermødrer har gjort livet deira rikare.
Kvar månad møtest dei for å dela livets gleder og utfordringar med kvarandre. Dette har dei gjort i snart 10 år.
Janne Mari Aase Nilsen, Irene Belt Friborg og Camilla Økland Algrøy har til felles at dei er fosterforeldre og kristne.
- Ynsket om å bli fostermor har eg kjent på sidan eg var jentunge, seier Janne Mari Aase Nilsen.