Ei spesiell bibelhistorie

Tittelen «Den skjulte skatten» har ein dobbelt botn.

Publisert Sist oppdatert

Anmeldt bok:

Hans Johan Sagrusten

Den skjulte skatten

Historien om Aslak Bolts bibel

Verbum 2017

Hft. 224 sider

-------

Det finst ein del svært gamle bøker, og bøker med ei svært spesiell historie. Her i landet er det nok «Aslak Bolts bibel» som toppar den historia, og det er den mystiske historia til denne bibelen Hans Johan Sagrusten gjev oss i denne boka.

Tittelen «Den skjulte skatten» har ein dobbelt botn. Bibelen var lenge bokstaveleg talt skjult, og det av alle stader i muren til Nidarosdomen. I tillegg har historia til bibelen i stor grad vore skjult, men no prøver Sagrusten å av dekka denne.

Erkebiskop

Der Sagrusten hevdar at han «beviser» kva som har skjedd, synest nok eg meir han sansynleggjer eller viser korleis det kunne ha skjedd. Rett nok brukar han mange spesialistar på området for å få fram fakta, og som hjelp til å dra slutningar.

I dette arbeidet trur eg Sagrusten gjer seg meir naiv og mindre kunnskapsrik enn han faktisk er. Ein del av dei kyrkjehistoriske opplysningane er nokså kjende, men når ein kjem inn i detaljane rundt denne bibelen er her nok mykje nytt stoff.

Aslak Bolt, som bibelen er knytt til, var ein kjend biskop og erkebiskop på 1400-talet, men bibelen stammar ikkje frå han. Det er sannsynleg at «Aslak Bolts bibel» vart produsert ved ei skrivestove i Paris rundt 1250. Bibelen er den best bevarte boka vi har her i landet frå før reformasjonen, og ho er rekna for å vera Noregs vakraste bok.

Kyrkjehistorie

Sjølv om eg nokre gonger synest Sagrusten overdriv spenninga og det nye i historia, er soga om denne bibelen spennande. Dessutan lærer vi mykje om biblar, bøker og bokproduksjon opp gjennom tidene.

Her er også spennande kyrkjehistorie, ikkje minst knytt til det som skjedde ved reformasjonen. «Aslak Bolts bibel» har gjennom snart 800 år vore mange stader og gjennom mykje dramatikk, så det er nesten som eit under at han har overlevd – og det i god stand.

Dette er på fleire måtar ei artig og spennande bok. Dessutan er det ei lettlesa bok, som samstundes med spenninga gjev interessant kunnskap.

Powered by Labrador CMS